Forfattar.net skal gi grundige presentasjonar av utvalde forfattarar. Her finn du kunnskap om både forfattaren og forfattarskapen. Målgruppa er skuleelevar, studentar og andre litteraturinteresserte.
Blant anna vert det her publisert artiklar, biografiske tekstar, bibliografi, bokmeldingar og utdrag frå personlege brev og dagboknotater frå forfattarane sine liv. Sentralt på nettstaden er også lydfiler, filmkutt og bilete av forfattaren.
Forfattar.net er utvikla av Norsk Plan. |
Det er dei enkelte forfattarorganisasjonane som eig sidene. Rasmus Løland - markeringa 2007 - 2011 og Haugesenteret er først ute med forfattarsider for Rasmus Løland og Olav H. Hauge. Våren 2010 publiserer også Garborgsenteret sine nettsider om Hulda og Arne Garborg.
Det varierer noko frå forfattar til forfattar om ein kan bruke det publiserte stoffet. Men i hovudsak er det ikkje lov å laste ned bilete eller anna materiell frå forfattar.net. Ynskjer du å bruke noko av det publiserte stoffet er det fint om du tek kontakt med judith@norsk-plan.no. |