|
søndag 30. september 2007 04:36 |
| Biografien om Rasmus Løland skriven av Ernst Berge Drange kom ut våren 2007. Ved boklanseringa fortalde Drange om arbeidet med biografien: ”Eg har levd med denne mannen i over eit år, gjennom side etter side med dagboknotat - tusenvis av små sider - gjennom aviser og gjennom brev. Eg har fryda meg over gutedagane hans på Løland. Eg har fortvilt i lag med han i den lange sjukdomstida hans i Hylsfjorden, eit tiår i sukk til Gud, gråt og bøner om eit betre liv. Eg har forundra meg over det opplyste bygdesamfunnet han var ein del av, med lesing både av alle slags aviser og all den nye litteraturen, norsk som utenlandsk, og spontane kveldsete-litteratur-seminar. Eg har lete meg imponera over at han aldri gav opp. Eg har gledd meg med han over responsen han etter kvart byrja få frå utanverda, den første boka i 1891 og positive meldingar, blant annet av det gode menneske fra Jæren, Arne Garborg, men òg av danna bergensarar og gamle bohemar. Eg har undra meg – i lag med samtida hans - over hans dugleik som sjelegranskar, psykolog. Eg har gått med han over Haukeli til hovudstaden og fylgd spora hans der, som einsam ungkar utan jentelukke, hans status som naturreint førebilete for unge målmenn, hans uredde engasjement som skribent i avisa Den 17de Mai for det norske språket, demokratiseringa av samfunnet og oppløysinga av unionen. Eg har fylgd trushistoria hans frå ein from ung mann i ein seinhaugiansk tradisjon til fritenkjar og darwinist og trua på vitskapen som den ultimate religion. Eg har ergra meg med han over jentene - at ikkje det skulle være ei som kunne sjå og prøva å finna meir ut av denne rare og merkelege mannen. | Eg har irritert meg over at han sjølv skulle vera så firkanta, vera så fullt og heilt den han var, det som sette han på eit sidespor i forhold til rørslene han var ei del av. Eg har irritert meg grundig over at han ikkje kunne ha sete seg litt i posisjon - prøvd å finna den lyse og lette pulsen i bondeungdomslaget og målrørsla. Måtte han så sterkt forfekta fritenkjarstandpunktet sitt? Samstundes har eg fryda meg over gleda hans over å formidla ulike typer stoff for barn, slik han sjølv hadde hatt sine store opplevingar med Allmuevennen i eigen barndom, og eg har sett hans barnlege glede over arbeidet med Kvitebjørnen, boka som kom ut året før han døydde, ei lindring i gode barndomsopplevingar før sjukdommen igjen tok han, og denne gongen - døden. Eg har storleg respektert livssynet hans som innebar det daglige arbeidet som livets meining, arbeidet for å gjera menneskesamfunnet og menneskekåra betre, ei plikt alle har på seg etter evne og mulegheiter. Eg har levd med i gleda hans over å få seg eige hus i Asker, med gode naboar og ein økonomi som etter kvart hadde kome over kneiken. Eg har sete på sjukesenga hans saman med Hulda Garborg og høyrt han fortelja om livet sitt. Eg har græte for han inn i dei siste dagane som ein einsam hann av manneætta, inn i dødens rom utan prest og utan kyrkja si fred, utan trua på eit betre liv på den andre sida. 46 år. Eit halvt levd liv. Rasmus Løland sin livsveg var tung, men han fikk utretta mykje. Han gav oss den realistiske barneforteljinga, forteljingar som fengslar born den dag i dag, men han har òg lete oss få oppleva korleis det er å vera eit menneske, det å stå på i livet sitt og aldri gje opp.” |  |
 |
|
Sist oppdatert måndag 04. august 2008 05:43 |