Klassikarar i ny drakt PDF Skriv ut E-post
søndag 30. september 2007 06:09

rlDet Norske Samlaget kom i fjor med nyutgjevingar av tre av Løland sine barnebøker: ”Gutar” vart lansert i mai, medan både ”Kvitebjørnen” og  ”Kvar vart det av jula?”  kom ut hausten 2007.

- Det er viktig at språket er tilgjengeleg for born samstundes som ein beheld innhaldet, seier Ragnfrid Trohaug, redaktør for barne- og ungdomsavdelinga i Samlaget. Ho er klar over at somme vil reagere på at ein moderniserer språket til Løland, men understrekar at poenget er å få nye lesarar til Løland sine tekstar.

- Siste utgåve av Løland som vart gitt ut på Samlaget, kom i 1978, seier Trohaug.



Med ny språkdrakt og nye illustrasjonane ynskjer Åshild Irgens og Arnt Birkedal lesaren velkommen inn i bileta og forteljinga.

I følge Trohaug er Løland moderne i måten han skildrar barnepsykologi på, samstundes som tekstane hans er ein nøkkel til å få forståing om gamle tider.
- Men alt skal ikkje vera forståeleg, seier Trohaug. Born treng å strekka seg etter noko, held ho fram.

rl
Gutar
Gutar er eit utval av Lølands beste for born. Forteljingane handlar om gutar. Dei handlar om eventyra gutane Pål, Andres, Kolbein og Gunnar legg ut på.
Her er mellom anna forteljinga om den ulovlege fisketuren, om kniven som forsvann, eit stort nashorn, ein isfoss og om korleis det er å miste nokon ein er glad i. I tillegg har denne boka med historier om andre gutar, nemleg historiene ”Hunden og katten”, ”Nils som gjekk til skogs” og ”guten og grisen”.
rl
Det store nashorne
(...)
”Kva er det der?” kviskra han.
No såg dei det alle: borti furuhagen nedanfor dei stod der noko svart som ruvde så stort mellom trea. Dei hadde ikkje sett lenge på det før det laga seg til eit digert dyr både med hovud og føter, og på nasen hadde det eit tryne eller horn som gjekk langt som ein staur bort mellom furuene. Dei stokk så det gjekk kaldt gjennom dei.

 

rlDå ho bestemor fall frå
(...)
Utpå hausten hadde ho bestemor teke til å skranta. Ho kom sjeldnare og sjeldnare ut og var ikkje oppe anna enn ei stund midt på dagen. ”Det er alderen som tyngjer,” sa ho når gutungane kom innom til henne. Og dei tenkte aldri på at det kunne vera noko anna heller, for ho prata og fortalde og var kvikk som før, og det var liksom slik det skulle vera at ho var litt puslet og skral, tykte dei. (...)

Det var så underleg den dagen presten skulle koma, det var mest som ein sundag, endå det var midt i veka. Gutane i austre-stova hadde måtta vaska seg og byta klede, og då gutane i andre stova såg dei, gjekk dei og ville få på seg sundagstrøyene, dei òg. Og det fekk dei.
Så kom presten køyrande. Han hadde svart frakk på seg, og høg hatt. Dei ville nok fælt gjerne følgja med på det som hende, men dei ville ikkje vera i vegen. Så dei kom seg opp i ein glugge oppi sauehuset og stakk hovudet ut der alle saman. Dei såg så vidt at presten gjekk med briller, men før dei fekk sjå noko meir, hadde han alt gått inn i bestemorstova, og døra gjekk att etter han.
(...)


rlIsfossen og vårblomen
Hadde isfossen sett diger ut då dei stod heime, så var det ingen ting mot då dei kom opp til han. Fjellet var innholt bak han, så han stod eit heilt stykke utifrå det, og han var så fælande stor og høg og tjukk. Men han var nok ikkje så sterk som han såg ut til, likevel, for då dei skulle til å sjå, så fossa bekken ned inni han og hadde ete han reint hol. Det var berre som eit skal att av han. Dei vågde først slett ikkje å gå borttil han, han kunne vera truande til å detta ned kva tid som helst. (...)

Share/Save/Bookmark
Sist oppdatert tysdag 27. april 2010 07:42