|
Av: Rasmus Løland Breidabliks Julenummer 1896 Eg sit aaleine paa det vesle romet mit inne i byen. Det er haustdag, fin og blank og still som det berre kan vera um hausten. Sol inn gjenom rutorne, sol i det gulgraae lauvet paa eit tre utanfor. Dette ljoset og stilla vert meg altfor sterkt. Det kjem med som mange hugsviv. Eg gløymer det eg skulde skriva paa og sit med eit og tenkjer paa, at no er det haust vest i alle fjordarne og. No stend skogen gul i haustsol uppetter alle liar og fjell; bjørki drys gult lauv utyver alle strenderne, og lauv flyt paa fjorden. Men ospi høgt uppe mot himmelbrynet – ho stend altid i flokkevis - skjer i det brune, og raunen er heilt raud, lauvet brunraudt, bæri ljosraude... Med eit skjer det ein lang ljod inn i stilla. Det er kyrkjeklokka nedi næraste kyrkja. Og eg høyrer paa ljoden, at det maa vera gravringjing. Eg gjeng burt aat vindauga og ser ut. Jau det er som eg hadde tenkt: det er der. Framfor eit lite hus burti den tronge gata ligg litegrand granbar, og eit lite likfylgje kverv burt upp mot kyrkjegarden. Eg vart standande og stirde ut i det gulgraae lauvet paa treet..So det skulde gaa den vegen med han so snart. Ja sjølvsagt maatte det gaa den vegen. Kva veg skulde det elles ha gjenge? Det laag som utanpaa han alt ifjor, at han maatte ha tæring i vente. Han var so hol yver brystet, augo var sjuklege, og andlitet som var innringa av eit bustutt svart skjegg var graableikt. Det var visst nettupp det som gjorde, at eg kom til aa leggja merkje til han og verta litt kjend med han. Eg vilde so gjerne faa vita litt fraa dei plassar der han livde livet sit. Daa eg saag han att for ein maanad elder tvo sidan, bar han alt daudarmerkje paa andlitet, og no hadde nokre faa vikors lega gjort resten. Meir skulde der ikkje til. Nei, som ventandes var. Var det nokon stad bakteriarne ikkje hadde mykje aa slaast med, so var det i eit bryst som der. Det var som utset til yngleplan for dei. I tri mansaldrar hadde ætti soge inn dumba og vond luft og fenge bleikt blod i fabrikkarne derburte. Hjaa honom var det visst bleikt alt fraa fødsla, og resten hadde livet paa metalfabrikken derburte gjort. Han var berre gutungen, daa han maatte byrja der; stor husleiga og lite aa liva av, so alle hender maatte grava det dei kunde. Og daa han ein gong var komen der, laut han vera der. Han kunde ikkje noko anna, hadde aldri i sit liv set noko anna, dugde ikkje til noko anna. Han var som trollbunden til desse kalde maskinerne. Til han sjølv vart som ein part av dei. Dag ut og dag inn det same. Aar ut og aar inn det same. Ikkje eit umskifte. Jau kanskje daa han gifte seg: fraa daa laut han stræva endaa meir for aa klara seg – til den dagen bakteriarne hadde gjort sit verk, so han orka kje meir. Og i dag putta dei han i jordi. Plassen hans ved maskinerne var alt for ei heil tid sidan utfyllt av ein annan, og alt gjekk sin jamne gang som ingenting var. Ikkje dusti umskifte gjorde det. Der var berre vorte ein meir millom alle dei daude maurarne uppi kyrkjegarden. Um nokre faa aar hugsaar vel ingen, kor han ligg. Det gror so fort yver alt i byen. Og um ti aar finst det kanskje ingen paa fabrikken, i heile byen, nokon stad, som hugsar, at denne arbeidsmannen nokon gong hev livt. Livt? Hev han nokon gong livt? Hev han nokon gong kjent livsens friske straum i bringa? Er det eit liv, det der? Dei siste tonarne fraa kyrkjeklokka døyr ut, og eg tykkjer det skjelv ein saar klang i dei. Eg er hugsjuk, og tanken flyg rædd fraa alle dei tusund av stupte maurar uppi kyrkjegarden – flyg rædd heim til dei stille fjordar, der det no er solgul haust, der smaahusi stend inni vikarne, uppi bakkarne uppi skogen, høgt upp mot himmelbrynet. Dei hev sit slit der ogso – herregud ja. Dei trælar, dei lid ofta vondt, dei hev kanskje daarleg mat – og kanskje berre fillor aa klæda seg i. Men - dei hev daa guds fagre sol og regn yver sitt arbeid. Dei hev den friske luft og dei friske vindar. Dei hev fjellet, fossarne, vidderne. Dei hev skogen som sprett um vaaren, men no glimar i gult. Dei hev engjerne, fjorden, snøen, uveret, stormen. Dei hev heile guds underlege skaparverk. Kva verd hev alt det for dem, som maa træla og grava aaret rundt for maten? – som maa lida vondt i uver og storm? meinar du. Kva ser han av alt det? Nei kanskje...Men tak berre fraa han alt det: tak og riv han upp med rot og set han inn i dumbutte maskinrom, i skitne gator, i skitne folke – “kuber” – er det ingenting for han daa helder? Hev han ikkej livt litegrand lell, han, naar han vert boren ut or si vesle stova, boren ut i den svarte kista og samlast med sine fedrar paa den stille bygdekyrkjegarden? Hev ikkje soli lyst for han og lauvet blenkt grønt og gult for han? - Klangen er burte, men enno er eg ikkje fri han. Han ljomar enno i øyre medan eg stirer burtyver mot dei myrke fabrikkarne. Dei vert meg til slutt til store, firkanta troll med lange rader av myrke augo, troll som liver av menneskeblod. Og for kvar gong dei hev soge blodet og livet av ein maur og den livlause hamen vert kasta uppi kyrkjegarden – sender dei ut i verdi ein forunderleg lang ljom. Men sume seier, at denne ljomen ikkje kjem fraa dei; han kjem berre fraa kyrkjeklokkorne.
 |