Sjølvbiografi PDF Skriv ut E-post
søndag 30. september 2007 07:06

rlLøland skreiv ”livssoga” si i løpet av 12-13 dagar i desember 1896. Han startar med orda:

” Naar eg her skal til aa skrive upp eit og anna um meg sjølv, saa maa ein stødt hugsa paa, at dette er hastverksarbeid”.

I blada midt på 1890-talet var det vanleg å ”portrettera” kjende menn. Slik var det både i Den 17 Mai og i ungdomsblada Unge Skuld og Breidablik. Dette var minibiografier med portrett, eit foto, som blikkfang. I ei annonse i ungdomsbladet ”Unge Skud” i 1896, vert det reklamert med at dei skal koma med portrett av mellom andre Rasmus Løland. Men denne skrytesjangeren fekk Rasmus Løland til å tenkja ein del. Og ut på nyåret skreiv han ein dag:

Tenkte paa kols eg sko skriva levnetsbeskrivelse; fek vont i haave av dæ.”

Dette plaga han. For dersom han skulle portretterast i avisene, skulle det som sto der, vera sant og ærleg, og dessutan skulle det vera rett.” (Frå ”Rasmus Løland, Barnebokpioneren fra Ryfylke” av Ernst B Drange)

Om sjølvbiografien skriv Drange: ”Det vart eit ærleg og usnobbet dokument. I høve til dei siste litterære trendane inneheldt sjølvbiografien både naturalisme og sjelegransking. Forfattaren skriv usminka om fysisk sjukdom og tungsinn og like tydeleg om angst, maniar og djuptgåande vrangførestellingar og tvangstankar.”


Sitata nedanfor er henta frå Rasmus Løland sine eigne handskrivne notat, som i dag er å finna på Nasjonalbiblioteket.


rls 1
Naar eg her skal til aa skrive upp eit og anna um meg sjølv, saa maa ein stødt hugsa paa, at dette er hastverksarbeid. Eg skriv det ned som det fell seg, utan kladd og utan vøling paa stilen. Livet mit er fatigt paa ytre ”hendingar”. Det vert altso ikkje mykje av det slaget.
Eg er fødd paa garden Løland i Sand i 1861. (Eg ser av ”Breidablik” at eg skal vera fødd den 24de mai; um dette er rett veit eg ikkje. Foreldri mine lagde ikkje merkje til slike smaating, og eg hev aldri fenge meg til aa gaa inn til presten og spyrja.)

s 3
Eg veit ikkje av nokon stad, der det er so underleg stilt og longt.




rls 3
Midt i tunet stend den gamle budi som er nemd i ”Breidablik”. Utvendes er ho heilt ”modernisert” – paa den daarlege vis det er. Innvendes er heile veggjerne yvermaala med rosor og bilæte. Maalingi er berre hundrad aar gamal; men huset sjølv er mykje eldre. Ingen veit, naar det er bygt.

s 5
Det er i det heile all naturi ikring som hev vore mine beste vener og kameratar baade daa eg voks upp og sidan. Difor tykkjer eg, at eg altid vert framand for den som ikkje kjenner denne naturi.



s 6
Ætti høyrde til dei ”beste”, som det nemndest daa, og slike ætter heldt seigare en andre fast paa odelsjorderne sine.

s 6 - 7
Men elles var det slettikkje boklege kunskaper som sermerkte ætti. Det mest sermerkte ved mange av dei var ein sterk hug til aa samla eigendom og vera ”bausafolk”. Bestefar min (Lars heitte han) og endaa meir bror hans som budde paa Bjerga lenger inne i fjorden, var ”kaksar” i bygdi, og hadde grave saman mange pengar. Men ”kaksar” paa desse kanter er ikkje det same som paa Austlandet. Det er berre dei fyrste millom likemenn.

s 7
Det er elles aa nemna at folket innetter Hylsstrandi hev havt ord for aa vera litt stive og umedgjerlege. Nokoslags ”vekkjelse” hev aldri fenge rett tak der; berre einkvar mannen hev vorte ”med bønefolki”, medan vekkjingsriderne kan ha gjenge hardt kringum i grannekrinsarne. Hylsfjorden hev difor eit stygt ord paa seg hjaa alle lækpreikarar. Krangel og juristeri hev der vore ein heil del av. Dette trur eg kjem seg noko av, at folket frametter tiderne hev vore meir sjølvberga en mange andre stader; den eine vilde daa ikkje fira for hin.
{mospagebreak}
s 7, 8, 9, 10
Far min, han heitte ogso Lars, var ein stillfarande og smaalaaten mann. Han var mest aldri med i lag og leik daa han voks upp. Etter han vart vaksen kjøpte han seg ein liten geografi; det var nok den fyrste ”verdslege” boki som kom der paa garden. Sidan fekk han fat i Aalls umsetjing av Snorre, som han vart godt kjend i. ”Almuevennen” las han i tjuge aar. Las ogso andre blad av og til. Han las ogso litt allheimssoga og stykke um naturvitenskap, som han av og til kom yver. Dette siste slags lesnad lika han nok best. Han var ein uvanleg seig arbeidsmann, men vilde helst vera aaleine, naar han arbeidde. Ogso i andre ting var der litt særlingnatur i han. Han fylgde ikkje den gamle skikken i ætti, daa han gifte seg. Han fylgde sit eige hovud og tok ei fatig tenestgjenta burtanfraa grannebygdi.
Han brydde seg ikkje um aa verta med i bygdestyre og slikt, endaa han visst høyrde med til dei mest upplyste i bygdi. Han likte derimot aa verta vyrd som odelsbonde paa Løland og som arvetakaren etter foreldri sine. Han hadde nok aldri lært aa skriva; iallefall saag eg han aldri skriva namnet sit.
Det er elles aa nemna, at han all sin dag var ein still gruvlar, som tenkte mykje, men sagde lite. Det vart ofta stillt i stova, naar han kom inn. Han var ikkje av dei ”vakte”, men var mykje religiøs paa gamal ”luthersk” maate. Heldt streng husandakt paa alle heilagdagar. Faa elder ingenting kunde gjera han so vond som naar noken av os borni synte den minste vanvyrnad for sundagslesingi. Dikting og forteljingsbøker hadde han fordom mot. Romanar heldt han for den reine styggeskap.
Han var mest aldri sjuk, fyrr han var uppimot sytti aar. Daa fekk han gigtverk, vart liggjande i heile tvo aar og leid utenkjelege pinslor, fyrr han døydde (1888).
Han hadde ogso tung aandeleg strid i desse aari. Han var nok, naar det kom til stykke, komen so langt i sjølvtenkjing, at han var komen til aa tvila paa dette um Helvite, og meir av det slaget. Men han vaaga ikkje aa frigjera seg fraa det helder. Han leid fælt under dette. Soleis døydde han.

s 10
Mor mi var, som fyrr nemd fraa grannebygdi. Far hennar døydde tidlegt, om mor hennar vart sitjande att i fælande smaa kaar. Men det var ingi ”laak” ætt. Mange av skyldfolki hennar høyrer til dei ”beste” burti grannebygdi. Ho kom av paa tenest, daa ho var 10-12 aar gamal, trur eg. Ho tente i heile ti aar hjaa ei kona paa næraste grannegarden til Løland og vart godt upplærd i det ei bondekona skal kunna. Ho var liti av vokster, villfarande og rædd, men ein arbeidstræl som faa. Arbeidet var alt for henne, seint og tidlegt. Ho visste ikkje kva det var aa spara seg. Difor var ho nok til helvtar utsliti, daa ho gifte seg, er eg rædd. Eg kan ikkje anna en tru, at det drag til nervøsitet som eg (og fleire av systkeni mine) hev havt so mykje av, maa koma seg av dette – for ein del iallefall. Etter ho vart gift, gjekk livet hennar paa same maaten, i arbeid og stræv. Alt hadde ho umsut for. Men det var stundom som ein fekk ei kjensla av, at huset der paa Løland var vel stort for henne. Der vart altid att noko av fatigmansbarnet ved henne. Eg er kje langt fraa aa tru, at ho hadde høvt fullt so godt i ei husmannsstova.
Ein skulde just ikkje venta mange hugmaal utanfor det reint daglege hjaa henne. Men det underlege var, at ho stod nok litt yver grannekonorne i so maate, likevel. Eg hugsar at ho las og hadde hugnad av forteljingarne i Almuevennen, naar ho einkvan gongen hadde ei liti fristund um sundags ettermiddagarne.
Forteljingsbøker kunde ho ogso lesa. Ingen lagde merke til det daa; men eg er komen til aa hugsa det sidan. Ho var igrunnen lett og glad av huglynde; men det stendige yverarbeid og andre motgongar gjorde tilslutt ogso henne myrkare. Ho døydde i 1890. Ho hadde rumlegt kaar (folga) i sine siste aar og kunde ha sote i fred og ro i ei ny stova.
Men ho vilde aldri setja seg paa folga. Ho vart verande i gamlestova og styrde huset, til ho døydde.

s 12
Me var i alt 6 sysken. Tri var ældre en eg og tvo yngre. Eg var ikkje det slag ”særs” paa nokon maate. Eg var av dei som ingen lagde merke til, og der vart aldri gjort noko ”væsen” av meg paa nokon maate – gudskelov. Naar far min og dei eldre systken reiste til kyrkje elder av paa vitjing nokon stad, trefte det seg mest aldri so at eg vart med. Eg var for rædd av meg til aa be um slikt, og far min vilde helst at borni skulde vera heime stødt og stendigt.
Det kunde stundom jamvæl vera halve aari millom kvar gong eg kom innum døri hjaa grannarne.

rls 13
Me hadde alle lett for aa læra. Eg var visst den av alle 6 som lærde seinast aa lesa: men eg trur ikkje, at eg difor var plent tungnæmare en dei andre. Men eg var visst ikkje lærenæmare helder. Den broren som var næst eldre enn eg var i sume ting betre, og er det den dag i dag.
Barneaari mine var lukkelege, men hadde ogso sine skuggar. Men dette kom seg sjelden av nokoslags ytre motgang. Eg var nok, som fyrr nemnd, fødd med sterke drag til tungsinn og sjuklegt nerveliv. Eg plagdest av og til av rædsle og vonde draumar. Eg skal nemna eitpar døme paa dette. Daa eg var ikring aatte aar gamal kom eldste bror min, som var paa landbruksskule, heim til jol (i 1869).
Han hadde daa med seg ei stor natursoga med bilæte i. Um joleftan, ein kveld med glimande klaar himmel, godt snøføre og jolehøgtid yver alt, bladde eg i denne boki og kom til aa sjaa paa ein teikning av eit beinrangel av eit menneske.
Daa sagde syster mi: ”Tenk, soleis ser me alle ut”. Dette fylte meg med eit med ei isnande rædsle, som eg i lange tider ikkje vart kvitt att. Det var som skuggen av dette beinranglet fylgde meg, og eg vaaga aldri aa sjaa ein slik teikning fyrr eg var mest vaksen. Sidan kom rædsla for dauden og helvite til aa ta største plassen. Til lærar der i krinsen hadde me i nokre aar Gabriel Baardsen, som sidan vart emissær og no i mange aar hev vore styrar av vaisenhuset i Stavanger. Han var ikkje nokon vidare praktisk lærar. Men han var ein sjeldan mann til aa kunne tala til born og ha innverknad paa, og kunne forma, sjælelivet deira. Der var serleg religionen han lagde hovudvigti paa – ikkje med lekser og pugg, men med aalvorleg samtale. Der kunde daa koma ein eld og magt i ordi hans som var merkjeleg. Det var i det heile den ”ethiske” sida ved uppdragingi som for han var eit og alt. Det var tvillaust det rette, og var visst berre godt og vel for dei andre i skulen. Men for meg var det faarlegt. Eg tok det so altfor djupt og aalvorlegt. Eg kunde gaa der i den svartaste gruvling yver dauden og domen, medan hine borni leika og var glade. Ei motvigt mot dette vilde det ha vore, um eg hadde vore meir med hine borni i leik og staak. Men far min likte ikkje dette.
Han vilde helst, at me (eg og systkeni mine) skulde sitja inne heile kveldarne og det meste av sundagarne med. Eg for min part vaaga ikkje aa setja meg upp mot dette.
- Leksorne kunde eg mest alltid paa prikken, og hadde ingen uvilje mot Pontoppidans forklaring. Eg totte det var ei tankerik og djup bok.

Ein vil av dette sjaa, at der var mange ting som kunde ha gjort meg til ein særling. Men der var ogso ting som vog imot, og det er ikkje so aa forstaa det eg ovanfor hev fortalt, at eg plagdest av tungsinn til alle tider. Det var berre av og til, og imillomaat kunde all verdi vera ljos. Eg hadde daa mange og sterke hugmaal. Eg hadde altid stor eldhug for naturi, og kunde vera reint trollbunden av alt det fagre eg saag ikring meg, naar eg gjekk aaleine. Det var ikkje berre umedvetande dette tok meg. Eg byrja tidleg – altfor tidleg trur eg, aa sjaa paa alt med reint medvitande (”bevidst”) undring.
- Aa byggja hus og ha kjyr og smale av tre var eg ikkje lenge med paa. Det var meg forlite.

rlEg var berre aatte-ni aar daa eg tok til aa lage etter alle dei dyr og fuglar som til var – og vel so det – av tre. Fagre var ikkje desse dyri, det veit vaarherre; men mange var dei. Eg hadde tilslutt visst 7-800. Eitpar av borni i grannestova og dei mindre brørne mine og vart med paa dette. Sume av dei laga visst betre ”dyr” en eg; men ingen kunde finna paa so mange nye ”fantastiske” skap paa dei.

s 18
Eg tok til aa samla paa allslags plantor. Men ikkje for aa turka dei og leggja dei millom papir. Eg tok dei upp med rot og flytte dei heim. Dette var ogso dei mindre brørne mine og tvo av granneborni med paa. Serleg var ein av grannegutarne, som var paalag jemngamal med meg, stødt og stendig med. Me fekk oss kvar sin liten hage der me sette desse plantorne, og paa nokre faa rutealnar var der tilslutt samla mange hundrad slag, trur eg.

rls 19
Me klauv ofta paa berre livet i fjelli etter vokstrar. Kva gleda dei andre hadde av dette, veit eg ikkje; men for meg var det det største i verdi aa finna ein ny vokster som me aldri hadde set fyrr. Eit gullstykkje no vilde ikkje vera noko mot ei plante daa.

s 20
Eg hadde nok ikkje mange framtidsdraumar daa nettupp; men var det noko eg hadde som eit ynskje um, so var det aa verta vitenskapsmann i plantelæra. Men den draumen fekk eg fint lata fara sidan. Eg fekk aldri tilføre til aa læra noko boklegt um vokstrane.



rls 21
Eg hev lese Almuevennen fraa mange aar fyrr eg vart fødd. Det hadde seg soleis, at far min hadde gjøymt bladi i den gamle budi. - Eg las ogso ikkje so lite av andre ting som eg fekk fat i, Ole Vigs ”sange og rim”, i mengdevis av ”Folkevennen”, islandske sagaer o.m. Der var altid eitkvan av bøker og blad i huset.

s 22
Det var vel ikkje mange stadar (um det idetheile var nokon stad) i prestegjeldet, ein ”fylgde med” sopass. Men det seier seg sjølv at lesingi paa denne maaten vart planlaus og ofta lite tess.

s 22
- Hausten 1876 vart eg konfirmert og tidi gjekk som fyrr frametter til eg var paa attande aaret. Desse aari var vel dei beste eg hev livt. Tungsinnet og otten, som eg fyrr hev nemt, voks eg meir og meir fraa og hadde i denne tid mest inkje av det. Men ”truande” var eg enno, brennande truande iblant, men paa ein ljosare maate en fyrr. Eg las frametter desse aari alle Bjørnsons forteljingar, mykje av Janson, av Jonas Lie o. fl. Det var nettupp den rette alderen til aa lesa desse bøkerne og eg tarv vel ikkje fortelja, kor sterkt dei tok meg. Dei hev vove seg uløyseleg saman med mine beste ungdomsminne.

s 23
Um vaaren 1876 kjøpte eldste bror min ein slump maalbøker fraa ”Det norske samlaget”. Av ein mann paa næraste grannegarden, Johannes Fatland, som var medlim av det norske samlaget, fekk me ogso maalbøker tillaans. Soleis kom eg til aa verta kjent med Vinje og fleire maalmenn.


rls 23, 24
Men tidi gjekk no slettikkje av i berre lesing. Eg var med og arbeidde, gjætte smalen og leid vondt i regn og uver, som gjertargutar skal gjera, og hogde i skogen. Hug til aa arbeida hadde eg altid. Det hadde eg etter baae foreldri, som var arbeidstrælar til det ytste. Ulukka var, som det seinare skal syna seg, at eg hadde for sterk arbeidshug.
Men i lag og leik var eg mest aldri no meir enn fyrr. I desse ting var og vart eg ein stakkar.
Eg hev aldri prøvt aa dansa; eg hadde snautt set folk dansa, fyrr mange aar etter eg var vaksen. Eg drakk meg aldri full, tok aldri ein eid paa mi tunge – (so nokon høyrde det iallefall!) eg gjekk aldri til jentorne, endaa dei beste kammeratarne mine gjorde det ofta nok – (-og endaa eg med mit sterke hugleiksliv visst var so utsett for aa verta hugteken som nokon).
Ingen i verdi kunde vera ein verre træl under alt som heitte ”skikkelegt”. Eg hev ofte trega paa dette sidan; for dét eg ikkje fekk vera med paa daa, det vart vonlaust stengt for meg sidan.

s 25
Hausten 1877 kom amtskulen til Sand (ei mils veg utanfor Løland), og eg vart daa med der. Det var far min som fann paa dette. Sjølv hadde eg nok ikkje havt tiltak til aa finna paa slikt.

s 27
Dei som vilde fekk skriva paa maalet; men eg skreiv altid paa bokmaal. Me hadde tvotri timar med rettskriving i landsmaal for heile vinteren; det er den einaste upplæring eg hev havt i den ting. Gjennom Mauland (læraren på amtskulen) fekk eg kjennskap til den mannen som sidan meir en nokon annan kom til aa ha innverknad paa meg gjenom bladet sit (og sidan gjenom bøkerne sine) : Arne Garborg. Daa ”Fedraheimen” byrja aa koma ut um hausten 1877, fekk Mauland ein av brørne mine til aa halda ’n. Eg kom soleis til aa lesa ”Fedraheimen” fraa fyrste nummeret.

s 28
Av Fedraheimen vart eg gjord til maalmann nokonlunde snart. Men eg hadde nok vorte maalmann med tidi um eg ikkje hadde kome til aa lesa’n so snart óg. Det laag nok ”i blodet”.
Alt som heitte knot, hadde me ein reint invertes avstygge for alle derheime, endaa me las sopass mykje. Den innverknad ”Fedraheimen” hadde paa meg, var større i andre leier en plent i maalvegen.

s 28
- Eg leid elles mykje vondt denne vinteren. Huset me held til i, var stort og kaldt, og av alle dei 50 gutarne som var der, hadde eg ein av dei verste plasserne. Eg sat midt i trekken tett ved døri. Berre ein sat nærare døri. Han døydde sidan av tæring. Og undrandes hadde det ikkje vore, um eg og hadde fenge tæring av slikt. Eg var ofta stivfrosen, naar eg kom heim der eg budde. Men eg hadde ikkje mannskap til aa reisa min veg elder be um betre plass.
Daa eg kom heim um vaaren var eg nok ikkje mykje sterk. Eg hadde igrunnen aldri vore sterk. Eg var (og er) halt paa eine foten, og hadde ikkje havt noko sterkt bryst. So tok eg med ein gong til med tungarbeid (det var vaaren 78) Fyrst vaaronni, og sidan arbeid i skogen. (i ”Nordskog”, som fyrr er nemnt). Me heldt paa og hogde og sagde paa fæle gamle bjørker som var heile ali i vermaal. Eg kunde ikkje spara meg elder halda maate med arbeidet. Dette gav meg den fyrste kneiken. Eg fór fram or sengi i rædsle ei natt og fraa den stundi hadde eg vondt nedi eine sida.

s 30
So var det ein kveld nettupp som me skulde til med skurden, at det slog seg upp for brystet. Men endaa passa eg meg ikkje. Eg heldt paa og arbeidde, til eg ein morgon hadde so fæl hjartebanking at eg orka ingen ting lenger. Daa eg litt etter reiste til doktoren, fek eg vita, at det var hjartesjukdom. Eg kunde stupa av slag i kvar stundi, og vart aldri frisk att, sa han.
Han skræmde meg i det heile meir en godt var. Han sagde, at det ogso kunde verta til vatersott, noko tull som eg sidan lenge hadde rædsle for.
Med denne sjukdomen kom den store vendingi i livet mitt. Han snudde upp ned paa heile mitt tilvære.

s 33
Ein kveld etter eg hadde lagt meg kom det til ei ny vending. Eg fekk ei rid av skjelving, so eg heldt paa aa missa pust og mæle. Det kom seg av at hjarta heldt paa aa staa fast. Sidan fekk eg mange slike aatak frametter vinteren og vann ikkje til aa koma meg stort imillomaat. Eg hadde fyrr um hausten skrive ei liti brevsending til Fedraheimen (paa landsmaal; det var visst det allerfyrste eg skreiv paa maalet); den dagen den kom att i bladet – i umvølt form – heldt eg paa aa døy av eit vondt aatak av sjukdomen. Soleis saag min fyrste ”forfattardebut” ut.


{mospagebreak}s 35, 36
Men sant aa seia so heldt eg nok sjølv paa aa verta meir av ein ”fritenkjar” no etterkvart. Eg hadde livt mit sterkaste trudomsliv i barne- og skuleaari. Men det hadde sjeldan vore anna en rædsle og otte. Daa eg i syttenaarsalderen (77) høyrde um Darwin og den nyare naturvitenskapen, tok eg mot dette som eit nytt ljost evangelium. Daa eg vart sjuk fekk eg nok eit atterfall av aalvorleg tru; men det kvarv burt etterkvart. Eg totte det var ein gild ting, daa Bjørnson hadde vaaga aa brota med alt dette gamle, fæle um Helvite og Djævelen og daa Garborg vaaga aa skriva fritt um trudomsspursmaal i bladet sitt. Men eg heldt enno paa dét eg kalla det viktigaste i trui.

s 37
Ein gong frampaa vinteren no fekk eg for fyrste gongen eitslags ”idé” til ei soga. Det gjekk soleis til: Eg sat innpaa bøen og tenkte paa, at mest alle dei forteljingar eg hadde lese enda so godt. (Eg tenkte vel daa fyrst og fremst paa Bjørnsons forteljingar, og dei andre bonderomantikerar, vil eg tru. Av nyare realistiske og naturalistiske forfattarar hadde eg ikkje lese stort.) Men i livet sjølv gjekk det slettikkje altid ”godt” tilslutt. No vilde eg freista aa fortelja um ein som det gjekk ille for. Det skulde vera om ein bra gut som tilslutt kom paa legd – slett og rett. Ikkje avdi han sjølv var laak, men avdi at lagnaden var laak.

s 39
- Eg las ”Verdens Gang” og nokre andre blad paa denne tid og fylgde med i politiken, men hadde ikkje noko anna aa lesa utan einkvar gongen. Tidi gjekk til inkjes i sjukdom og vesaldom. Det tok desutan til aa slaa seg paa hovudet og nerverne no.


s 44
Frampaa hausten reiste eg til Stavanger til doktor. Uppaa eit loft hjaa min gamle lærar Baardsen fann eg mange gamle bøker, og fekk ta ein heil slump med heim. Derimillom var mest alle aargongarne av Munchs ”Norske maanedskrifter”, som eg fant mangt godt i. Hjaa doktoren fekk eg derimot ingi hjelp. Han sagde, at hjarta var vokse seg so ”forfærdeleg” for stort, at alt var vonlaust. Ei tid etter kom det til eit farlegt umskifte. Eg vakna ei nott liksom av eit hardt brak uppunder loftet. Det var hjarta som arbeidde so det var som det vilde springa i stykke. Sidan kom fleire slike aatak. Det var uppatt det same som hausten 78 berre so mykje verre. Denne hausten og vinteren vart den verste i heile mitt liv, endaa mykje var i vente til sidan òg. Eg kan mest ikkje skyna, korleis det gjekk til, at eg stod det yver. Det var ofta so vondt, at eg laut gaa yver heile netterne. Det var i det heile fælt vanskelegt aa faa sova, og eg gjekk jamt med ei rædsle for, at eg ikkje skulde faa somna meir. Det var som aa bera paa livet i ein traad. Men endaa gav eg liksom ikkje upp all von. Elder kanskje eg ikkje tenkte nokonting. Det var kome so vidt no, at eg totte det var store ting berre aa sleppa dei allerverste pinslorne. Framyver vinteren 1882 vart det alltid litt likare, men smaat gjekk det.
- Eg las denne vinteren ”Dagbladet”, nokre romanar av Kielland, "Kjøbenhavnerbladet", ”Ude og hjemme” ( som dei yngste brørne mine heldt) og meir – naar eg idetheile kunde lesa. Og so ”V.G.” og ”Fedraheimen”. Ein dag eg hadde havt det med det verste ei tid, støytte eg i ”V.G.” paa ei liti soga av ein som heitte Per Sivle. Ho heitte ”Berre ein triskjeling” og var paa dansk. Eg trudde at mannen var ein danske; men soga feste seg i hugen min.

s 48, 49, 50
Vinteren 1882 – 83 vart paa nytt lag ein vinter med mykje liding og uro. Men denne gongen paa ein heilt annan maate enn fyrr. Eg var nok no ikkje so lite betre for brystet enn fyrr men var so nervøs etter all denne sjukdomen, at eg liksom ikkje gaadde det. So hende den store ulukka at eg vart glad i ei gjenta som tente der paa garden. Stygg var ho kanskje, elder i allefall ikkje fager. Men sterk og frisk og glad var ho, so det berre lyste av henne. Det var kanskje nettupp dette som tok meg so sterkt. Elskhug naar ein er to og tjuge aar skal vera so fager, seiest det. For meg krengde det seg um til ei sjælepine utan like. Eg visste at ho ikkje kunde bry seg um meg; eg visste at det var meiningslaust for meg aa tenkje paa slikt; eg bad hinmannen ta alt som heitte elskhug. Men ingenting hjelpte, og eg laut tøma aabyskapens (skinsjukens) skaaler til botnar, daa ho var ute med gutarne. Det var meg tilslutt ei so stor plaaga berre aa vera i nærleiken hennar at eg laut seia korleis til-stod og be henne reisa sin veg um vaaren. Dét gjorde ha daa. Ho var snild gjenta igrunnen.

s 51
Hadde eg vore nervesjuk fyrr, so besna eg ikkje etter dette. Eg var reint som ør frametter vaaren 83. Alt var eg rædd; alt sytte eg for; all verdens ulukkor trudde eg var etter meg.
- Men denne rusi frametter vinteren hadde ogso andre fylgjer. Det var som det reiv upp nye kjeldor i meg. Eg fekk mange nye idéar. Eg skreiv denne vinteren det fyrste utkastet til ”Hans og Margrete”. Eg freista der aa gjera narr av elskhugen, som eg sjølv pintest so av. Eg skreiv ogso den fyrste kladden til ”Skuld”, og mange andre ting, som ikkje er komne paa prent (elder kjem paa prent nokon gong). Men det arbeidet som eg sjølv daa totte best um, var ”Ei sumarferd” – den fyrste forteljinga i Folkeliv. Eg skal fortelja litt nærare um, korleis eg kom til aa skriva den. Eg hadde, som fyrr nemt, lese Bjørnsons og Jansons bondeforteljingar med djup eldhug (og held dei enno for noko av det beste me hev). Men samstundes var eg ikkje blind for, at dette var livet set fraa sundagssida, at der var for lite realisme. Eg totte difor det var usant og hôlt, naar folk som Sigurd Sivertson (”Mellem fjældene”), folkehøgskulefolki og mange fleire heldt paa i same duren enno. So tenkte eg: lat meg skriva ei soga som gjer narr av og syner kor uverkeleg han er, denne ”bonderomantiken”. So skreiv eg soga om dei tre gutarne som hadde forlese seg paa Bjørnson og vilde paa landet og sjaa dette fagre livet. Det andre i soga: um at guten elska og drøymde um barndomsvenen, hev sine røter paa andre kantar. Ein vil av dette skyna, kvifor eg hev skildra livet uppi fjelldalen so sterkt ”realistisk”: eg vilde gjenom den sterke motsetningi gjera den forslitne romantiken rett ”flirande”.



rls 57, 58, 59
Med hausten 1884 kjem det tredje store umskiftet i denne drjuge sjukdomen min. Ein dag (15de august) kjende eg med eit ei tyngsla yver augo. Eg tudde fyrst det kunde ha seg av, at augo var forrøynde; men det synte seg snart aa vera verre en som so. Det var hovudet, heilsen som var sjuk. All den tyngsla eg hadde bore paa so lenge, braut denne vinteren ut i ein krise, som vart noko med det hardaste eg hev upplivt.
For det fyrste var det berre augo som var vonde, og eg maatte mest med ein gong slutta med all lesing og skriving og alt handarbeid. Hadde eg vore inneklemt fyrr, so var eg det no dubbelt. Eg trudde strakst, at eg kom til aa verta heilt blind. Det einaste eg kunde gjera no var aa driva ute, og so spela paa fela. Jau, ein ting til. Der hende meg noko underlegt denne hausten, der eg gjekk som ein faaming, umogeleg til alt. Der tok til aa skjota upp syner og idéar i hovudet paa meg. Mest paa ein gong kom idéarne (eg lyt bruka dette ordet for snøggleikens skuld) til flestalle av dei smaagutsogorne som eg sidan har skrive (”Vesle Eirik”, ”Guten med klumpfoten”, ”Soleis gjekk det” (i Syn og segn), ”Vanfør”).
Dei andre tvo sogorne i ”Ungar”er fraa seinare tid; ”Vondt samvit” fraa 87; ”Nils som gjekk til skogs” fraa 88; men dei hev nok si rot i dette same, lell.
Kva som leidde meg inn paa dette, veit eg ikkje rett. Eg hadde ikkje lese stort noko av dét slaget. Det einaste kunde vera ei liti soga or det engelske bladet ”Sunday at home”, som eg hadde lese mange aar fyrr; men det var berre ein liten stubb. Og kanskje eitkvart i ”Almuevennen” kunde ha hjelpt til. Elles var det vel livet sjølv som leidde inn paa det.

s 62, 63, 64
Hjartesjukdomen ja, det er sant, den maa eg nemna no. Nettupp denne same hausten hadde den gjeve seg. God att vart eg ikkje (og vert eg ikkje nokon gong), men eg hadde ikkje noko sers meink av’n lenger. Kanskje dei laake nerverne mine hadde gjort’n verre en han var i lang tid no. Eg kunde gaa og ferdast mest kor eg vilde for den.
Dei ”fikse idéarne” byrja med det, at ein kveld eg var aaleine ute, fór der ei hard rædsle i meg: eg kunde ikkje tenkja paa noko som gjekk for seg inni stova, avdi at tanken ikkje orka aa gaa gjennom veggjerne elder dei lukte dørerne. Og daa eg kom inn, so var det same ulukka: eg orka ikkje aa tenkje paa nokon ting ute, avdi at tanken ikkje slapp ut. Eg laut ha ei liti opning, der tanken slapp ut og inn. Hadde eg ikkje det, so sat tanken som under ein skrue. Sidan var det ikkje berre tanken som trong ein veg aa gaa i. Likeeins med ljoden. Sat eg inne og høyrde ein ljod som kom gjennom veggen, so gjekk det som kvasse oddar gjennom hovudet paa meg. Men kom ljoden gjenom ei opi dør so gjorde det ingenting, um dei so hadde skote med byrsor. Sidan vart det likso ille aa tenkja paa, at varmen gjekk gjenom omnsplatorne elder at ljoset gjekk gjennom glasrutorne.
Eg laut halda meg lange stunderne burti ei gamal stova. Der sat eg daa som ein underleg skapnad og hadde allslags opningar for tanken og ljoden og ljoset. Men det var ikkje stor hjelpi i dét helder. Eg laut burt fraa folk aat skogen og urerne. Der gjekk eg og dreiv mangein dag i snø og uver og bløyta. Det var fælt. Men det var liti hjelp i det og.
Det var etterkvart kome til det, at eg ikkje tolde aa tenkja paa nokoslags fast materie.
Eg tolde ikkje aa sjaa steinarne, trei, berget. Men tanken krinsa nettupp stødt og stendigt um det eg ikkje tolde aa tenkja paa.

s 65, 66
- Ein trur kanskje, at eg var galen? Det var eg sletikkje. Eg visste vel, at alt dette var tull; eg orka berre ikkje aa fri meg for det, og eg hev sjeldan havt klaarare syn for rett og rangt en daa. Eg var litt likare i augo no. Eg kunde sjaa i bok eit halvt minutt um gongen, og til motvigt mot grillorne tok eg til aa læra – ei heil, gamal tysk ordbok. Sjeldan hev eg vore so lærenæm. Eg lærde dungevis av tyske ord til dagen. Eg lærde sjølvsagt ikkje tysk av denne ordslukjingi; det var heilt nyttelaust i so maate. Men det tok upp tanken eikvar stundi. Og so hadde eg av og til idéar til sogor og. Menneskeheilen maa i det heile vera ei merkjeleg maskin. Det var nok no i vinter ein gong, eg saag dei fyrste grunndragi til ”Huskors” (ei liti bok som ikkje er utkomi enno, men vart gjord ferdug sidan frametter aari. Det er ei skjemtesoga i stil med ”Skuld”).
(...)

Ein morgon eg vakna, ”saag” eg ”Ein draum” (i Folkeliv”). Likeeins ”Ein visna kvist”. Eg tenkte desutan ut ikkje so faa vers og skreiv dei ned (med mest attletne augo, naar eg ikkje tolde aa sjaa papiret).


s 67

(...)
Ein raakald morgon med snø og driv var eg inni skogen og hadde smoge inn under nokre brakar. Vaarherre veit at eg var ikkje mykje verd der eg sat – hadde vore helselaus i sju aar og gjekk der no som jagd av vonde aander. Daa byrja eg aa sjaa ”paa sjølvstyr”.

{mospagebreak}rls 68
- Ei stund fram paa vaaren var det kome dertil, at eg ikkje tolde aa gaa langs ein vegg, avdi eg totte, at veggflisarne skar gjennom hovudet paa meg. Av same grunnen kunde eg ikkje gaa til lengs paa golvet; eg maatte gaa til tvers.
Sidan tolde eg ikkje, at tanken gjekk langs ein vegg elder skigard helder – eg fekk flisar i hovudet av berre det. Tanken maatte gaa i allslags vinklar. Samstundes maatte eg passa meg paa berre livet, at eg ikkje gjekk inn ei dør og ut ei onnor. Der gjekk liksom ein traad ut or bakhovudet paa meg, og denne kunde snøra seg fast; sjølve tanken snørde seg fast. Eg maatte altso stødt gaa ut og inn i same døri. Sidan maate eg helst gaa same vegjerne i skogen og, so traaden ikkje surra seg fast rundt trei. Det var i del ein mødesam traad.

s 71
Verdi er ljos og vaaren fager, og sjølv er eg og berre ungdomen enno, berre 24 aar. Den gamle hjartesjukdomen er det ikkje faarlegt med no, og alt er igrunnen bra. Og likevel gjeng eg her og gjer livet til eit helvite. Kva er slikt? Kvi ristar du det ikkje av deg!
Heile mi livskraft samla seg til eit spenntâk, og i det same augna eg bergingi, og klemma yver heilen losna. Bergingi var likso underleg som sjukdomen. Eg kom til aa tenkje paa, at jordi sveiv rundt, og at slyngkrafti freista aa hiva alt ut fraa jordi, medan tyndekrafti drog det ned. Der var altso eitslags jammvigt millom desse tvo krefterne, og stolparne tyngde ikkje so hardt paa hovudet mit likevel! Um kvelden var eg ”som andre folk”.

s 75, 76

Eg var just i dei aari daa eg ”voks” paa det meste og trur nok, at eg lærde litt av aa lesa Thackeray og Dickens. Eg vilde nok ha skrive ”Skuld”, ”Blodstyng”, ”Nervesliten”, ”Huskors”, ”Ein huskatt” og dei andre skjemtarsogorne, um eg ikkje hadde lese desse mennerne. Eg hadde ”idéerne” til alt fra fyrr, og hadde skrive det og, paa den vis det var. Men eg hugsar at eg likte den”turkomiske” maaten dei fortalde paa. - Men denne lesingi var daa berre liksom noko eg hadde aa ta til. Det som fyllte tankarne mest var skrivingi. Eg umarbeidde gamle ting og skreiv nye. Tankar hadde eg altid litt av; men det var liti hjelp i det, naar eg ikkje kunde faa form paa dei, og i den ting gjekk det gudsjammerleg smaatt. Naar eg var ferdug med eit stykke og hadde gjort det so godt som raad var, lagde eg det til side og tok det fram att um eit halvt elder heilt aar. Daa saag eg, at det var heilt umogelegt og maatte umarbeida det att. Soleis kunde ei soga fylgja meg fraa aar til aar og verta umarbeidd so mange gonger, at det var mest ikkje tal paa det.

s 77
Vondt var det ofta med det og, at eg ikkje hadde nokon viss plass aa halda til med denne skrivingi: Inne i stova var det ikkje rolegt nok. Eg sat ofta uppaa stovelemen; men der var det so kaldt um vinteren, at eg vilde stivfrosa paa føterne. Einaste raadi var daa ofta aa sitja i fjoset og ha papiret paa ei fjøl. Mangt av det eg hev fenge ut i bøker, er upphaveleg skrive i fjoset.
- Etter nyestova vart ferdug, hev dette retta seg. Eg hev fult nok av plass no.

s 77, 78
Men kvifor skreiv du daa? vil ein seia. Eg skal freista aa svara paa det.
Daa eg hadde fenge denne hjartesjukdomen, var det som alle vegjer var stengde for meg.
Men skriva kunde eg enno. Denne vegen var ikkje stengd. Ikkje for det, at eg trudde eg hadde nokon sers givnad i den leidi: Det var svert smaatt med den trui. Og eg hadde all grunn til aa ha liti tru. Eg hadde svert lite med ”idear” i fyrste laget. Eg hadde ikkje nokon sers hug til aa skriva, og Vaarherre veit, at eg frametter barndomen og ungdomen ikkje hadde havt eit einaste hugsviv um aa verta ”diktar”. Eg trur i det heile ikkje enno og hev aldri trutt, at eg er sers ”fødd” til bokmann. Det var umstendi som dreiv meg dit.
Men som alt nemnt: no var det altso kome til det, at dette var den einaste vegen som ikkje var stengd. Og der var daa altid ei liti von, at eg ein gong i framtidi kunde faa eitkvart paa prent.

s 79, 80
Daa eg soleis var byrja aa klussa med skriving kom tankarne, synerne, etterkvart. Det var mest altid det som tyngde og plagde meg som gav seg utslag i ”syner” og idear.
Det var meg daa ei samvitssak aa forma det ut i sogor. Eg kunde ikkje anna. Eg maatte skriva. Der vart liksom ei frigjering, ei letting i dette. Ein vil av dette skyna, at det meste av det eg hev skrive er ”spronge ut av mit indre” – um eg so skal seia. Ofta er det mest ”lystige” spronga ut av det svartaste tungsinn. I ”Nervesliten” t.d. var det eitslags gleda aa faa gjera narr av mi gamle plaga, nerveslitet. (Ideen er fraa ein dag i 84 daa eg held paa aa verta blind, trudde eg, og den fyrste nedskrivingi er fraa 86).

s 81
Soleis var det altso gjenge frametter til desse aari 86, 87 og 88. Eg saag no, at det vart verre og verre aa faa form paa noko. Tanken paa aa faa ut nokor bok var likso langt burte no som i byrjingi; kanskje lenger burte no. Det laag langt ute i skoddeheimen i framtidi.
Eg ynskte ofta aa koma ut or dette.

s 83 - 87
- Ogso andre ting var tunge nok i desse aari. Det var fraa 1886 til 1888, at far min laag i helsott som fyrr nemnt. Dei tvo yngre brørne mine var ogso sjuklege og veike. Me vart idetheile kalleg mange som ikkje kunde gaa paa tungarbeid. Eg var nok sterkare for brystet no altid; men tungarbeid tolde eg ikkje. Det var ille nok for alle, men verst for mor. Ho som sjølv hadde vore arbeidstrælen all sin dag vart reint hugsjuk av dette. Ho som var so paa livet for dei andre, at ho altfor ofta gløymde seg sjølv, ho kunde stundom no verta harsk og streng. Paa meg trur eg ho ofta saag med vanvyrnad. Eg er viss paa, at ho i lange tider ynskte meg dauden. Ein var liksom ikkje noko i hennar augo, naar ein ikkje kunde gaa paa tungt gardsarbeid elder tente pengar paa annan maate. Naar eg gjekk der og ofta arbeidde meir en eg hadde godt av, so var det visst i hennar augo som eg gjekk der og dreiv dank. Det var daa helder ikkje aa undrast paa. Ho kunde ikkje vita, at det kunde verta noko ut av det eg skreiv paa. Eg visste det ikkje sjølv.
-Av alle dei seks systken trur eg at ingen var so lik mor i naturi som eg. Eg hadde det rædde, smaafarande framum nokon av dei. Eg hadde naturi til aa grava beint nedfor meg framom nokon av dei. Ingen av dei brydde seg so lite um god ætt og var husmann i sinn og skinn soleis som eg. Dette trur eg eg hev mest etter mor mi; og ingen kunde ynskja aa gjera gagn for seg høgare en eg. Og so var det kome dertil no, at ho heldt meg for ingenting, og kanskje endatil trudde, at eg ikkje feilte so mykje som eg gav meg ut for. Ho hadde jamt den skikken, at ho sjølv tok til takkar med matløyvingarne etter tenestfolki og arbeidsfolki, og det maatte eg og gjera – ofta. Eg var ikkje so dum, at eg ikkje skyna dette, og eg torer seia med godt samvit, at eg ikkje sagde stort noko. Eg livde no eingong eit spilt liv, det hadde vore ein avgjord ting no i snart ti aar, og daa fekk det gaa som det vilde. Men vondt var det; dubbelt vondt sidan ho i grunnen var so mild og god, at ho kunde ofra seg til det ytste. Det er av dei ting dette som liksom aldri kan sonast ned. Det vil altid liggja som tungsinn yver meg.
Far min saag vel altid litt onnorleis paa det. Han trudde kanskje ei tid, at der kunde verta eitkvart ut av det eg skreiv op; men til slutt hadde han nok gjeve upp all von um slikt, han med.
Men livet er elles mangfeldigt. Ein maa ikkje tru, at eg tenkte paa berre paa skriving og slikt. Baade no og sidan tok det andre arbeidet likso mykje tid, kanskje meir tid. Eg livde meir med med hin ungdomen og hit folket no, og det var visst ikkje mange som trudde elder visste at der budde so mangslags underlege troll i meg.
- Frametter vinteren 1887 reinskreiv eg ein slump av skrivearbeidi mine, og sende dei um vaaren med storthingsmann Berge til Oslo. Han skulde senda dei inn til ”det norske samlaget”, elder til einkvar annan som brydde seg um slikt. Eg tenkte kanskje nærast paa Huseby. Elles var det svert smaat med voni um kor det skulde verta av dei. Frametter heile sumaren og hausten høyrde eg ikkje meir um dei, og eg hugsar at eg ein dag ei tid fyre jol var komen til det, at no maatte eg slutta med denne skrivingi; eg hadde endaatil byrja aa gjera aalvor av det. So fælt lenge hadde vel ikkje dette vart, spaar eg; men byrja var eg altso. Daa kom der ein kveld eit brev langt ovanfraa Øysterdalen – fraa Ivar Mortenson.
Han fortalde, at han hadde fenge tâk i sogorne mine. Han hadde late Garborg lesa ei elder tvo av dei, og denne lika dei godt. Sumt skulde koma i ”Fedraheimen” og sumt utgjevast av ”det norske samlaget”. Dette var det fyrste bodskapet eg fekk utanfraa, og difor maa dette brevet nemnast som ei ”hending” i livet mitt. Eg var so uheppen, at det kom burt for meg sidan; difor kan eg ikkje no herma det ordrett. - Frametter slutten av 87 og byrjingi av 88 kom so nokre av sogorne i Fedraheimen. Det var helst av dei minste. Um vaaren 1988 kom ”Hans og Margrethe” i ei av samlaget sine bøker. For denne fekk eg 40 kroner og ein slump bøker – ein merkjeleg ting daa kan ein vita. Men det som vog meir var, at ingen minder en Arne Garborg skreiv ei god melding um desse sogorne i Fedraheimen. Daa var far min daaen for eit par maanar sidan, so han aldri fekk vita noko um dette.

s 90
Han (Garborg) skreiv mellom anna at ”idéen er udmærket” og utarbeidingi var ogso bra i fyrste delen av soga (naar ein undantok for lange ræsonneringar og mange ”danismer”). Men siste tredjedelen gjekk slettikkje an. Den maate heilt umvølast. Kva skulde eg gjera?
Eg orka ikkje aa gjera noko med det no, og skriftet vart gjøymt burt for mange aar.

{mospagebreak}s 90
Hovudet hadde som nemnt aldri vore sterkt, og vart laakare no etterkvart. Naar eg fyrr hadde fenge so vonde rider i hovudet, so hadde det vel havt mangslags orsaker. Men det som bryggja saman no trur eg kom seg berre av yverarbeid. Daa eg hadde lagt meg um kvelden den 2dre febroar 89 kom eg med eit til aa grunna paa, kva inbildingskrafti (”forestillingsevnen”) var for noko, elder korleis det gjekk til, at ein kunde tenkja seg noko som ein ikkje saag. Dette skyna eg ikkje, og dermed so kunde eg ikkje lenger tenkja meg det eg ikkje saag helder! Elder det gjekk fælt tungt. Eg hadde so aa seia mist den mest upphavelege av alle sjælsevner: fantasien. Eg var myrk i hovudet.

rls 95, 96
Men livet er mangfoldigt. Der var nok stunder daa eg var vonlaust tungsindig; men det var slettikkje altid. Ein lærer aa slaa av. Berre det ikkje var altfor ille med hovudet so var det ikkje aa klaga. Og so hadde eg so velsigna god fred for all tanke paa skriving og idéar av det slaget no.
Og so kom der endaa ein ting til, so denne vonde tidi fekk eit ljos for seg sjølv.
Det er visst dumt av meg aa nemna dette, daa det ikkje har havt nokor nemnade innverknad paa meg som bokmann. Men ei god motvigt var det visst mot tungsinnet, og gav paa ein maate livet ”innhald” i lang tid. Eg vart glad i ei gjenta. Ho var snild og fager og av god ætt. Denne elskhugen var av det slaget som kanskje kjem berre ein gong i livet; det var ”den rette”. Men – eg var ingenting. Det visste eg altfor væl. Eg kom difor aldri til aa tala so mykje som eit ord med henne heile vinteren. Me var og vart framande.
Dette maa ikkje nemnast i noko blad; det vilde vera altfor ille aa ”vrengja seg ut” paa den maaten.

s 98, 99
Um vaaren freista eg aa skriva litt paa ei gamal forteljing (eg hadde freista litt med det um vaaren 89 og). Men det gjekk ikkje. Eg hadde ingi form. Eg som hadde skrive stilar som kunde koma paa prent (ein elder tvo av dei iallefall) da eg var sytten aar – eg kunde no i 30 aarsalderen med naudi skriva det minste bladstykke, so det var til aa sjaa paa. Det einaste eg fekk til einkvar gongen, var vers. Flestalle av dei er sidan prenta i ymse blad.

s 102, 103, 104
Kunde eg ikkje samla iallefall dei sogorne som hadde stae i ”Fedraheimen” i ei liti bok, so det i minsto kunde koma ut ei einaste bok av meg? Eg tok meg saman, skreiv til Garborg paa Kolbotn og spurde, um han trudde det gjekk an. Han svara: sjølvsagt gjekk det an. Han hadde lengje venta paa, at der skulde koma eitkvart fraa meg. Men endaa betre vilde det vera, um der ogso kom noko nytt med i boki. Han skulde gjerne ta paa seg aa lesa gjenom skriftet og retta paa det. - Ja, dette var alt godt og vel. Skrifterne mine hadde i lang tid vore gjøymde i ei kjipa, som eg hadde hivt uppaa eit rotloft. Der hadde mus fenge tak i dei, so det var berre ei slumpelukka, at dei ikkje var øydelagde, no daa eg drog dei fram att. Eg valde ut den um ”Ei sumarferd” til aa senda til Garborg. Ho var umarbeid heilt igjenom sidan 1883. Men daa det kom til stykkje totte eg ikkje eg kunde senda denne helder so formlaus som ho var. Eg laut sjaa aa stutta henne av litt. Men det var ikkje tale um nokor skikkeleg umarbeiding no. Det hadde eg ikkje helsa til. Berre eg kunde faa vøla paa det verste. Eg tok daa iveg. Eg sat uppaa eit lite kammers paa hotellet og skreiv helst etter det var vorte stillt um kveldarne.
Samstundes las eg smaastykkje av ”Hjaa ho mor” av og til, og lagde for fyrste gongen skikkeleg merke til den underleg lette maaten Garborg fortalde alt paa. Det var som han leika seg med ord og setningar. Dette førde meg med ein gong til ”gjenombrotet”:
No daa eg ikkje freista aa skriva ”godt”, berre køyrde iveg paa den snaraste og beinaste maaten – no fann eg formi! Etter so mange aars vimsing byrja eg aa kjenna fast grunn under meg. Eg hugsar at eg vart so teken av dette, at det gjekk i ein fart aa faa heile forteljinga ferdug.

s 104, 105, 106
-Eg fekk snart brev fraa Garborg att um ”Ei sumarferd”. Han lika henne godt. ”Visst hadde det vore betre um ho hadde kome ut i 1883”, skreiv han. Men ho burde ut no òg.
........
Eg tok paa aa umarbeida ”Paa sjølvstyr” paa sama maaten som ”Ei sumarferd” og fekk det gjort paa nokre vikor. Garborg les den ogso (han budde no i Tyskland) og gav mange rettleiingar. I det heile: brevi hans, um dei var berre paa nokre linor, var av umissande verd for meg. Det var vel ingen mann i Norigs land som kunde yta meg slik hjelp no, og han var altid viljug til aa yta ei hjelpande hand. Eg vil i all mi tid vera han takkskyldig for dette – (attaat alt det andre som eg sovelsom alle andre maalmenn er i takkskuld til han for.)
- Frametter vaaren 1891 umarbeidde eg resten av det som kom ut i ei bok til jol 1891.
Det var Litleré som fann paa tittelen ”Folkeliv”. Sjølv kunde eg ikkje finna noko namn.
Eg fekk nok mange atterfall i hovudet sovel som for brystet no og, men aldri som fyrr.

s 106, 107
Det er elles lett aa sjaa, at ”Folkeliv” ber mange merke av den gamle stilløysa mi. Um eg hadde funne ei form so var det enno langt att til aa finna ei nokorlunde god form. Mykje laakt maal er der ogso i Folkeliv. Det same kan seiast um stilen og maalet i dei bøkerne som kom næste aare, ”Skuld”, ”Ungar” og ”Paa sjølvstyr”. Likeeins i ”Skattegravaren”.
Det var fyrst etterkvart som eg las Jens Tvedts bøker, at eg skyna heilt ut, at det livande folkemaalet er den altid friske kjelda ein maa ausa av, dersom ein skal faa eit godt maal.
Eg hadde nok altid havt eitslags umedvitande kjensla av dette. Eg hugsar iallefall at det var faa ting eg hadde vore so glad i frametter aari som aa høyra gamle folk fortelja paa sin egte gamaldagse maate.



s 110, 111, 112
- Etter 1892 hev eg ogso skrive ikkje so faa nye ting (etter eg i so lang tid, heilt fraa 88 til 92, aldri hadde havt ein einaste ”ide”.) Alt i ”Emne” er heilt nytt. Likeeins spelstykki og ”Gamle ungkarar” og nokre uprenta sogor. Lett gjeng det sjeldan aa skriva enno. Aa faa tanken til noko nytt er ofta noko med det verste som kan henda. Det byrjar kanskje med eit vondt samvit og otte, som ligg og skjelv nedfor brystet. So formar synerne seg i hugen, og so maa eg til aa skriva kladd. Er det kome nokorlunde klaare, so er det ingen vidare vanske. Det gjeng daa i ein fart aa faa fraa seg kladden. (Til ”spelmanns-emne” brukte eg soleis visst ikkje tvo dagar; likeeins med ”Aandelige klenodier” og ”gamal ungkar”) Men det er ikkje altid det stend so klaart framfyreaat. Aa vaaga seg ikast med det daa, er faarlegt; for stend eg fast, so er eg reint sjuk. Men skal eg ikkje vaaga meg iveg, so er eg likso sjuk daa, og gjeng med eit samvit som eg skulde ha drepe einkvan. Enden vert daa altid, at eg lyt hoppa i det og ta til aa skriva. Mest altid naar eg byrjar, er eg fullviss paa, at dette vert det ingenting utav. Men naar eg er komen i veg gjeng det oftast likevel. Den fyrste kladden maa det i det heile altid gaa fort med, dersom det skal verta noko. Det er som ei feberrid. Sidan kan eg so ta det med ro med reinskriving og avpudsing. Dette tek altid lengste tidi. Eg kan skriva upp att mange gonger. Det er svert sjeldan eg finn rette formi med det same. Difor er der ofta so laak stil i bladstykki mine. Dei gjev eg meg sjeldan tid til aa umarbeida noko vidare.

gravs 115
Faa derheime er so kjende i alle avkrær som eg trur eg. Ingen indianer kan vera meir samanvoksen med urskogen sin en eg med desse skogarne og urerne. Der samla eg eingong vokstrar. Der dreiv so eg mangei tung stund. Der skulde eg ogso ynska aa verta lagd djupt innunder steinarne eingong.

Share/Save/Bookmark
Sist oppdatert torsdag 22. april 2010 12:19