|
Rasmus Løland – han skreiv om det gilde og det skumle Av Svanaug Steinnes, Norsk Barneblad 2007
Er du redd for at andre skal kome over noko du har skrive? Kanskje lese det høgt og gjere narr av deg? Då er du ikkje åleine. Men dei som skriv gode bøker, har skrive hundrevis av små lappar som dei kanskje kan bruke ein gong, kan hende kastar dei flesteparten. Desse lappane er viktige. Olav Duun gjorde dette frå barndomen av, og likeins Rasmus Løland, som vi feirar særskilt i år. I slekta hans vert det fortalt at han skreiv små lappar med skildringar som han gøymde på rare plassar, i veggsprekkar eller inne i steingardar. For at dei ikkje skulle bli borte, for at ingen skulle lese dei? Ingen veit. I alle fall trena han opp evna til å skildre opplevingar med å skrive noko heile tida. Det fekk han glede av seinare.
På biblioteket eller på skulen der du bur, kan du spørje etter barnebøkene hans. Forteljingar om ein gut som går seg vill i skogen, som kjem fram til ein underleg, ukjend gard etter å ha tråkka rundt i mørkret i timevis, - om to brør som får kvar si fine kjøpeleike, men den eine misunner den andre den fine hunden han har fått. Kanskje du veit kva misunning kan få ein til å gjere? - Om gutar som går i skogen og ser uhyggjelege ting. Om ein kniv, ei utruleg fin gåve som vert borte, og korleis guten som misser han, sørgjer. Ungane vil ikkje at dei vaksne skal vite så mykje av det dei gjer og tenkjer, men tykkjer det er godt å kunne kome til dei. Då Rasmus Løland var liten, var kjøpeleiker ikkje vanlege. Bygdeungar leika til dømes med kongler som dei sette bein på og hadde til kyr og sauer. Kanskje spikka bestefar ein leikehest eller ein båt som kunne sigle på vatnet. Dokker vart laga av filler, av og til med eit kjøpehovud av metall eller porselen. Eller dokkene var laga av tre, med armar og bein som svinga. Løland var fødd i 1861, og blekkleikedyra med trykt mønster på som han skildrar, var ekstra fine ting som vart kjøpte i byen. På side 25 i NAF-vegboka kan du sjå kvar Løland kom frå. Inst i Ryfylke voks han opp, på garden Løland, som ligg høgt oppe mellom Hylsfjorden og Saudafjorden. Her kunne han springe rundt i skogen eller ned til fjorden. Fin og gamaldags var garden der han budde til han var godt vaksen. Her var små fjøs, uthus og stover, om lag 15 i talet, fire ”buer” eller stover med kjøkken og hems, nokre av dei vart brukte til gjesterom. Han var med på gards- og skogsarbeid frå han var stor nok, men helsa hans var ikkje god, så han dreiv mykje med å lage tiner, dreie trekar, lage sopelimar og andre nyttige og fine ting. På den tida laga dei mesteparten av det dei trong, heime på gardane. Midt i tunet sto den eldste stova, som var bygd i malmfuru og var fleire hundre år gamal. Tømmerstokkane var så harde at ein kunne ikkje få ei øks inn i dei.
På denne trivelege garden budde Rasmus Løland med sysken og kjenningar til han var om lag 30 år. Han var 20 år fyrste gongen han var i Stavanger. Men sjølv om han var mykje sjuk, hadde han eit rikt liv. Han laga vakre tiner, koppar og bollar, skreiv ned ting heile tida og prata med folk. Etter kvart ville han gjere noko meir ut av skrivinga, og drog til Kristiania og til Tyskland, der han skreiv bøker for vaksne. Ei av dei handlar om bygdeungdomar med store evner som aldri får drive det til noko. Ein ung spelemann døyr av tuberkulose. Slik skulle det gå med Løland også. Sjukdomen tok mange unge i ei tid då dei ikkje hadde antibiotika. Etter kvart tok Løland til å skrive for barn. Han hadde ikkje gløymt korleis det var å vere liten. I fleire år var han redaktør for Norsk Barneblad, og han hadde eit sjølvbergingsbruk i Asker. Hadde han ikkje døydd 46 år gamal, så hadde han skrive endå fleire bøker og forteljingar.
|