"Hvem er Rasmus Løland ?" PDF Skriv ut E-post
fredag 28. september 2007 08:21

Av Ernst Berge Drange
Syn og Segn, nr. 2 i 2007


Arne Garborg stilte dette spørsmålet då han melde Løland si debutbok Folkeliv i Verdens Gang i 1891. Folk flest stiller kanskje det same spørsmålet i dag, hundre år etter han døydde. Men i år startar ei fem års markering til ære for Rasmus Løland, av mange rekna som den viktigaste norske barnebokforfattaren gjennom tidene. Han var ein uredd forfattar, og i det aller første nummeret av Syn og Segn vart han sensurert. Garborg ville ikkje at lesarane skulle mista matlysta.

Då Syn og Segn kom med sitt første nummer i november 1894, var forteljinga ”Or vegen” av Rasmus Løland det første oppslaget etter forordet. Det var jamvel tre Løland-forteljingar i denne første årgangen av Det Norske Samlaget sitt nye tidsskrift (1894–95). Den opphavlege tittelen på forteljinga, som skildrar ein gamal manns dødsleie – eit leie det helst drog ut med – hadde vore ”Paa døydssengi”. Men Arne Garborg, som hadde oppsynet med det litterære i Syn og Segn, meinte at ein slik tittel ville vera eit stygt varsel for det nye tidsskriftet. Ikkje særleg betre var det med titlar som ”I siste stundi” eller ”Helsott”. Difor foreslo han ”Or vegen”. For det var det det handla om. Dei grev mannen ned, ”og gløymd er han”.

Arne Garborg hadde hatt to Løland-forteljingar til vurdering sommaren 1894. Den andre forteljinga hadde tittelen ”Eit vondt ungdomsminne”, og var ei soge med temaet sodomi eller Crimen bestialis. Då Løland sende dei to forteljingane til Garborg, hadde han nyleg fått dei i retur frå bergensforleggjaren Mons Litleré med påskrifta ”bør ikkje prentast”. ”Eg skyner ikkje rektig dette”, skreiv Løland i følgjeskrivet til Garborg. ”Stykki er berre stutte etter maaten, og eg hadde inbilla meg, at dei ikkje var av det verste eg hev skrive. Men eg maa ha misteke meg.” Sodomi-soga var for tungt stoff òg for Garborg. Det var for naturalistisk. ”Emnet er so ’ureinslegt’, at eg trur kje Folk kan lesa Soga med heil Hug,” skriv han, og spør seg om Løland kanskje skulle ta bestialiteten ut og setja inn eit anna brotsverk, ”som ikkje var fullt so ufyse aa tenkja paa”. Det gjorde han òg, nokre år seinare.

Før Garborg tok inn ”Or vegen” i Syn og Segn, tillet han seg òg å ta vekk nokre avsnitt i forteljinga. Såleis fjerna han eit avsnitt om spyttekoppen, spyttekoppen som sto rett ved sida av vasskoppen. Der tykte han Løland hadde gått vel vidt i realismen sin. Ein skulle akta seg for slikt som kunne ta mathugen frå folk, meinte Garborg, og han var dessutan redd for at ”gode gamle romantiske Samlagsfolk kunde bli sinna”. Garborg tilrådde òg å stryka ein annan passus, av same grunn, nemleg der den døyande mannen tenkjer på dei mange lukkelege stundene han hadde hatt i senga si, der han no låg og skulle døy. Dette var for lettfeldig. ”De veit korleis Folk er,” skriv Garborg. Men han lét ungkaren Rasmus Flo – redaktøren – ta den endelege vurderinga om gleda i ektesenga.

Angst og sjukleg nerveliv
Men kven var Rasmus Løland? Arne Garborg stilte altså det same spørsmålet då han melde Løland si første bok Folkeliv i Verdens Gang rett før jul i 1891. Og den landskjende jærbuen, som hadde brevveksla med Løland nokre år og vore fødselshjelpar for boka, svara sjølv: ”Det er en Gut ifra Ryfylke. Hans Beskjæftigelse er nærmest at ligge og svæve mellem Liv og Død paa Grund af en Brystsygdom men jeg har en Mistanke om, at Døden ikke vil ha saa let for at faa Bugt med den Gut.”

Då Rasmus Løland var 17 år gamal i 1878, og nyleg hadde gått amtsskulen heime på Sand i Ryfylke, var han til dokter med hjarta sitt. Der fekk han diagnosen hjartebetennelse og melding om at han kunne døy kva tid som helst. Den alt noko nervesvake ungdommen, som mest truleg var plaga av anfall av panikkangst, vart meir enn vitskremd, og dokteren sine ord kom til å følgja han som ei mare gjennom over ti år. Han måtte passa seg for alt tungt arbeid. På det verste lei han av vonde vrangførestellingar. Meir slitsam enn direkte vondt over mange år var førestellinga om tråden som gjekk ut av bakhovudet på han der han gjekk. Men tida han levde i, hadde knapt ord for korkje psykisk eller psykosomatisk sjukdom.

Dei ti åra med sjukdom har Løland skildra i ein svært nær og personleg sjølvbiografi som han skreiv 35 år gamal i 1896, men som først kom ut i 1988. ”Eg var ... fødd med sterke drag til tungsinn og sjuklegt nerveliv”, skriv han om barndommen sin, før angstanfalla byrja riva i han for alvor. Dei psykosomatiske herjingane i kroppen hans snudde først då han i 1890 fekk diagnosen byrjande tæring. Dette er symptomatisk for ein person med helseangst. Pasienten får for første gong diagnose på ein dødeleg sjukdom, og alt det andre forsvinn. Han sto over tæringssjukdommen – i denne omgang – og fekk 17 år til å leva, år han nytta over all evne godt. I alt kom han til å gje ut over 30 bøker, vaksenbøker, barnebøker, skodespel og omsetjingar. Men ulike former for sjukdom måtte han likevel slåst med resten av livet.

Psykolog og ”sjæleframsynar”
Då Rasmus Løland fekk forteljinga ”Or vegen” på trykk i Syn og Segn i 1895, var han kjend for seks bøker, mellom dei barnebøkene Paa sjølvstyr (1892), Ungar (1892) og Kor vart det av jola? (1894) – klassikarar i norsk barnelitteratur – men òg vaksenforteljinga Skattegravaren (1893). Denne boka vart av Arne Garborg karakterisert som eit meisterstykke i utviklingspsykologi. Med det knytte han Rasmus Løland til den nye trenden i litteraturen, sjeleanalysen. Professor Olav Midttun sette det ein gong på spissen og skreiv at Løland "var psykoanalytikar lenge før Freud fann opp psykoanalysen". Førebileta var fransk og russisk litteratur. Rasmus Løland vart omtala som ”sjæleframsynar”.

Derimot var forgylte bondelivsskildringar noko Ryfylke-forfattaren ikkje kunne med. Difor er det heller ikkje rett når han som vaksenbokforfattar for ein stor del har hamna i båsen med heimstaddiktarane. Han hadde større breidd enn som så, og han gjekk meir i djupna i menneskesinnet.
I ein tidleg fase vart Rasmus Løland omtala i utanlandske tidsskrift. Tyskaren Ernst Brausewetter, ein stor kjennar av skandinavisk litteratur, skreiv ein heil studie av bøkene hans i skriftet ”Die Gegenwart” i 1894. Derfrå gjorde det franske tidsskriftet Revue des Revues utdrag. Det å bli omtala i utlandet var noko som gav høg stjerne både hos folk flest og hos forfattarkollegaer. Når Rasmus Løland vart beden om å bidra med tre forteljingar i første årgangen av Syn og Segn, har det vore på bakgrunn av hans posisjon som ung og lovande landsmålsdiktar.

Ut i verda – journalist i Den 17de Mai
Men kva hende vidare i livet hans? Hemma av sjukdom vart Rasmus Løland gåande lenge heime. Han hadde jamvel fått folge på heimegarden i 1886, 25 år gamal. I familieråd hadde dei vurdert det slik at han aldri ville kunna greia å forsørgja seg sjølv. Og då eldstebroren overtok odelsgarden, fekk Rasmus ein tinglyst kontrakt på at han skulle fylgja garden livet ut. Det er det som er folge, eller kår.

Det han heldt på med dei over ti åra med sjukdom, var å skriva forteljingar og å driva med småhandverk. Han produserte mengder med tiner, skeier, kiper og andre småprodukt. Men han lærte seg òg tysk og engelsk ved sjølvstudium. Og han las mykje. Mange av ideane hans til forteljingar kom då hovudet var mest i ulag. Så då Rasmus Løland endeleg kom seg ut av hiet sitt, hadde han store mengder med forteljingar liggjande. Men det var ikkje berre å gje dei ut slik dei var. Han strevde både med form og forteljarstil i mange år. Men etter å ha lese Jens Tvedt si bok Hamnatjonet (1889) losna det for han.
I 1892, 31 år gamal, var han sin første tur til Bergen. Der møtte han blant anna den første forleggjaren sin, Mons Litleré. Der møtte han og sunnmøringen Rasmus Steinsvik. I 1895 gjekk han over fjellet til hovudstaden der han gjorde avtalar med Bertrand Jensen, som på mange måtar overtok Mons Litleré sin funksjon som landsmålsforleggjar. Litleré døydde ung våren 1895. Men både hos Litleré og Jensen tapte Løland mykje pengar.

I 1896 vart han knytt til den landsdekkande nynorskavisa Den 17de Mai som i opplag i periodar ikkje sto langt bak andre meir kjende landsdekkande aviser. Han hadde særleg ansvar for utanriksstoffet i avisa, men skreiv òg om mykje anna. Hovudsakene hans var målsaka, demokratiseringa av samfunnet (røysteretten) og unionssaka. Redaktør Rasmus Steinsvik skreiv mellom anna dette for å få Løland til hovudstaden for å jobba i avisa hausten 1896: ”Du hev godt av aa koma ut for den sjukdomen din. Eg trur det er med deg som med meg at du er nokso hypokonder. Mot det hjelper det aa koma ut.”
Åra 1899–1900 var han på reise i Danmark, Tyskland (Berlin og München) og Austerrike. Han snudde nordetter att etter ein månad i den vakre alpebyen Hall i Tirol, nær Innsbruck. Frå denne turen skreiv han to artiklar – ferdabrev – i Syn og Segn 1900.

{mospagebreak}Den lærde bygda
Han kom frå eit lærd og på alle måtar ressursrikt gardsmiljø i ein vestlandsfjord. Gardsfolket i Hylsfjorden i indre Ryfylke var folk som heldt seg fullt oppdaterte på alt som hende i tida. Dei heldt hovudstadaviser som VG og Dagbladet, og dei finlas Stortingstidende. Politisk var dei radikale venstrefolk. Det fanst forresten fleire slike intellektuelle miljø blant gardsfolk på Vestlandet i dei siste tiåra av 1800-talet.
I tillegg til avisene las og drøfta dei all den viktige norske litteraturen etter kvart som han kom. Det var Ibsen, Bjørnson, Lie, Kielland, Kristian Elster, Amalie Skram og Knut Hamsun. Og det var Aasmund O. Vinje, Kristoffer Janson og Arne Garborg. Men det var òg den utanlandske litteraturen, førebileta, som Emil Zola og dei store russarane. Både politikk, litteratur og anna åndsliv vart drøfta mann imellom, og i meir og mindre spontane seminar i kveldssetene.
Ideolog i målrørsla

Rasmus Løland kom til hovudstaden midt på 1890-talet utan anna utdanning enn amtsskulen. Difor hadde han heller aldri lært seg til å snakka danna, til å snakka riksmål. Også som forfattar framsto han som reinare enn dei fleste andre. Det var knapt nokon i landsmålsmiljøet som skreiv berre landsmål.
Det såkalla Røelaget i hovudstaden var et uformelt forum der viktige personar i landsmålsrørsla diskuterte både ideologi og praktiske tiltak for å fremja målsaka. Her var Rasmus Løland ein sentral aktør. Andre deltakarar var professor Alexander Seippel, odelstingspresident Jørgen Løvland, den unge Halvdan Koht, nokre stortingsmenn og forfattarar, blant andre telemarkingen Vetle Vislie. Ideen om den store norske marknaden, som gav målrørsla store innkomer hausten 1898, vart unnfanga i dette forumet.

Løland spelte òg ei viktig rolle i det radikale ungdomslaget Fram i hovudstaden, miljøet som dreiv fram skipinga av landsamanslutninga Noregs Ungdomslag.
Han sto i det heile fram som ein særs truverdig person i kampen for landsmålet. For dei unge, som ein Sven Moren og ein Severin Eskeland, og heilt i slutten av livet sitt, ein Olav Midttun, var han mest som eit ikon, eit førebilete og ein ideolog. 1890-talet var ei pionertid då kampen for landsmålet for alvor gjekk over frå ei romantisk førestelling om noko opphavleg til ein kamp for å vera den ein var, til å kunna bruka sitt eige mål i skrift og tale. Det var så å seia å koma ut av skapet.

På parti med borna
Det vil vera rett å seia at arbeidet for eit norsk mål òg var den viktigaste grunnen til at Rasmus Løland skreiv bøker for born. Dersom borna frå første stund fekk opplæring i eit skriftmål som var naturleg for dei, ville kampen etter kvart vinnast. Og det var eit stort behov for barnelitteratur. Av same grunn var Løland ein pådrivar i den tidlege nynorske teaterrørsla, i andre halvpart av 1890-talet. Hovudstadsfolk måtte vennast til bønders mål.
I barnediktinga braut Rasmus Løland totalt med den søte, idylliserande og moralske barnebokstilen. Han sat med ei sjeldan evne til å skildra barns tankeliv og kvardagsliv, og borna hans er ekte og autentiske. Som barnebokforfattar var han banebrytande og heilt sentral i det som har vore kalla gullalderen i norsk barneboklitteratur (1890–1910). Innanfor dette feltet kom han òg til å spela ei stor rolle som redaktør i Norsk Barneblad (1902–07).
Mange hevda då, og mange vil hevda den dag i dag, at Rasmus Løland er den viktigaste barnebokforfattar i norsk litteratursoge både om ein snakkar om nynorsklitteratur og bokmålslitteratur. Den dag i dag står han fram som den beste barneforteljaren i norsk litteratur. Meisterstykka hans er bøkene Det store nashorne (1900) og Kvitebjørnen (1906). Då Kvitebjørnen kom i 1906, var dette den første nynorskboka på Gyldendal forlag.

Den frie tanke
Han voks opp i ein sein-haugiansk familie, med søndagslesing og kyrkjegang, men utvikla seg frå ein from ung mann til fritenkjar. Prosessen gjekk over mange år. Dei siste åra av livet sitt – han døydde i 1907 – opplevde han å stå mest åleine på barrikadane for den frie tanken og eit darwinistisk livssyn i miljøet sitt. Det var ei tid då miljøet hans elles var mest oppteke av nasjonale og kristelige spørsmål.
Engasjementet for den frie tanken resulterte blant anna i vaksenbøkene Aasmund Aarak (1902) og Umskifte (1904), som begge for ein stor del vart boikotta både av ungdomslagsrørsla, folkehøgskulerørsla og landsmålsfolket.

Lengten etter kvinna
Det var òg darwinisten i han som kunne forklara kvifor kvinna ikkje såg hans veg. For livet til Rasmus Løland var fullt av brostne illusjonar om kvinna og kjærleiken. Det ber òg svært mykje av vaksenbøkene hans preg av. Kvinna valde dei store og sterke og vakre mennene, – slik tolka darwinisten Løland menneskesoga. Det var mora i dei som baud dei det, ætteinstinktet. Men det hende dei vakre skapningane tok feil, ”for det var kje sagt at dei alltid var so gløgge som dei var elskelege”. Stundom tok dei dansehelten for å vera den rette helten, tok ytre utsjånad og klede for den rette blodfulle og senesterke manndommen. Men feil kunne alle gjera, godta han seg, der han sat og skreiv.

Gong etter gong kunne den litle, sjuklege og smålåtne Rasmus Løland notera seg tap på kjærleiksfronten. Til dømes kunne han, i slutten av november 1897, konstatera i dagboka at ”draumen om Olga Rød naa va ute”. Det var ei kvinne han hadde møtt på første turen sin over fjellet i 1895. No hadde ho forlova seg med ein sakførar.

På den andre sida har Rasmus Løland – ifylgje litteraturhistorikaren Jørgen Bukdahl – levert ei av dei finaste skildringane av eit møte med ei gledesjente i norsk kunst, eit møte med Klara i Akersgata. Den danske forfattaren og litteraturkjennaren Jørgen Bukdahl karakteriserte i 1926 forteljinga ”Den store automaten” (i Paa skuggesida, kom posthumt i 1908) som ei av Noregs beste noveller. "Der er det lille fortryllende Stykke om Glædespigen, der navnlig er til for alle de vingeskudte, de forladte, dem der lider Skibbrud i Kærlighed. Glædespigen er før skildret i norsk Kunst, men aldrig saa fint og inderligt som her."

”Hundrad aar”
I forteljinga ”Or vegen” i Syn og Segn seinhaustes 1894 tok Rasmus Løland for første gong føre seg temaet den store gløymsla, korleis ein så snart ein er faren, straks blir gløymd. Dette temaet arbeidde han òg mykje med i seinare år, med boka Hundrad aar (1910) som eit høgdepunkt og sluttpunkt, tre år etter at han var død. Han fekk ikkje ut boka då han prøvde sjølv, fem år før han døydde. Ho var ikkje høveleg lesnad for ungdom, heitte det.

Heilt kort er handlinga i Hundrad aar slik: Då kyrkjeklokkene ringde ut det gamle og inn det nye hundreåret (1899/1900), var det samla ein flokk norske kunstnarar i ein alpeby. I laget var der eit par forfattarar, ein musikar, eit par målarar og eit par bilethoggarar. Sentralt sto ei 18 år gamal kvinne, valkyrja eller skjoldmøya i laget, Dagny Berg. Då klokkevisaren sto på tolv, og dei løfta glasa sine og drakk for det nye hundreåret, fekk ho dei alle til å lova at dei midnattstimen neste hundreårsskifte skulle møtast att på same staden. Boka Hundrad aar følgjer så kunstnarane frametter, på kvar sine vegar. Målaren Brask og diktaren Snarp når lengst. I nekrologane deira blir dei takka for det dei ein gong var. Men det dei hadde skapt, hadde alt vorte gamaldags. Endå ei tid frametter vart dei likevel nemnde i boksogene. Så vart dei gløymde.

Ved neste hundreårsskiftet var det igjen samla ein flokk unge kunstnarar ved bordet i gjestgjevarhuset i alpebyen. Midtnattsstunda sat dei og høyrde på tonane etter ein namnlaus og avgløymd tonediktar, eit underleg sårt musikkstykke som fortalde om tusen brostne voner og strålande draumar som vart drepne i fødselen.
Boka Hundrad aar hadde opphavleg tittelen Um hundrad aar er alt gløymt, og verket hadde same undertone som Aasmund Aarak. Det er så lite glede i verda. Livet går sin gang med sine harde krav.

Gjennom realistiske tids- og personskildringar ville Rasmus Løland med boka si gje eit utsyn over menneskelivet, over ”sjølve denne gåtefulle endeløysa av alltid det same og aldri det same som me kallar menneskjelive” (Garborg). Han hadde som eit håp om at dette skulle snu forfattarskapen hans. Men det var for negativ kost i tida (1901/02).

Ei røyst frå grava
Dei siste åra han levde, frå 1903 til 1907, var Rasmus Løland nabo til ekteparet Hulda og Arne Garborg i Asker, og han rekna særleg Hulda Garborg som sin nærmaste. Garborg-familien likte òg å ha Løland som nabo, og fru Garborg viste stor omsorg for den sjuklege og på mange måtar einsame mannen.
Ettervinteren 1907 hadde Rasmus Løland ein siste sjukdomspause i livet sitt. Då vart han vald inn som styremedlem i Den norske Forfatterforening og i skriftstyret for Syn og Segn. Men i april vende det, og eit halvt år etter var han død, midt i oktober 1907.

I november, ein månad seinare, kom det ein lengre artikkel av den avlidne i Syn og Segn. ”Ei røda um bøker og andre ting” var tittelen, og der gjorde han greie for synet sitt på den nyaste landsmålslitteraturen og synet på det å bruka det nynorske skriftmålet. Det hadde kome vel mange oppbyggjande bøker på nynorsk dei siste åra, tykte han, og særleg bøker som priste bonde- og bygdelivet som det lyse og gode livet. Men dette var ikkje kunst, hevda han, det var nærmast traktatar skrivne til beste for folket.

Som landsmålsaktivist hadde Rasmus Løland i yngre år vore purist, og stått kraftig på at ein ikkje skulle bruka ord og vendingar som hadde kome frå andre språk, særleg dansk og tysk. Haldninga hans no – der han tala frå grava – var at ein måtte vera praktisk. Skulle ein greia å få eit arbeid ifrå seg i rimeleg tid, kunne ein ikkje sitja og pina seg og vera purist. Kom det eit ord eller ei vending av framandt opphav, så tok ein det med. Det som var viktig, var at målet var norsk i stilføring og tonelag. Det var her det norske skulle koma fram. Men samstundes som ein brukte eit kvardagsmål, kunne det òg i somme samanhengar vera godt å bruka eit meir bokleg og litterært språk. Som i alle andre mål måtte det vera slik at ulike emne kravde ulik målføring. Målsetjinga måtte vera at norsk mål med tida skulle bli ein lett og ledig og naturleg reiskap for alt som menneske tenkte og hadde å seia, det liksom andre mål.

Rasmus Løland vender attende
I årboka Litteratur for barn og unge skreiv Einar Økland i 2005 artikkelen ”For hundre år sidan” med Rasmus Løland og ei av forteljingane hans som tema (”Missjonen i skogen”). Artikkelen var meint som eit dementi av siste setninga i boka Hundrad aar: ”Um hundrad aar er alt gløymt.”
I samband med utgjevinga av Hundrad aar i 1910 hadde Rasmus Løland vorte hylla i Den 17de Mai av ein som underskreiv seg Thorgeirson. Han sa seg å kjenna Løland personleg frå år tilbake, venteleg frå Bondeungdomslaget i Oslo. Thorgeirson skreiv, med referanse til tonediktaren i Hundrad aar, han som – i form av eit musikkstykke – møtte opp att i alpelandsbyen ved det neste hundreårsskiftet: Du – Rasmus Løland – er tonekunstnaren som strevde så trutt med ditt store arbeid, som la all di sjel og all di såre sut inn i det. ”Men difor skal og du verte den som fær halde lovnaden, og møte fram att ved næste hundratal.”

Mange av Rasmus Løland sine vener og kollegaer er gløymde, den eine etter den andre. Men Løland si dikting, den moderne barneforteljinga så vel som den såre og vonde livssoga hans, er i ferd med å bli aktualisert. Det såre, men sterke medvitet hans er framleis verksamt. Rasmus Løland er i ferd med å venda attende etter hundre år.

Suldal kommune, Rogaland fylkeskommune, Asker kommune og ulike sponsorar har samla seg om fem Løland-år 1907–1911. I Asker vil ein setja opp att Løland-huset, som vart rive for nesten 50 år sidan, og nytta det som eit levande litteratursenter og skrivestove. I Suldal er planen at markeringane skal munna ut i eit senter for nynorsk barnekultur og barnelitteratur. Det viktige føremålet med dei fem Løland-åra er såleis å fremja leselyst og skriveglede blant barn og unge.

Det er i Rasmus Løland si ånd.

Share/Save/Bookmark
Sist oppdatert måndag 04. august 2008 05:36