|
Av Arne Garborg. Foredrag halde paa Sand den dagen Lølandssteinen vart vigd. Stavanger Morgenavis, onsdag 24. januar 1912.
Den lagnaden Rasmus Løland fekk var ikkje berre blid, som me veit; og han fekk ingen lang livsdag. Men med sine store gaavur og sin seige vilje naadde han so langt fram og so høgt upp, at namne hans endaa kjem til aa minnast.
Han kom til i 1861, den 24de mai, paa Løland i Sand, der forældri Lars Larsson og Barbro Torkellsdotter, levde i trygg velstand.
Godt avgjøymd ligg garden inn i ei av dei innste Ryfylkebygderne, um lag midvegjes millom Hylsfjorden og Saudafjorden. Etter maaten paa desse kantar er det ein stor gard. Og vent ligg han til i ei opi vid dokk i sørhalle attunder eit rès; der er sjaalegt og fritt, men endaa godt live. Det er ein god gard; og attaat vide og velstellte jorde hev han gilde fjellbeite og stor skog, som fraa gamalt hev vore liksom “banken” for garden; naar den unge tok imot, so hogg han i skogen det han turvte til aa løysa ut syskjo med. Sidan fekk skogen fred; mannen hogg berre kvart aar ut sligt som helst stod i vegen. Men med det fekk han baade matrial nok til heimabruk og so-vidt til aa selja, at det vart rikjelege rettleidsskjelingar. Skogen kunde daa alltid vera den hjelpi for garden og ætti som skog skal veta. Lølandsgarden er bygd etter den gamle maaten: med mange og ikkje store hus; der er godt rom millom bygningarne. Umframt heimahuse er der fire andre “buer” (hus til aa bu i); kvar bu hev ein romleg kjøk og ei stor “lemstova” (med lem eller loft yvi): eit par av desse buerne hev vore nytta til gjesterom. Midt i tune stend gamlebuo, den eldste, bygd av ukløyvdi timmerstokkar og utan bordklædning; maalingi, innvendes er fraa 1768. I timra er innhogge eit aarstal fro godt halvfjerde hundra aar sidan: men kor gamalt huse er veit ingen; det maa vera ei av dei eldste lemstovurne paa vestlande. Ætti paa garden er gamal. Og god gamall bondekultur hev alle dagar raadt her, som inn i fjordarne i det heile. Paa ein grannegard til Løland budde det endaa til ikr. Aar 1600 ei ætt som hev vore av gamalt norskt storfolk; ein av dei siste i denna ætti rekna Rasmus Løland med millom ætteferdrane sine.
Heime vaks Rasmus upp. Og holdt seg heime, som ungdom paa velstandsgardar jamt; han var ein 20-aars kar, fyr han kom so langt som til Stavanger. Meir enn dei fleste lærde han i den skulen som dei vaksne kallar barnaleik og trur er berre leik; det ser me og av dei barnasogurne han sidan gav oss. Ein god skule var det au aa sjaa paa og etterkvart koma med i baade innearbeid og utearbeid, som dei vaksne dreiv med; og landsborn, ikkje minst vestlandsborn, kjem tidleg med her. Rasmus hadde godt arbeidslag og fint handlag. Kor mykje han lærde i den bokskulen som no skal vera den rette barnaskulen hev han ikkje sagt noko um. Det som er sisst er, at dei mange trudoms-timarne han der fekk tvinga han innpaa “grublisering” i tidlegaste lage. Etterkvart som han vaks til vart han glad i aa lesa; serleg lika han bøker som han kunde læra noko av; skildringar fraa langerder og fraa natrulive var han mest forviten etter, um han elles etterkvart lærde aa skyna at der kann vera sanning i diktbøker og.
Guten var liten og nerveveik; og stilt og blygvore for han fram. Men rædd var han ikkje. Høyrde han noko som han ikkje fann grunn i, so spurde han seg fyre; og fekk han endaa ikkje samanheng, so sa han si meining, rolegt og finslegt men greit, og det um han so stod ermaskjurta og i tresko framfyre den kautaste bymann. Han kom i det heile snart etter, at inkje vart sant for di um den eller den hadde sagt det; skulde det vera sant maatte det hava grunnar i seg sjølv. Hausten 1877 kom amtsskulen til Sand; og Ramsus gjekk inn der; han hadde lært so mykje no at han skyna han visst fyr lite. Det var Torkell Mauland, som var styrar for skulen i dei tider. Den litle 16-17-aaringen fraa Hylsfjorden stakk seg ikkje fram paa skulen heller; og ingen tenkte dette kunde vera noko. Men Mauland fekk stundum sine tankar; Rasmus Løland skreiv godt. Ein av stilarne hans fekk ein bymann sjaa, ein som skulde ha vit paa slikt, og han meinte paa, at for den stilen vilde det verta 1, um han so vart framlagd til artium. Rasmus nytta tidi vel og var ein av dei som gjorde seg mest gagn av skulen. Dette var daa og den fyrste bokskulen han hadde havt noko hjælp av. Han vaaga seg enno ikkje til aa skriva norskt. Men talemaale sitt heldt han uppe reint og greidt; knita heldt han seg for god til. Og jamt var han med i den flokken som møtte upp, naar Mauland utanfor skuletidi las upp og gjekk igjennom norske diktverk.
Denne eine vinteren paa amtskulen var all den skulehjelpi Løland i ungdomsaari fekk. Sjølv tott han nok elles at han hadde kasta burt mykje tid med skulestræv no; han lagde i veg med jordarbeid og skogsarbeid, som det galdt aa tena denne vinteren upp att. Attaat sende han stundom ein stubb til eit blad: det var fristundsarbeid og ingen ting. Han vart reint forundra, naar han stundom fekk sjaa det att paa prent (som segner fraa Hylsstrandi i “Fedraheimen”).
Men med utearebide hev han vel tekje det for hardt; med alle sine 17 aar var han mindre sterk enn han hugsa. Den veikleiken, som alltid hadde legje under hjaa han, braut fram for aalvor no, - nettupp som han skulde vera vaksen. Han fekk eit hjartemein saa hardt, at naar riderne kom gik det reint paa live. Desimillom gjekk han med eit hald i sida, so han var magtlaus og aldri trygg, og hovaverken var verre enn nokon gang fyrr; det var lange tider det ikkje var tenkjande paa noko slags arbeid.
Dokteren visste ingjo raad. Dauden kunde vera ventande naarsomhelst, sa han. Der vart daa guten gangande, og halvt um halvt liggjande. Og det gjekk som det plar gaa; naar dauden kunde vera velkomen, saa kjem han ikkje. Det vart verande som det var. Letna det for ei stund, so var det ikkje lengje fyrr riderne kom att, og meir og meir matlaus og arm vart han; det som ungdom skulde vore vart til einaste lang, tung graavêrsdag. Sjølv hev han skildra desse vonde aari i “Diktaremne” og i “Aasmund Aarak”.
Etterkvart vandest han so vidt med sjukdomen, at han kunde nytta meir og meir av tidi til aa lesa. Fraa bygdeboksamlingi og fraa andre kantar fekk han laant bøker; og av beste magt lagde han seg etter kundskap, mest naturkunnskap, landkunna, historie. Han lagde seg endaa etter framande maal; baade engelskt og tyskt fekk han lært seg paa desse aari med berre bøker til lærarar., Men so hadde han eit minne og, so han kunde læra heile ordbøker forutto. At han i tider som desse kom innpaa trudoms-spursmaal att er rimelegt nok; og av det som er fortalt i “Aasmund Aarak” kann ein forstaa, at lett hev striden ikkje vore. Men me ser og, korleis spursmaali etterkvart klaara seg for han.
Smaatt um senn var det so vidt framyvi at han kunde slaa seg paa eit eller anna innearbeid; han svarva trekjeralt, batt sopelimar, fletta tog og gjorde tinur. Limar selde han heile baatfarmar av for 2 skilling stykkji; men med tinearbeide gjekk det best; tinemakaren Rasmus Løland vart kjend lengje fyre diktaren.  | Det var elles i desse sjukdomstiderne at diktaren au tok til aa vakna. Mangt og mykje av slikt som han hadde set og røynt, ikkje minst den vanlagnaden han no var komen ut fyre sjølv, og dei suterne av ymist slag som den drog med seg – kjærleiks – og framtids – og andre sorger – mangt av dette skapte seg um til livsbilæte for han: til sogur um slike som paa den eine eller den andre maaten hadde fengje lagnaden imot seg liksom han sjølv; desse sorgurne kunde han liva so heilt med i, at han stundom mest gløymde sine eigne mødur. Ja stundom dikta han vers. Naar det var so smaatt med han at han inkje anna kunde stella med, so kunde han driva tidi med aa laga skjemtekvad og spottevisur og anna lystigt, som heldt mode uppe; - der hev vore ei forunderleg kraft føynd under all denne veikskapen. Some av desse visurne skreiv han upp; og det kunde henda dei “kom ut”; dei gjekk daa sidan i bygderne som andre folkedikt. Lika eins skreiv han upp mange av forteljingarne sine; det dreiv tidi det med. - Men sjukdomen heldt seg. Og tog magti ret som det var. Det skrale nerveverkje hev vore ikkje minst til bry for han; i lange tider gjekk han og møddest med paafynster so snodige, at ein kunde tru han var ikkje klok. Eller han drogst med grillur av det slage, som han sidan hev fortalt um fraa Aarak, der sjukingen tykkjerst forstaa, at folkje hans berre ynskjer ham vel “or vegen”. Fleire aar var gjengne paa denne maaten. Og det bar helst ned-yvi. Um hjarta heldt seg rolegare no, so auka det paa med anna vondt, særleg lungesykja; at guten aldri fekk si arbeidskraft att forstod alle. Daa gamlingen gav fraa seg, skilde han daa uppset (folga) til Ramsus; etter gamalt fekk den fylgja gaarden som helselaus var.
Noko etter vakna det som ei lito ny von for Rasmus Løland. Han hadde etterkvart fengje “ei heile kjiba fudle med forteljingar” So kom han paa at det kunde vera snodigt aa høyra kva ein mann som Mauland vilde segja um desse stubbarne; det var visst god lærdom i some av dei. Og han sende Mauland ei heil “budda” med skrevne ting paa norskt og norskdanskt til gjennomsyn . Mauland vann seg igjenom budda; svara so, at der var mykje godt i alt, men at sogurne paa norskt var utan likning dei bedste. Løland sende daa nokre av desse til Oslo, um han der skulde kunna faa dei ut; og dette laga seg. I 1888 kom tvo af sogurne hans paa prent: “Hans og Margreta” (i “Lauvduska” og “Litle Eirik og grisen” (i “Fedraheimen”). Ja det utrulege hende, at han fekk skriveløn, heile 40 kr. for “Hans og Margreta”!. Og um den andre vesle stubben ikkje gav pengar, so vart han daa visst lagd merkje til. Rasmus Løland vart reint glad. Kunde han tena eitkvart lite med skriving attaat det han fekk inn med timearbeid og slikt, - so kunde han kanskje endaa vinna so langt at han vart sjølvberga. Han stræva med baade skriving og timearbeid no eit bil, naar helsa var til det. Det var verre aa skriva no, daa han liksom skulde vera “forfattar”; han kunde nok ikkje fortelja so beint fram som han hadde gjort fyrr. Men snart lærde han – ikkje minst ved at han las av Jens Tvedt – at det galdt nettupp aa fortelja beintfram utan “kunster”, so som og gode bygdeforteljarar gjorde. Lika eins forstod han, alt det var bedst aa bruke sitt eige maal i skrift som i tale; han kom og etter, at den som vil skriva godt landsmaal maa byggja paa bygdemaale og i heile sin maate halda seg til det. Og fyrr han visste ord av gjekk arbeid som av seg sjølv. Til dess meir trygd lèt han meg sjaa igjenom nokre av dei fyrste forteljingarne som skulde ut; og no var det lettare aa faa dei ut enn nokon gong fyrr. Mons Litlerè var komen. Snart kom det bok etter bok: gjerne eit par um aare. Og alle var dei noko framifra og nytt, i syn og maate og lag; men attaat so braaklaust og kvardagsleg fortalde, at folk kjende seg heilt ut att, og undrast paa um noko so sant kunde vera poesi; diktaren fekk reint magti med tinemakaren. Um det nok enno var tinemakaren som tente mest. |
Det var elles ikkje serskilt dikting, Løland tænkte paa; vera diktar var lite tess, naar ein ikkje nettupp kunde vera “ein av ei store”. Men det var mangt og mykje som burde bli sagt. Og lettast var det aa naa fram, serleg til ungdomen, med forteljingar fraa det live dei sjølve kjende til. Mangt kunde ein au faa best fram gjenom forteljing; den som fekk live til aa tala preika betre enn nokon prest. Kunde ein so attaat segja nokre ord som gjorde forteljingar fraa det live dei sjølve kjende til. Mangt kunde ein au faa best fram gjenom forteljing; den som fekk live til aa tala preika betre enn nokon prest. Kunde ein so attaat segja nokre ord som gjorde meiningi dess klaarare og slog sanningi dess meir fast, so var det so mykje betre.
Hadde Løland havt eit mindre klaart hovud, so hadde han soleis lett kunna kome inn paa preikevegen. Eg minnest t.d at han fraa fyrst hadde ein moralsk hale paa sjølve “Skattegravaren”. Og daa eg bad han kutte den halen, so gav han eit svar som viste at han heldt halen for hovudsaki: Men snart forstod han, at sanningi sjølv tala best.
Det nye arbeide gav nyt mod; og mod er ei god lekjeraad; med sjølve helsa bar det fram-yvi.
{mospagebreak} Men ei ny motbaara kom. I eit vakje og vakse folk hadde ein bokhandlar vorte rik paa diktarar som Jens Tvedt, Rasmus Løland, Hans Seland. Men Mons Litlerè sat i Norig; han sleit seg daa berre ut. So døyde han, og ingen vaaga taka arbeide etter han. Og Løland hadde paa nytt berre limar og tinur aa lita paa. Daa kom det ein ny “Mons Litlereè” i Oslo; Bertrand Jensen. Og denne fekk set slikt mot i folgemannen og tinemakaren inn i Hylsfjorden, at noko reint utenkt hende; ikkje berre bøkerne sine fekk Rasmus Løland flutt til Oslo; han flutte dit sjølv! Han hev kjent seg sterkare no. Og hev visst, at han i alle maatar hadde godt av eit luftskifte. Me kann saa takka by-maalmannen Bertrand Jensen for, at ein av vaare fremste og mest sermerkte forfattarar naadde full aandsvokster og mogning. Løland tok landevegen yvi Suldal, Haukelid, Telermarki; so fekk han sjaa noko meir av lande med sama. I Oslo vart han vel fagna; ein av dei norske færarane der, Rasmus Steinsvik, som gjenom eit serskilt godt stykkjer i “Bogvennen” um Lølands dikting hadde gjort sitt til den nye vending i livslagnaden hans, lèt han faa eit lite fast arbeid i “Den 17de Mai”; han var daa heilt trygg, med studnad fraa tvo sidur. Og alle dei han etterkvart lærde aa kjenna var hjelsame mot han; dei saag at det var smaatt med han. Lite for seg syntest han au vere, - meir enn han var i grunnen.
Snart var han i fullt arbeid; “reinskreiv” forteljing etter forteljing av dei som laag meir eller mindre ferdige i ferdaskrine eller hovue hans, barnasogur og andre, og fekk ut bok etter bok; no og daa kom jamvel eit lite spelstykkje, til bruk for ungdomslag. Og meir og meir vart namne hans kjendt og vyrdt, millom norskdanske som millom norske. Han skildra det live han kjende til; og best kjende til live “paa skuggesida”, det som elles dei fleste fær prøva meir eller mindre av, kvar paa sin maate. Her saag han serleg djupt og klaart. Og rolegt og knapt og utan kunstur fortalde han, men med ei særskild magt, so han reint kunde “hypnotisera” lesaren, naar han var paa sitt beste, og det um det slett – ikkje var “store ting” han fortalde um. Ofte fekk forteljemaaten eit skjemtande lag; han hadde gløgt sun for det smaa-løgne som gjerne vil fylgja med i alt liv, kor sutsamt eller rangsnutt det so kan vera. Men inst i all hans skildring var der eit aalvor som vakte tankar og reiste spursmaal. Men naar han vart trøytt av skuggesida søkte han solsida; og snart sagt det einaste av hans liv som hadde havt sol var barna-aari. So vart det daa i bilæte av barnaliv at diktargaava hans vann seg friast og rikast fram; det utrulege hende: sveinkallen vart barnadiktar! Og det ein med dei fysste me nokon gong hev havt. Han kunde med loyn henthug teikna barnalive for deie smaae sjølve; han kunde og, med eit drag av “heimlengt”, mana det fram for den vaksne lesaren; alltid vart det levande sanning under eit rikt ljos. Barna sutrar og barna angest kunde faa strid magt; ikkje mindre hugtakande lyste barna-undring og barna-gleda upp, naar livs og natur – under og – gaatur glytte fram paa so ymse vis, eller naar leiken gjekk fri og frisk i blaablank dag, med stundom braa umsnunad. Ein kann kjenna seg som paa høgfjell i sol, naar barnaheimen stig fram gjenom Lølands skildringar. Det han kunde faa av fristunder nytta han mest som fyrr: til lesing: og no hadde han sjølve høgskuleboksamlingi aa taka av. Elles bygde han seg ein skule sjølv liksom Vinje; lærde gjenom samtale og ordskifte av kven han kom i lag med, lærd og ulærd, gamall og ung. Men seg sjølv heldt han paa gjenom alt; um han i ytre ting retta seg etter skikken der han var, so gav han aldri upp heimemaale.
Luftskifte hadde gjort godt; og det vel ikkje minst det aandelege; det at han hadde fengje so mykje anna enn sitt eigje aa tenkje paa. Vanhelsa minnte seg nok, men ikkje som fyrr; det var tider daa han kjende seg reint livsmodig. Han saag betre ut au etterkvart. Stilt for han som fyrr; og augo hadde i lange og innestengde sjukdomstider vant seg til aa “søkja inn-etter”; dei heldt seg helst nedslegne. Men saman med kjenningar var Løland i godlag; daa kunde han baade røda og skjemta; ein saag at han lika seg.
Det er i desse “sveinkall-aari” frametter, at han hev havt si rette ungdomstid. I bondeungdomslage vanka han rett mykje; og minst forsmaadde han jentelag. Segni vil endaa vita at han hadde sine rider af kjærleikssorg no som i den fyrste ungdomen; visst er det, at kjærleiken fekk meir rom i forteljingarne hans no.
Heim kom han eit par gonger. Han maatte sjaa att dei gamle tufterne: Lølandsgarden, og skogen, og stor-urdi, og heile den fjell – og fjordheimen der han hadde leika og drøymt i barndoms- og ungdoms aar. Her var no likavel den einaste staden han var heime. Elles heldt han seg roleg mest. Og til utlande kom han berre ein gong. Med hjelp av statsbevilgningi til reiser for bokfolk heldt han seg eit ars tid (1900-1) i Tyskland. Han lærde nok snart det so mange lyt læra: at det er i yngre aar ein maa ut, um der skal vera noko større hjelp i ei ferd paa eit aars tid eller tvo; men han nytta tidi best han kunde til aa “studera”. I storbyar saag han paa bygningar, samlingar, gateliv, og gjorde det han kunde til aa koma inn i aandslive; men i landsbyar heldt han seg mest i Rindalen (Tyrol); der lærde han best det tyske folkje aa kjenna. Som han laag der nede spurdest det, at “tiderne” heime hadde skift ; etter for mykje storspekulasjon hadde smalhans fengje magti. Og millom dei forretningarne som hadde ramla var den bokhandlen som Løland no skulde hava aa lita paa. Han laut heim og berga det bergast kunde. Men mykje leida vart det av dette, og ikkje lite tap. Som vel var tolde Løland mykje motganga, av di han turvte lite. Han greidde seg med billege rom, som han stellte og skurde sjølv, og levde paa billeg kost, som han sjølv kjøpte og stelte; han kokte endaa so ein eller eit par gonger um veka; greidde seg mest som paa eit anna fiskevær. Men det som var godt for rekneskapen har ikkje alltid vore godt for helsa. Elles hadde han so godt eit namn no, at med bokreidar benka det seg snart. Han kom inn hjaa Olaf Norli; og baade gode og greie var dei vilkaar han der fekk. Og um “kjibo” meir og meir tømdest no, so hadde han endaa alltid flust nok av forteljingsemne.
I 1902 fekk han ut hovudverkje “Aasmund Aarak”. Her lagde han fram, i umdiktning men tydelig nok, sin eigjen tunge livslagnad. Sogo er fortald med Lølandsk kraft; og her hev han vilja tala beint ut: bilæte er utan naade sant og utan lemping myrk, -heilt og gjenemført myrkt, som hans eigje liv hadde vorte, um ikkje eit par heppelige tilfelle hadde lempa paa ulukka. “Aasmund Aarak” er det modigaste dikt me hev paa norskt.
Paa ein maate læt det segt ligna med det modigaste norsks-danske dikatar og domarverk: “Gjengangere”. Men det gjeng djupare, og hev daa inkje i seg av dom. Løland læt samfunsdloverne liggja og gjeng heilt ned til livslovene.
Sjølvsagt vart daa folk skræmde. Og denne sogo um det store vende i livslagnaden hans vart for Løland eit likso stort vende i hans forfattarlagnad.
Underlegt hev det set ut for han, at folk ikkje orka lesa det som han hadde lote orka lida. Han hadde tokje det taalegt fyrr med dette, at bøkerne hans ikkje “gjekk” noko flust; det kom seg vel mykje at av dei hadde strøymt so fort paa – veik som Løland var hadde han meint at det var best aa nytta den tidi ein hadde. No leitte det noko meir paa han, dette at han vart so lite høyrd! Og daa han av bladi forstod korleis det hekk ihop; at folk ikkje vilde vita av sanning utan ho var noko –so –nær hyggjeleg, -so fekk han hug til aa segja folk noko meir sanning. Og han skreiv “Umskrifte”. Gjennom diktaren Hamre – som i dei store drag hev Lølands eigen aandelege framvokster – stig han her fram og talar ende ut: den ungdomen som i det siste hev vakse fram, den er gamal! Korkje sanningsmod eig han eller framgangsvilje; han hev berre eitt ynskje: fred og ro; ligg i sine ungdomslag og svæver seg med fagre ord, blid song, gamalkloke preikur, foredrag til aa driva tidi med: med presten i fyreenden ber det beint ut – i bakstræve att. Det gjekk elles som det plar gaa, naar ein diktar fører krig: han ser det som kann vera av rett paa hi sida med, og so greier motparten seg betre enn ventande. Desutan kom det kjærleiksvanskar i vegen for diktaren Hamre; han fekk meir enn nok av sutar sjølv aa dragast med. Fordriven paa alle kantar kjem han til slutt inn paa sjølve det kjønsmoralske spursmaale; og Løland, som ikkje vilde ljuge noko av live burt, lèt han gjenom lystig skjemt spotte bitande her; det kunde vera best aa faa tala ut um dette med denne gongen. Men etter desse tvo siste bøkerne stod han so heilt aaleine, at daa han kom til bokhandlaren med den næste boki – “Hundrad Aar”som er eit av hans hovudverk likso vel som “Aasmund Aarak”, “Skattegravaren”, og paa sin kant barneforteljingarne - so vart han burtvist med nokre moralske ord um, kva folk hadde godt av aa lesa.
Der stod daa Rasmus Løland husvill endaa ein gong.  | Daa freista han det nye Gyldendalske underbruke i Kristiania: Cammermeyers forlag”. Lèt “Hundrad Aar” liggja – hev nok tenkt paa aa stella ho noko um – og prøvde med ei barnaforteljing, kanskje den beste Løland hev skrive: “Kvitebjørnen”. Jau; Gyldendal tok den. Aare etter, 1906, tok han dertil ei ny utgaava av “Nashonet”. Men den Bjørnsonske motbaara vaks, og Gyldedal hev funne det rettast aa holda unda for den: næraste boki av Løland, “Paa Skuggesida”, viste han fraa seg. Og fjerde gongen stod Løland forleggjarlaus. Hadde han endaa berre ikkje vore norsk no!
Trøytt av aa flytja og flytja paa buvis fraa hus til hus hadde Løland i 1904 fengje seg ein liten ungkarshiem paa landsbygdi : 3 korter med banen fraa Oslo, paa Lobraaten ved stasjonen Valstad i Asker. Der hadde Folduls-storbonden Ivar Mortensson ein “støyl”; eit lite hus med ein rett stor hage; den fekk Løland kjlpt, og var sidan “Asker-bonde”.
Til grannar fekk han kjendsfolk; Steinsvik og meg. Og me heldt godt grannelag me tri, kan eg segja, um me elles saag lite til kvarandre; kvar for seg hadde so meir end nok aa stræva med.
Dette galdt ikkje minst um den minst sterke av os: Løland. Han ssat med arbeid jamt; skreiv bøke og bladstykkje, og brev i dungavis, og las prentretting (korrektur) og haugar med maunskript: og alt gjorde han so vel, at ikkje skynar eg korleis han fekk stundur til det. Attaat var han med i ymist lagsarbeid; i styre for det norske samlage sat han i fleire aar, og gjorde nok anna enn “sitja”; ingen stad sparde han seg. Sine “kvileturar” gjekk han um kveldarne helst, eller ut-etter notti; han fekk ikkje sova fyrr ut – imot morgonen kor som var.
Dei lesarane han i desse aari tenkte ikkje minst paa var born og ungdom: betre enn dei fleste hugsa han, at der vaks framtidi. Og som han sjølv skreiv “Barnabøker”, og dertil fekk ut ei baade rik og fint gjenomforma norsk eventyrbok, soleis fekk han og ut i heil rekkja av dei beste og mest namngjetne utenlandske bøkerne, for barn og ungdom; og det arbeide heldt han so viktigt, at han sidan, daa han saag at han sjølv ikkje rak meir, fekk ein kjenning til aa halda paa med det . (Sev. Eskeland). Det var eit grunnleggjarverk han soleis fekk gjort fro det norske barna – og ungdoms-bokrike.
Men so snart vaaren kom stod han i hagen og arbeidde, og det so han vart reit eit “vondt samvit” for meg, som au hadde hagje, men lite vanst med han. Gjester hadde han rett ofte um søndagarne, helst ungdom; gjenter med; og daa hev det vore hyggjelegt i stova hans. Eit einaste krav hadde han til gjesterne, at dei ikkje maate røda um bøker eller “saker”; han hadde meir enn nok til kvardags av slikt. Elles gjekk samtalen huglegt og fritt um alt som falla kunde. Og um Løland ingen drøsekopp var, so hadde han – som fyrr nemnt – øvt upp sin norske samtalekunst, so han var ein heil meister i aa “konversera”, naar han hadde lag som han lika. I dette stykkje var Løland ikkje ulik Ivar Aasen, som han minner um i eit par andre stykkje og; han hadde naat høgdi av aandsdaning utan nokon eksamen; og han var og vart alltid verande ein - -ikkje berre ugift, men i det heile einsleg mann. Der er eit lite ord i “Umskifte”, som er lærerikt i so maate; han fortèl um tvo gode kjenningar, som gjerne sat og tala om det dei ikkje tenkte paa – “som venar plar gjera”, for det dei tenkjer paa er ting, som dei ikkje vinn seg fram med, eller ting, som er for fine for ord. Om Løland gjeld det heilt ut det som hev vore sagt um ein annan og kunde bli sagt um mange; “med alle sine gode vener han stod aaleine paa jord”.
I det einaste stykke “eg”- forteljing han nokon gong hev sendt ut - ein stubb i Paa skuggesida” – kjem dette fram i skjemtande form : tilmed slikt som syttendemaifestar held Løland likso gjerne aaleine. Han er kommen til byen i syttandemaitankar den 18de i staden for den 17de ; - slikt kan lett henda for en pennemann, som sit bunden med eit arbeid. Men syttandefest maa til ; han fær tak paa ei festsløyfe og eif festprogram for igaar og legg i veg; er med baade i folketogo og paa kurkjegarden og paa festningen og kjem noko-so –nær vel ifraa det meste. I bondeungdomslage gjeng det endaa sistpaa so “godt” at han berre med snaue naudi og ei trikruna berger seg fraa sjølve raadstova. Her som altid er der aalvor under Lølands skjemt; det er live sitt han hev gjeve eit bilæte av. Han “var med” i so mangt, men om han var midt i baade gilde og lag; han var endaa aaleine.
Berre i arbeidslag kunde han koma heilt med. Og der sparde han seg ikkje; det han hadde aa gjeva gav han med raust hand. At folki ikkje takka noko større, det fann han seg i, om det visst ofte fall tungt: det var ikkje hans sak kva takk han fekk: hans sak var aa gjeva det beste han visste og kunde. Ein fekk “taka livsdagen for han var og gjera det beste ein kunde ut av han”, og so naar ein eingong var færdig, “takka all-live for han og vera nøgd med det ein hadde fengje” – som Hamre segjer i “Umskifte”.
Med helsa hadde det greidt seg utrulegt i disse aari. Lika eins hadde det greidt seg utrulegt med utkomo. Men sterk vart Løland aldri. Og alt for tungt hadde han lagt aat seg med arbeid, og altfor billeg hadde levemaaten vore, so altfor mykje. So gjekk det ventande: dei gamle sjukdomarne tok seg upp att meir og meir.
Og um han tok det med mod og levde so vitugt som han kunde og saag seg raad med, - meir og meir hev magti hans minka. Ho minka so han vart uroleg. Han var ofte inn-um hjaa grannen og rødde med kona i huse om alt dette leie han hadde aa dragast med og um raader og rettleidingar; men no var det nok for seint. Og “um han meir enn fyrr var ute og gjekk – det vart meir og meir vondt aa sjaa, kor skral og skrinn han vart og kor smaat han meir og meir rusla. Vaaren 1907 var han so veik, at han laut leiga arbeidshjelp til hagen: - trong til aa kvil aseg upp alt. Men med kvila vart det nok ikkje rart. Han sat ved skriveborde so sant orka vera uppe: arbeid hadde han i haugavis, som han no maatte sjaa aa faa fraa seg. Ut etter hausten viste det seg, at “kvila seg upp at” kunde han nok ikkje lenger Han laut berre tenkja paa aa faa “kvila”. Av dokteren fekk me høyra at kor som til stod: der var so lite at av lunga, at det veike hjarta kunde ikkje lengje klara arbeide sitt. Han lika ikkje dette, Løland; altfor mykje arbeid laa ugjort og halvgjort enno. Men det som skulde so vere, fekk so vera; og for sin eigjen part hadde han nok inkje imot aa faa kvila. Sjølve sjukdomen var mødesam nok; verst var det med andenaud stundom. Men hadde fengje lært aa lida; tok alt med taalegt mod. Det var visst ikkje so mange som tænkte paa Løland no, trur eg. Berre ein prest han kjende saag uttil han ein dag. Og Løland takka for vel meint. Men han var heilt roleg i det syne paa liv og daude som han gjenom ærleg ettertanke hadde naatt fram til. Og skulde han inn i ei ny verd, so venta han der ny framgang.
- Det var ein kveld i oktober. Eg hadde vore uppe i sjukestova; det var noko han hadde vilja snakk med meg um (manuskripte til “Hundrad aar” visst). Men han var trøytt i kveld, og mæle vilde so lite upp: han fekk sjaa aa faa sova. Um eg heller vilde koma inn-um i morgo? Eg ynskte god natt og gjekk. Det vart meg sidan foralt at han hadde sovna straks etter, og sove ei god stund.
Men eit par timar etter at eg var gjengjen ifraa han, fekk me bod, at han var avsomna. Det hadde gjengje rolegt og lett. Han laag der som han sov enno. Nokre dagar etter for han så siste ferd. Og han fekk større fylgje og varmare farvel enn han hadde venta. Det meste av det han lèt etter seg hadde han gjeve til Det norske samlage, arbeide der hadde hans hug til det siste. Fyresommaren 1911 reiste Rogalandsungdommen bautastein yve denne diktaren og stridsmannen sin: viste dermed at det ikkje er all ungdom enno, som er “lite ung i hug og haatt”. Paa ei høgd ovanum Sand-strandi er steinen reist, synleg ute fraa jorden som eit sjømerke: soleis minnar han sers godt um den unge siglaren, som gjenom skodd og ymis motstraum vann seg fram til vidsyn og frisyn og dermed til livs og arbeids mod; eit slikt minne maa kunna staalsetja ungt folk. Til vaaren sæt det norske samlage ein minnestein paa sjølve gravi (ved Askerkyrkja). |
 |