Bladmann og folklorist PDF Skriv ut E-post
fredag 28. september 2007 08:25

Av Jon Auklend,
Syn og Segn, 1921

Den 24de mai er det 60 aar sidan Rasmus Løland vart fødd. Løland var bladmann og folklorist, umsetjar og bokmann. Han hadde sergivnad til aa granska, fortelja og skildra. Og kunsti hans vil leva so lenge me set pris paa klaar tanke og varmt hjartelag i bokheimen.

I hans kunst fekk dei plass som stod utanfor mannringen i livet. Paa skuggesida av livet fann han dei beste venene sine — og der fann han seg sjølv. Anten han skildrar bonde eller bymann, barn eller vaksen, er karakteren i kunsti hans det høge einfelde der han naar lengst, og fyller klassiske krav. Han er ogso ein djup og sermerkt naturskildrar. Og med Løland kom Ryfylke med i bokheimen. Ingen norsk forfattar hev skildra urdi som han. Me ser henne som hadde ho liv og sjel. Han maatte ha kjent seg att i henne — utan kvile, utan ro. Men der millom steinar saag han ogso «fjellrosa» som skyt æveblomar i diktingi hans. I det heile er han ein mangslungen personlegdom. Difor er han ogso vanskeleg aa naa inn til. Men mangt eit drag i liv og dikting vil eit samvitsfullt innsyn i miljo og ætt og samtid gjeva tyding paa.

Det er daa naturlegt aa taka til i nordre Ryfylke. Sandsfjorden kløyyer seg i to fjordarmar. Den eine krøkjer seg gjenom den sundrivne fjellmuga to mil i bein aust. Det er Hylsfjorden. I manns minne har han vore illgjeten for raas og straum og skred. Det skifter med skoglider og svadberg og nutar som luter mot fjorden. Her og der i brattlendet kjem ein huskrull fram i synsviddi, tufta i ei skor eller fastklengd i bakken. Sume ligg i skuggen av fjellet og saknar sol i fleire maanader av aaret. Arbo skreiv at det er «dan trongast liggjande heimstad fyrir menniskjur», han nokosinne saag. Uventa har skredor kome og sopa bøar med seg ut i fjorden. Berre hardhausar vann slaast med livet her paa skuggesida i «terra incognita», For hundrad aar sidan skreiv ein husmann paa stoveveggen sin at han hadde skote aatte bjørnar paa to aar.

Ein fjordung inn av Sandsfjorden vidkar Hylsfjorden seg ut til større breidd. Og i ei vid søkk i fjellrømdi paa nordsida ligg ei grend. Mot fjorden er det opi utsyn. Paa dei andre sidone er ho innkvelvd i seg sjølv og tilmura av høge fjellvegger, som paa vestsida lyfter seg til to høge nutar med namn etter gardane Fatland og Løland. I umkringen sting tindar fram av nakne fjellet, med evige snøskaut, til umrømdi hallar ned mot bygdi. Bjørk og fure kryp fram paa tverrindane. Nedanfyre ligg gardar i grøne fang. Sidan skifter det med skogaasar og djupe, trollslege holor og svartdæmde tjørner. Fjellraama har vore som den kinesiske ringmuren um folk og liv.

Faae tankar har naatt over han, og færre menneske har sprengt seg ut or berget. Gjenom Lølandsskardet gjekk den gamle ferdavegen frå Telemark og Setesdalen til grannesokni Sauda. Men saudabuen gjekk for verste heimfødingen i Ryfylke, so samkvæmet med han hadde ikkje stort aandelegt verde. Eit gamalt stev lyder: Naar sauabuen kjeme ut um skjeraa, daa trur 'an at 'an ser via veraa; naar sauabuen kjeme ut um Sand, daa true 'an 'an er i eit anna land.

Paa sørhallet under fjellryggen austan um Lølandsskardet ligg garden Løland einsleg og gøymd, men vænt og fritt, med utsyn mot fjorden. Det er ein gild gard etter høvi der. I aust for garden er det nokre kyrre dalar med gode sumarslaattor. Men for kvar tid kverv naturfreden for livet i arbeid og onn. I skogen der øyder og snøyder dei, og vollar og bakkar snur og ryd dei fraa alder til alder. Her byggjer dei og der byggjer dei, og lenger og lenger et dei seg. Men uppi urdi, der er det alltid seg sjølv likt. Um ein og annan steinen ramlar ned her og der, so ter det seg ikkje att paa det store heile. Ho ligg der med stein paa stein som ho laag for hundrad, for tusund, for tie tusund aar sidan… ingen veit kor lenge. Som digre trollkyrkjor ligg dei største steinarne lengst nede, heilt nedpaa slette flata; i rivjorne paa sidorne, og i mosen uppaa toppen paa dei, gror det krokutte furubuskar som stridt trollhaar. Lenger uppe vert knøysi minder, men ligg tett i tett som ei uhorveleg borg for vette og jotnar. Her og der i krærne gror det enno buskar eit stykke uppetter, krokutt bjørk og osp og hasI og brake um einannan.

Men so fær urdi overtaket, so det snaudt vert rom for eit grant straa lenger. Berre graa, graa stein med graa mose paa. Og innunder er det djupe svarteholor, som menneskje aldri hev vore til endes i… ingen hev noko der aa fara etter. Det einaste der kann vera aa finna er bein etter villdyr og rev, gule og gamle, — eller kanskje det er alt fraa det budde menneskje i holor, og stordyri fraa forntidi, mammuth og holebjorn, enno rusla i skogane?

Urdi ligg som ho laag i tusund aar og gøymer paa sitt og gjer ingen vis paa det. Men høgt uppe under fjellet vert steinen smaa og sundknasa; der er grut og mold imillom og vent grorbotn for ein liten fin rind med lauvskog. Og uppunder stend fjelle, tungt og myrkt, sume stader beint upp som ein vegg, andre stader lutande langt utyver.

Eit stykke av det er fast og heilt som ei staalbringa; lenger burte er det kløyvt og sprengt av djupe rivor og djuv som ligg i flør, blaagraa og graagule yver einannan, sume stader med døkkbrune og bleikraude render imillom, og tanken svimrar for dei utgamle tider, daa dei storkna til av eldmyrja og la seg soleis eller um det var vatne som laga dei av grut og gyrma nedpaa botnen av eit heilt hav. — Her kjein ein liten foss drivande som ein kvit eim; der er eit myrkt hol som haukane fyk ut og inn i. Frampaa eit stup stend ei fura og luter utyver, som ho hev gjort no i hundrad aar eller i tvo, og uppetter djuvi er det hundrad smaaskorer med buskar og grasduskar i. Og set ein i aa hauka, so svarar det med ei skjelvande oming som døyr langt, langt inne, som ei røyst fraa tusundaargamle tider, eller sukk fraa vette som hev sete tie tusund aar i berg. Liten stend ein og stirer paa jotunverke; med age ser ein paa alt dette øgjelege. Ein kjem som Burt for det og er som mana attende til fornverdi, fyrr menneskje var, til fyndeheimen som live i tidsens morgon maa vera fedt og bore av. (av «Aasm. Aarab).

trans

Rasmus hadde heime i øvstetunet paa Loland. Det er ein grøderik gard med mykje lut og lunnende til. Umfram dei velstelte heimebøane var det stølar og fjellbeite og skog. Traust timber tedde vel att i tunet. Husi var ei tid 30 i talet. Enno er tufti synleg etter “kvebuaa», eit hus dei bruka liksom til festning naar bjørnen var nærsøken etter buskapen. «Gamlebuaa» som staar midt i tunet og er bygd av emnelegt rundtimber er no det eldste huset. Segni vil vita at ho var uppsett til tingstova for Sauda skipreida. Seinare tiders finger hev rita inn segner som botnar i heidensk livstru, men er inntvinna i kristeleg uppfatning. Det er kunstfulle attergangarar av havhest, havfrua og Samson som flekkjer løvekjeften. Bileti og rosemaalingi i bui er døme paa hag bygdemaaling.

Millom ættefederne sine kunde dei Løland rekna ein bondehovding som budde paa grannegarden kring 1600. Elles har det vorte til eit stev at «paa Hylsstrandi er det same folket alt». Ætti hadde vore sjølvhjelpt og jamt over velstaaande og heller konservativ. Bestefar aat forf. og bror hans hadde yore kyrkjeeigarar i Sauda. Bestefaren var ei tid skulemeister. Og Lars, far aat Rasmus, var ein interessera og upplyst mann for si tid. Hugen hans stod mest til naturkunna. Han heldt «Almuevennen» og las elles alt som var til lærdom og nytta. Kunnskapen gjorde honom ikkje til bygdepolitikar. Han tala lite og tenkte mykje, eit serkjenne for dei Løland.

I religiøs leid var han ein aalvorsam haugianar, men heldt seg undan lækpreikarane, som tyktest den tids hylsfjordingar for «vatsblaa i blikket paa livet». Den forvitnelegaste fienden deira hadde i lange tider vore bjørnen -- ikkje satan. Vintertider daa kjenslelivet er lettast aa skaka upp var bygdi stengd av is og fjell, so lækpreikarane naadde ikkje inn til dette infernum. Og hylsfjordingane anda inn sin «fimbulvinter» i reine drag utan «svovldaam». I røyndi leit dei, som Arnljot, mest paa “mat og megin”. Lars vart daa gangande gruvla for seg sjølv og drogst med ætti sin tvil i fullt maal. Dogmet um dødsriket vart meir og meir til runer som oltvil, og tvilen tærde paa livstægene. Den skøyre livstraaden slitna, og døden løyste upp for han i 1888. Ettermælet minnest best at han var so rask og dugande ein mann. Barbro, mor aat Rasmus, var ei av dei som «sliter arm, men endaa i sitt hjarta varm>>. Arbeid og onn last til og sleit paa helsa. Det kvate huglynde vende seg til tunglynde. Dermed kverv ho or soga so stilt som ho kom. Ho interesserar oss mest av di ho er mor til forfattaren.

Rasmus Løland vart fødd den 24de mai 1861. Fødedagen fann han fyrst uti manndomsaari i eit blad. I barndomen drogst guten mykje med sjukdom. Dette gjorde sitt til at tankane slo inn. Han søkte einsemd. I skulen maatte Rasmus Aas, seinare missionsprest, draga den andre Rasmusen fram undan bordet daa dei skulde til med bokstavane. Det synte seg snart at han hadde godt næme. Og det var som eit indre krav baud han gjera alt nøgje fraa seg fyrr han kunde vera nøgd med det.

Den gleda han sakna i kvardagslivet søkte han i naturi. Sumardagen lang heldt han seg i skogen med bølingen. I millomstundene fann han emne og smidde samlingar av sauer og kyr og hestar. Um vintrane og smidde han. Han var upphavleg trehendt, men vart ein meister av øving. Til aa ikkje ha kunstnargivnad i den leid dreiv han det vidt i treskurd. Han lærde ogso felagane til aa skjera ut fe og fugl i tre. Sjølv hadde han ei sermerkt evne til aa finna paa nye skap — ofte rengjebilete. Og idei beste namni fann han for han var best heime i soga og «Almuevennen», og der var namn nok. Halvmaanar med gaukeandlet tykte han sers mun i aa skjera ut og gjeva namn fraa bøkerne. Men buskapen kunde ikkje agta seg sjølv. Han smidde gjætarar ogso av tre. Naar so vaaren kom, tufta han Paradiset sitt paa ein stein i utmarki. Der laag han paa stølen med buskapen.

Etter kvart fekk naturlivet meir aa segja for han. Blomar som opna seg for barnet fylgde med mannen gjenom livet og skaut knupp i diktingi hans. Daa han lærde aa kjenna livet aat plantane, samla han og sette i tunet til det stod ein av mest kvart planteslag i Hylsfjorden. I dette finn ein inkje prov for nokon sergivnad i botanisk gransking. Han tok det ikkje som Aasen. Det maa heller vera naturgleda aat agraren som ter seg hjaa Løland. I uppvokstren var han ein bokorm.

{mospagebreak}Ferdaskildringar lika han best. Han vilde verta upplysningsmann. Difor saag han mun i utgreidingar um aalmenmenneskjelege emne. Soga og naturkunna samla forvitna hans seg ogso mykje urn. I «Almuevennen» sanka han mykje folkeleg upplysning. I fylgjebøkene «Almenlæsning» kom ei stjernekunne. «Rasmus gløypte henne, og livde lenge meir millom stjernone enn paa jordi. Og han gjekk og furda seg baade mjaa og mod paa korleis han skulde finna ein framkjom veg til maanen til dess han fekk tak paa «Den fremsynte». Daa steig han braatt fraa maanen og stjernone ned i Nordland, og livde og leid med i striden millom sjukdom og elskhug, so han var baade sjuk og saar av det lenge etterpaa.» (Eskeland.)

Sidan sette han J. Lie sers høgt. Lesnaden opna augo for kor lite han kunde. Han for daa til fylkesskulen. Vinteren 1877-78 var han i eit stort samlingshus paa Sand. Det var kring 50 elevar. For framande saag denne guteflokken ut som «ei drift av reint fjordslag. Gutane var som hogne ut or fjellet, sterke og mannslege, men heimealne og kvardagsklædde». Nedst ved døri sat Løland. Han var kring 17 aar, men liten og veik. Han saag ut som ein heimføding der han sat med hovudet lutt og liksom, etter uttrykket aa døma, bad um orsaking for di han hadde teke upp ein plass. Men det var snart aa merka at han ikkje var faattlaus. Naar «stilane» hans var retta, vart det eit vanlegt ord: Den beste er Rasmus Lølands som me er vane med. Ein akademikar fraa Stavanger kom ein gong farande til Sand og fekk sjaa ein stil R. L. hadde skrive til emnet: «Vi flytter idag», sa nissen. Han gjorde seg skyldig i ein eid og sa: «Den stilen hadde han fenge «præ» fyre, um han hadde vorte skriven til artium.» Mauland las ofte upp stilane hans til døme paa korleis ein norsk stil skulde skrivast. .Stundom la han til at stilen kunde ha stade i tidskrift.

L. var ogso glup i soga. Han rakna til etter kvart som dei bundne evnone vart løyste. Det redde i augo var burte. Han hadde faatt eit godt grunnlag til aa byggja sjølvupplæringi si paa denne vinteren. Mykje av takki for det fell paa dei dugande lærarane. Mauland, styraren, var ein framifraa lærar i si beste kraft. Velsigna egte som han var hadde han godt tak paa bondeungdomen. Han trudde paa folkevekkjingi og hadde stort tilfang aa gjeva av. Salveson som ogso var ein sers dugande lærar, var uppteken av Darwins tankar og gav Løland fyrste glytt inn i utviklingslæra, ei livsuppfatning som eleven seinare vart talsmann for.

Det verste med skulen var at huset var so ringt. Han fraus helsemein paa seg. Bringa og hjarta melde seg. Og lækjaren gjorde det ikkje betre. Einast arbeidshugen heldt han uppe. Lesing, smiding og skriving var tidtrøyta. Naar han kom seg so fjerre, for han til Sand og laante heim bøker or folkeboksamlingi. Der fann han J. Moes skrifter, som han vart svært glad i. Stundom reiste han ogso til Nedstrand og laante i boksamlingi aat lensmann Øverland. Samstundes hadde han vake auga og øyra for hendingar og tale og aatferd i heimbygdi. Mange av sambygdingane fraa denne tidi gaar att i bøkene. Fyrst raaka han ein av dei so godt i ei vise at han saag ,seg Ijos levande. No frametter skreiv han ogso mange brev til Stavanger-bladi um høve i heimbygdi, helst politiske. Det er bra skrive, men viser ingen kunstnargivnad.

I 1879 møter han upp i «Fedraheimen» med nokre stykke under titelen: Ymse segner — Fraa Hylsstrandi. Seinare skreiv han Bjørnesogor. Det var nok Garborg som gjenom «F.» gav L. ideen til aa «skriva upp». Han synte stor interesse for folkeminne nett i den tid. Det draup so smaatt forteljingar og vers ogso fraa Lølands penn; men han hadde det for seg sjølv. At han hadde ans for segnlivet viser ein bundel segner, eventyr og folkevisor han samla og sende til M. Moe i 1880. Andre bundelen fylgde i 1881. Uppskriftene, som no ligg i Folkeminnesamlingi paa Uniyersitetsbiblioteket, vitnar meir um interesse enn mogning og uppskuling. Moe er ikkje fri for lovord. Sumt var kjent, men sumt var «interessant» og jamvel «ejendommeligt». Men til den innsende visa som literaturhistorisk hev størst forvitne staar det ingen merknad av Moe. Ho heiter «jætlegutvisa». I forteljingi «Diktaremne» fær me høyra um korleis hovudpersonen smøygjer inn ei sjølvlaga vise millom folkeviseuppskriftene. Ho heiter der «Hjuringguten». Samlaren kjende ikkje denne fyrr, men lika henne best, lydest det. Kann henda folkloristen kann ha sagt so paa lag um «Jætlegutvisa» i eit brev. Det er iminsto lett aa sjaa at dei tvo namni høver paa same visa. Og det forf. fortel i forteljingi vert sjølvbiografi. At han naadde folkevisedaamen so nær at samlaren ikkje merka ho var nylaga, maa ha vakt hugen til aa verta verkeleg diktar.

Men det ligg enno dimma over diktarauga. Og fyrr han kjem paa veg, stanar han ved Bruns «Folkelige grundtanker», den «begeistringens livsanskuelse», som har til maal «at fremme aandens sag» i Norig. Talen um ei folkeleg-kristeleg vekkjing «sokk» ikkje. Han vende seg burt som ein tvilande Tomas og søkte samhug for si eigi livssyn i Garborgs bladinnlegg: «Um tolsemd i tru og meiningar». Me skimtar Kierkegaards personlegdom og religiøse syn attum. Reflektionen gav «Fedraheimen» daamen den tidi. Kravet paa «fri tanke» vert tendens.

Garborg tok Løland heilt. Sidan møter han Darwins naturevangelium i full breidd. Her fann han dei provi han søkte for livstankane. Han freista aa eliminera Gud burt som ein X. Men underlege spursmaal kom i staden og gav reint tomromstokken i han. I boki «Aasmund Aarak» verkar Darwins grunntankar og like eins i «Diktaremne». Dei er kvar paa sin maate literær sjølvanatomi. Etter dette saag han paa bibelen som ei soge, ei livssoge aat folki, der dei hadde skrive inn røynslone sine fraa tid til tid. Der fann han høgsongen aat den allsidige skalden som skreiv um alt fraa sederen paa Libanon til isjokulen under taket. I millomtidi kom boki « Jesu liv» av religionsfilosofen Renan i hendene hans. Det var kunstnarisk flog over det biletet han der fekk av «meisteren». Liksom Garborg fyrr og Sigmundstad seinare fekk Løland ny syn paa mangt med trui etter gjenomlesnaden.

Han klaarna til og mognast for yrket. Men fyrst laut han tøma vigslingsstaup att. Det fredelege arbeidet aat kunstnaren maa so ofte veksa upp or blod og taaror. Dei veike nervane melde seg og dreiv han i seng. Han heldt reint paa ørvænast. Til all heppe lokka arbeidshugen til tankeleik med spraak og literatur. I denne tidi lærde han so fjerre engelsk at han kunde lesa klassikarane. Men so kom «fikse idear» og drog tankane burt i hendesløysa. Det var gjenge honom som «Diktar-emne».

Umgjenget hadde vakse fraa han. Dei livde livet og gjorde like for seg. Faren hadde mist trui paa skrivingi hans. Og daa han i 1888 gav fraa seg garden til eldste son, vart det utskrive folgebrev til Rasmus. Straks etter fekk han eit anna brev og. Men det var fraa Ivar Mortensson. Han og Garborg hadde lese gjenom nokre manuskript Løland hadde sendt til Det norske samlaget. Dei let vel og lova plass for noko av det i «Fedraheimen». Ei stund etter fekk han ei bok med titelen «Lauvduskar». Der stod Lølands forteljing «Hans og Margreta». Og dessutan skreiv Garborg og rosa den realistiske evna hans.

No drog han tram det han fyrr hadde skrive og freista meisla stilen. Men han vart likso ille ute som Sigurd i «Diktar-emne». Han fann ikkje sin eigen stil, kjende vel tonen, men vann ikkje løysa han ut. «Gløggsynet til aa sjaa det laake og vrange voks og voks; gløggsynet til aa finna noko betre kom derimot mest ikkje av flekken. Og daa han soleis med endelaust mas og fæl papirøyding hadde stridt seg gjenom ei forteljing, uppdaga han ofte til slutt, at sjølve emnet var berre tufs og inkjevetta.»

Han hadde reinska bygdemaalet sitt ut or forteljingane og teke innatt utslitne literære ord som sleng fraa bok til onnor. Tvedt og Garborg synte kvar fraa sin kant at det var ille. Og Løland fekk atter los paa stilen. Garborg saag gjenom forteljingane, retta og rettleide. Sidan reiste Loland eins ærend til Bergen og tala med Mons Litlerê um utgjeving. Fyrst kom ei bok med den daamlause titelen «Folkeliv», som bokreidaren fann paa. Av dei 4 forteljingane i boki er ei paa norsk-dansk. Garborg var straks ute med ei melding i «Verdens Gang», der han skriv at forteljingi «Ei sumarferd» vil gi læseren det klareste indtryk av denne forfatterpersonlighet. De karakteristiske træk er: en mærkværdig sund livsanskuelse, en lun stilfardig ironi, et genialt blik for de smaa træk og de fine overgange, en særdeles behersket ro over fremstillingen, og en manende magt til at holde læseren fast ord for ord, sætning for sætning, i en interesse, som jevnt og roligt kan stige til spænding».

Meir uventa var det at «Folkeliv» fekk vellæte i den tyske pressa. I «Der Zeitgeist» — Beiblatt zum «Berliner Tageblatt» skreiv E. Brausewetter to bladteigar um Norwegisches Bauernleben. Han tek til med ei utgreiding urn bondeforteljingane aat Bjornson; «er sollte ja zum ersten Male die norwegische Volksseele in ihrer ganzen Grösse und Schönheit erfasst und in dem Leben abgelauschten Bildern vorgefürt haben». Betre tykkjest han kjennast ved bonden i Garborgs «Bauernstudenten»; «das waren Gestalten, wie man sie in unsern ,Dörfern und Höfen ebenfalls antreffen konnten,» skriv B.; «aber jene rosigen Gestalten, jene lieblichen Bilder, die Bjørnson in unserer Phantasie erschaffen hatte, sie zerrannen in leeren Dunst.» Deretter kjem han til Lølands «Folkeliv»; «welches so interessante neue Beiträge zur Kentnisse norwegischen Volkslebens bringt.»


Ei liti rid etter kom den vesle samfundsromanen «,Skuld». Hendingane vakna alt daa sjukdomen dreiv honom kring i skog og urd. Motivet var ikkje plent nytt. Balzac førde pengane inn i fransk bokheim. Og .Bjørnson la med «,En fallit» ein av grunnsteinane I brui over til realismen og trilla dei inn i norsk bokheim. Løland skildra smaabondekaar i Ryfylke. For so vidt er det noko nytt ved boki bans. Nærup skriv i lit. hist.: «Et trist motiv, men behandlet med et rigt og befriende lune, der slaar en imode som et godt smil. I tonen er der en stille dulgt ironi, som minder um A. Garborg».

I same ridi kom barneforteljingane ,«Paa sjølvstyr» — bygd over samfundssyndi fatigdom — og «Ungar». Eg vil atter citera domen aat Nærup: «Ingen opfunden skildring kan være enklere, mere dagligdags og ukunstlet end disse berettelser um hvad der foregaar i barnesjaelens rige, ukjendte dybder. Alt er holdt nær ind til den strengeste virkelighed. Men ogsaa gjennemaandet af en skjer og tendre poesi. Løland kan skrive en spændende roman um saa lidet mærkværdige hændelser, som at lille Erik forfølges af en gris, eller at vesle Nils har gaaet sig vild i skogen, og han kan med ubevidst skarpblik og en næsten religiøs sans for nuancen og de smaa overgange give et psykologisk detaljmaleri af hvad en slig fyr gjennemgaar af oprivende sindsrørelser, naar han har gjort noget gailt: skam, anger, trods, skadelyst og skadefryd saa vi maa tænke paa enkelte russeres fantasifulde og inderlige studier over det overbevidste og forsvindende smaa i sjælelivet». Det er ein ferdig dom som vil verta staaande.


{mospagebreak} I 1893 vaaga han seg ut med den fyrste storre forteljingi si: «Skattegravaren». Her vil han visa at «arbeidet adlar mannen» — og jamvel fanten. Det synte seg at Løland ikkje enno makta aa gjeva ei større forteljing fast støyping (komposition). Han tek for mange smaating med — noko som Taine segjer er eit serkjenne for det fyrste verket aat ein kunstnar.

Ei rein perle vart derimot barneboki «Kvar vart det av jola?» etter innhald og form. Men det gjeld um denne som um dei fleste barnebøkene hans: Det er mest lesnad um born for vaksne. Sidan kom ingi bok hjaa Litlere. «Det som tidt var vaart beste liv det kostar oss livet vaart». Paa sjukehuset i Eppendorp der laag den unge bokreidaren og arbeidde med planar um aa byggja eit norsk forlag. Men so kappa dokterkniven den skøyre livstraaden bans av. Berre 28 aar gamall, i 1895, vart han riven ut or livsdraumane sine. No var Løland vorte eit kjent namn. Essayisten Brauswetter, ein kjennar av norrøn bokheim, hadde skrive det inn i Tyskland. Og sidan. hadde jamvel tidskrifti «Revue des Revues» med ein artikel freista gjera det literært interessera Frankrike kjent med den norske forf. Løland. Men sjølve «mannen» hadde folk uklaare fyresviv urn. Na stod han i beste arbeidsykti si og maatte sleppa pennen. Atter maatte kniven til. Han slo seg likso godt til med aa arbeida «tinor».

I dei tider kom Steinsvik til Hylsstrandi. Han sanka luter til «Den 17de Mai». No fekk han høyra livssoga aat Løland og skreiv «sant» um han i «Bogvennen». Bertrand Jensen fraa Kr.a gav ut dette bladet. Og han kom til aa «mana tinemakaren ut or berget» der han levde ungdomsaari. Ved utferdi av dette «aandelege Egypt» reknar eg at forf. gjer innsteget i manndomen. Det maa ha kosta aa venda urdi ryggen. Der hadde han naturkyrkja si, og altaret var dogga med dyre, løynde taaror. Det er ei djupn av livsaalvor i ordi han har bygt over denne utferdsangsten: «Eg vart gangande paa dei gamle tufter med draumane mine, og just her i urene og fjelli hev eg sidan havt mine beste stunder. Og no fæler eg for, at det er forseint aa koma utyver fjelli. Eg er redd det er med meg som med indianaren, som veiknar burt, naar han kjem ut or urskogane sine. Eg vert kanskje aldri skikkeleg meg sjølv nokon annan stad som i urene og fjelli - ingen stad.»

trans

Den 27de aug. 1895 tok han heimanfraa. Han tok inn Hylsfjorden — i motvind sjølvsagt — sidan laag leidi upp ,Suldalsvatnet og Bratlandsdalen til Røldal. Over Haukelid bar det ned i Telemark til Skien. Paa jarnvegen fraa Skien hadde han ei lærerik ferd. I hovudstaden vart han vel fagna. Hjaa Steinsvik, som daa var ein av førarane for maalfylkingi fann ban baade hjarterom og husrom. Ein grand fast arbeid fekk han i «Den 17de Mai». For Løland vart hovudstaden straalemotet for aandslivet. Og han kunde segja med Vinje: «Der fann eg dei beste, der lærde eg mest.» Men ei ulukke var det likevel at dei fleste han tydde seg til var folk som hadde brunne ut i det religiøse og stod att ribba for tru. Det budde alt ein liten Voltaire i hylsfjordingen. No vart han endaa meir negativt religiøs, kald og einsynt enn fyrr. Han kom einast til aa tru paa livstankane i den nasjonale reisingi. Med all kraft la han seg no inn i skrivingi. Paa eit aars tid gav han ut seks smaa bøker.

Bokreidaren var no Bertrand Jensen i Kr.a. Han var bygut fraa Fredrikstad. Syni si paa maalsaki hev han vist i eit lite hefte med titelen «Praktisk målstræv», med motto: Fremtiden tilhører os målstrævere. Det er et opråb til mälfolket af en målvenlig bygut». Jensen gav god skriveløn. Ei av forteljingane fraa denne tid er «Or vegen». Der har han skildra «gløymsla» underleg vart og fint. Jo Bakkarne er ein trugen slæpar som no er utsliten og skal ut av spelet. Men mange tankar kjem smjugande medan gamlingen ligg og bidar paa ljaamannen. Endeleg tek moldi han i fanget sitt, og gøymd og gløymd er han so snart arbeid og onn kjem i rette gjenget att. Utpaa kyrkjegarden kunde ein ikkje lenger skilja grefti hans Jo fraa hine. Snøen hadde sletta fint og jamt yver liksom han vilde gamlingen skulde vera gløymd her som heime gjøymd og gløymd.» Millom dei bøkene som kom ut no er «Emne» den forvitnelegaste. Det er spelemanns-, diktar-, thingmanns-, og manns-emne. Vanlagnaden er dei sams um. Og Løland ser det. Alle kjem dei i skorfeste. Lite hjelper det aa vera fødde kunstnarsjeler.

«Livstrongen voks ut i «misvokster og nytteløysa, liksom graset veks ut i kvite, bladlause tæger og broddar i staden for til straa og blom, naar det er stengt burte fraa soli». Det er som ein Dickens skulde vera ute og knyta neven til foreldre og vanhøve som driv kunstnarborn inn i skorfeste og forlet dei steingjengne. Spelemannsemnet Gudmund Kvamen minner um ein Joshua Reynolds. Faren banna paa han for di han teikna bilete og skreiv paa eit av dei: «Utført av letingen Joshua». Men han har faatt plass millom dei største maalarane i England. Obstfelder skreiv i eit brev til Løland: «,Historien om digteren kjender jeg ligesom igjen i hvert trek og føler, at den er forfærdelig sand.» Denne boki lokka ogso ein forvitneleg kritik av Johan Bojer. Han kallar Løland «maalmændenes Turgenjew», og skriv m. a.:

«Man kan sige, hvad man vil om maalmændene — de er de ihærdigste enthusiaster, de mest trofaste idealister, de solideste troende og de mest resignerende arbeidere i dette land. Personlig vinder man intet ved at være maalmand, man har blot utlæg — ifjor som iaar, og det vil vare mange og lange tider endnu, — men se bare, om on eneste af disse jerntroende taber modet. Nei. En maalmand kan ikke bli dekadent. — Aldrig. Og man kan staa uforstaaende og magtesløs med hensyn til at følge deres vei og hige mod deres maal, men hatten af for deres væsen! Hvis Løland hadde skrevet dansk, saa hadde han sikkert havt en ganske anden Iæsekreds og ganske andre indtægter af sin pen end nu. Dette ved han, dette ved alle maalmænd. Men se om det frister dem.» «Løland er landsmaalets noblesse, diskret og aaben paa samme tid, blød og fin og rig i stemningen, nu og da et livsglad sprell og humor iblandt.» «Naar man husker Hans Kincks «bondetyper», der egentlig burde veret forsynt med klor og gaa paa fire, saa er det rent velgjørende at se bonden behandlet — ikke som udelukkende kunstnerisk model, men med individuel kjærlighed, med varsomme grep i hans hjerte. Jeg ved ikke bedre end at det i grunden er Løland, som forst begyndte at kultivere bonden i literaturen. For og for en del endnu var bonden noget rart i et menageri, som forfatteren meget kæphøi førte læseren forbi og forklared meget katalogmessigt om hans liv, opholdssted,, vaner og mærkvardigheder.»

Løland hadde no so smaatt søkt um stipendium til ei utanlandsferd. Um hausten 1899 tok han ut. Han la vegen um Danmark der han vitja Askov folkehøgskule og kom til aa halda ein 17de-maitale i norsk aand. Etter aa ha funne gilde vener som Olaus Alvestad og andre bar det paa ferd att til Tyskland. Han stogga lite i den kunstprydde byen München. Derifraa køyrde han med toget til Innsbrück, hovudstaden i Tirol. Sistpaa kom han til aa bu i den vesle byen Hall
austanfor. Der tok han naturi i augnesyn og levde seg inn i folkelivet. I tridje høgdi av ein liten, ny mursteinsvilla med ein liten altan framfor vindaugo vart han buande.

Sjølv skriv han: «so kunde eg sijta der som uppi eit skjorereid og sjaa nedyver. Og der var det vel ei utsyn! fyrst nedyver hagar og hustak i den vesle byen, so vestyver den breide dalen, engjene, landsbyane til Innsbrück. Eg kunde sjaa elvi som ei blank strima vest etter dalen, jarnvegstræni som susa att og fram paa veg upp til Tyskland elder til Italia, Alpefjelli paa kor sida og blaanande langt mot vest» Mest gledde han seg til aa faa sjaa minnesmerket aat Andreas Hofer, hovdingen for dei fridomshuga fjellbøndene i Tirol. I sørkanten av Innsbrück, paa skogaasen «Berg Isel» fann han «Hofer-denkmal». Full av tankar bøygde Løland seg i age for den drustelege karen. Ei skufl Tirol-jord var det einaste han bad um daa han venta paa dødskula fraa skyttarlina og tok avskil med folk og heimland.

«Stor og røseleg stend han der, med ei ørn med utslegne vengjer paa kvar sida. Han er tjukk og buggen, som ein tenkjer seg ein vertshusvert, han stend med tirolerhatten med breidt brot bakyver nakken, i eine handi hev han herfana, og med den andre peikar han framyver, liksom han nettupp stod og synte veg for fjellgutane sine,» skriv Løland.

Det er ogso vel merkande at boki «Hundrad aar» er bygd over inntrykk fraa Alpelandi. Medan han var der, rauk bokreidaren hans for ei jobbeflage. Løland maatte heim og berga restupplagi av bøkene sine og selja. No stod han atter i den norske hovudstaden — for vitskap og faamingskap — men med inderlegare utsyn over Europa. Tankeradien var lengd og synsviddi vidka. Hylsfjordingen hadde skote ham, lagt av seg vadmaalskufta og det blaarutute ullskjervet. Han var vorten europear i det ytre og. Næste boki hans «Ute og heime» kom hjaa Norli og fekk i det heile vellæte. Hans Aanrud skreiv: «Langsomt og sikkert er han seilet op ved siden af Jens Tvedt, landsmaalsliteraturens første fortæller.»

Men samstundes kjende han at hjarteblodet hadde blaana paa vegen til byen. Han kjøpte seg daa hus og hage av Mortensson og Steinsvik i «Kunstnardalen» i Asker. Der i «maalbakken» fekk han ein hæv granne i Garborg. Løland stelte helst sjølv og levde som irlendingen mest paa jordeple. Ofte koka han upp for ei vike um gongen so det ikkje skulde gaa for mykje tid. Men so gjekk det utover helsa. Det var som han no syntest øygna ende paa motbakken sin. Han tok daa til aa meisla ut eit verk som han hadde havt i emnin eit tjug aar. Det skulde verta hovudverket hans og ei atterspegling av hans eigen livsstrid. Soleis er det og vorte vaagalt og vonlaust, intenst og myrkt som hans eige liv. «Aasmund Aarak» kom boki til aa heita. Som rimelegt var kom Darwin til aa segja beiske sanningar um livet i denne boki. Løland held uppgjerd med trudom og elskhug og kjem til negative resultat. Sjukdorn og tankebeiting gjorde hovudpersonen eksentrisk. «Han laag sistpaa som han flaut i ei myrk sky langt utanfor jordi, med ævelengder kring seg paa alle kantar.» «Tanken gjev uro, tanken gjev sut, endaa lyt me tenkja vaare tankar ut.»

Men denne tankeleiken vakte uhug i den folkeleg-kristelege fylkingi. «Far er fagr. ef grætr,» sa federne, og so er det med Aasmund. Ein legg boki fraa seg med minning um tru som brest, heim som øydest, helsa som tærest, elsk som svik. Samanhengen er ikkje heilt fast og roleg. Han hadde seinare i tankar aa velta nirvana av verket, gjeva det ljosare utgang. Boki vart brotstykke og bakgrunn til eit klassisk kunstverk. Skildringane av det bibelske landet er inderlege. Og daa det sistpaa fell som milde taaror over sumarlivet som skal døy, løyser skildringi seg ut i den naturialistiske svanesongen og naar høgdi.

Løland vart sistpaa ein av dei som kunde segja med Konfutse: «Kvi skal me gjeva oss av med himmelen naar me ikkje skynar det som er paa jordi.» Mysterium og laant bjartsyn laag ikkje for den klaare tan-ken. Tidleg bøygde sjukdom den skrale kroppen mot jordi og minte um upphav og stemneleid. Livssyni fekk snarare daam av svartsyn enn bjartsyn. Men .«tistelmenneskje» vart han ikkje. I eit og anna dikt svinga han nok ut i det sentimentale. Centripetalkrafti vann paa centrifugalkrafti korso. Han kom til aa nøgja seg med den naturialistiske trui paa livet hisides. Trui hans paa uppdrifti i livet her ter seg i arbeid for framgang, utvikling og utløysing til større fridom. Paa literaturen saag han realistisk og la mange naturalistiske skildringar inn i norsk bokheim. Bonderomantiken fann han motbydeleg og han hadde liti tru paa at den byfødde literaten og embetsmannen kunde Iæra aa skyna bonden. Han samstavar i uppfatning med Peter Rosseger, som har gjeve mange fine skildringar fraa Alpelandi: «ein framand kann slaa seg ned paa lande, og verta buande der all sin dag, og endaa kanskje ikkje kjenna stort til bondefolket han bur millom.»

Som andre bondefødde forf. tykte Løland lite mun i aa sjaa bonden staaande med sundagsham i eit literært galleri. — Stilen i eit kunstverk er eit av .dei viktigaste kjennemerke. Det er som hjarteslaget aat kunstnaren ter seg att i han. Vinje segjer: «Lærdomen, spraaket, tanken maa faa flaum og flod; det maa renna som samansmeltat malm og verda støypt i di monsterform og faa tilslut, som det stend skrive: Herrens innsegl paa panna si.»

Med sitt granskarsamvit, sans for det analytiske og seige trott saman med stor intuitiv evne kunde Løland visseleg kome langt paa veg i filologi. Evnone hans hadde kann henda gjort meir av seg i gransking enn dikting. Bøkene hans fekk ikkje so stor avsetnad at han kunde leva av bokskriving. Dei var for lite «rivertonske» til det. Sume av deim let ban seg telja til aa skriva urn til norsk-dansk. Men dei kom ikkje i prent som vel var. Vener synte honom ein plass i «riksmaalssoli» no han trøytna i «maalbakken». Men han saag snart at stilen hans vart upersonleg med umskrivingi. Han kunde ikkje vakse og vorte seg sjølv i eit laant maal. Det segjest at alperosa er den fagraste av rosor. Men ved umplantning i ny jord visnar ho. Soleis gjekk det ogso med bøkene aat Løland ved umflytting. Kunsti hans vart karakterlaus og tam. Det saag han sjølv og let umskriftene liggja uprenta.


Kor som var hadde han no paa ein maate vunne over rygg. Men midt i arbeidsykti maatte han ta rast. Han høyrde hovslagi aat helhesten. Vanhelsa drog paa utover vinteren 1907 og sjukdomen vilde ikkje sleppa han daa det vaara. Vener baud seg til aa hjelpa han paa utanlandsferd so snart sumaren var i kjømdi. Fyrr han kom i veg gav prof. Laache han vissa for at det var faafengt aa vona paa betring. Løland svara roleg: «Det feer gaa som det vil, berre ein kunde sleppa for aa lida altfor mykje vondt.»

Sumaren var all fyrr han fekk tid til aa doy. Men daa hausten kom med kalde dagar vart døden keid av aa venta. Naturlivet trøytna. Blad og blom bøygde seg godviljugt mot jordi og gav upp anden. Løland laut i seng. Haustlufti tok hardt paa. Kraftene minka. Daa han laut slutta med arbeidet, var livsgleda ein draum. Redd var han ikkje. Han laag roleg og venta utan sjæleangst og lengta mest som grønlendingen til ferdi innover dei evige jaktmarkene.

I trudom og tanke var han seg sjølv som fyrr. Til sist tok det til aa rykkja felt i den skrale lekamen. Den veike bringa skolv i liding dei siste aatte dagane. Men so kom laurdagen den 12. okt. som ein kviledag med letting og lise. Verken gav seg. Fram paa eftan fekk han jamvel blunda. KL ½ 10 vakna han att og tala spakt og klaart med systeri som stod ved sengi. Deretter la han hovudet ned paa puta att. Han drog nokre rolege andedrag, so ein kort pust. Det var den siste. Rasmus Løland var fri.

Det kom som ei liti togn paa kringen daa denne døden spurdest. Sume blad mintest honom med nokre fagre ord. Anders Hovden skreiv eit fint minnedikt i «Dagbladet». Jens Tvedt skreiv so falne ord at ljaamannen heller burde ha valt seg ut eit offer millom riksmaalsdiktarane. Dei var so mangmente. Mest syrgde hunden paa husbonden sin. Han var ør og ute av seg. Den 17. okt. vart Løland gravlagd paa Asker kyrkjegard. Det var ei stor og still høgtid. Ved baara vart det berre tala og sunge nynorsk. Bernt Støylen gjorde prestetenest, og Torkell Mauland var klokkar. Etter preika vart det lagde mange kransar ned paa kista. Og Jonas Lie sende helsingstelegram der det stod: «Dybt grebet følger jeg din baare.»


Daa Løland var avfaren, laag det etter han eit manuskript som han hadde under arbeid i 1901-03. Han fekk ikkje tid til siste gjenomsyn og gav det paaskrifti «Uferdugt». Garborg las gjenom det, men fann ikkje noko uferdugt og fekk Det norske samlaget til aa gjeva det ut. I fyreordet skriv han m. a.: «Hundrad aar» er vel det diktverk der Løland hev set vidast og friast ut yvi live; med dauden i bringa hev han vunni den ro som gjev det store yversyn. Lett var ikkje den fyrilogo han her tok paa seg; gjenom ein rik krans av realistiske livsskildringar vilde han gjeva ei utsyn yvi manna-tilvære i det heile, yvi sjølve den gaatefulle endeløysa av alltid det same og aldri det same som me kallar menneskjelive. Men han vaaga verket; og sitt syn paa tingen fekk han fram.»


Nokre unge, sorglause kunstnarar sit i ei gamal, liti vinstove i ein kunstby i Alpe-landi. Dei er nordmenn og har skote saman til eit hundradaarsgilde. «Valkyrja og skjoldmøyi» i laget var den unge drosi Dagny Berg. Kunstnarinne var ho ikkje, men ættstor og rik og væn. Med lyft bringe, ljost fløymande haar, med eld i augo og kinner er ho som sjølvaste symbolet paa ungdomen. Livet ter seg fagert som ein foss i solskin millom kunstnarane. So med eitt gaar det som dun gjenom lufti. Den gamle domkyrkja ringjer inn det nye hundradaaret. Slagi sokk langt og tungt inn i stilla. Daa lyfter dei glasi og lovar med handslag aa møtast ved næste hundradaarsmot same stova. Den einaste som ottast forfall var ein liten tusling av ein tonediktar. So reiste dei daa paa landvinning, søkte aa vinna kvar sitt rike i kunstheimen. Men dei vegast ute paa kvar si livsheid den eine etter hin.

Tonediktaren la heile si blødande sjel inn i eit stykke som ingen forleggjar vaaga seg paa. Tilsist fann han ogso «sitt rike» paa fatigkyrkjegarden. Dagny Berg vart lukkeleg med løytnanten sin. Han steig i gradene og vart oberst, men samstundes ei fengd for andre kvende.Ho kom paa flyttfot og fann sistpaa kvile paa ein kyrkjegard i Nordland til ei snøskrede drog grav og merkestein ut i gløymsla. Sic transit gloria mundi.


«Jordi rulla fram paa vegen sin i himmelromet og øydde paa dei siste aari av hundradaaret. Livet gjekk sin gang som alltid; og mosen voks paa det som var ferdugt og ute av spele.» Han er den trugnaste av alle vokstrar. Han kryp uppover murbrot og borger og kyrkjor. Uppetter runesteinar og gravsteinar tøygjer han seg; «og skal me tru gamle sogor, so legg han seg paa sjølve augneloki aat løvor og bjørnar og drakar.Eitt slag veks over det gode og det vonde mennesket gjer. «Eit anna slag legg seg paa namni aat dei avlidne; og den veks kann henda skjotast av alle. Namn som Olsen og Persen likar han seg sers godt paa; han kann ha vakse heilt yver deim berre paa nokre aar.

Hansen og Nilsen er han og heller grædug paa, og like eins Paulsen; og ikkje heller Larsen og Jeremias Tobbiasen fær staa altfor lenge blanke for han. Raakar han paa so gruske namn som Sannerzapf og Schnabel, so tenkjer han seg nok urn eit lite bil; men best som det er høgg han seg fast i deim og med hundrad smaa klør og tæger, og Sannerzapf og Schnabel lyt snart fara ned til alle dei andre i den skume heimen under mosen.»


Naar soli vert gamal og utbrend; naar isen veks som ein jotunheim kring polane; naar byar og land sørover ligg øyde og kyrkjegardane staar som myrke skogar daa kann den store mosealderen koma. «Daa kann mosen veksa fritt yver dal og dæld, yver veg og vang og yver haug og heid. Graa og grøn og seig og sleip kann han breida seg yver tufterne etter store byar og borger, yver kykjegardar og murbrot etter Peterskyrkjor og Paalskyrkjor, og uppetter pyramidar og sfinksar, uppetter sidorne paa Montblank og Himalaya, og freista aa løyna sjolve deim.››

Sistpaa tøygjer moseteppe seg som eit myrkt hav fraa pol til pol. Sudljoset logar utover som eit naaljos medan jordi rullar kald og daud gjenom himlane i isklæde og moseklæde, — «still som ula naar ho sviv fram yver skogen den myrke haustnatti.»

Fraa mosefilosofien kjem ein atter til kunstbyen i Alpe-landi: Ein flokk glade kunstnarar fraa Nordlandi sit atter i vinstova ferdige til aa helsa eit nytt hundradaar. Klokkeklangen tonar atter inn med hundradaarsmotet i midnattsstundi. I det same reiste eit kunstkvende seg, tok fela og spela eit tonestykke som hadde til overskrift “Um hundred aar er alt gløymt.” Ei djupn av sorg samlast som i eit straalemot i tonestykket og løyste seg ut i spelet so det gjekk som avdøyvd graat gjenom romet.”

Same namnet som tonestykket hadde var Løland ogso meint aa gjeva verket sitt. Det er eit sluttverk med livsrøynslone samla til ein sum i ei endeleg livssyn. Ideen maa ha vakse i ein romare synskrins. Det er som haustklaar alpeluft over skildringane. Nokon paaverknad fraa “La legende des siecles “ av Hugo kann der ikkje vera. Det er ein av Lølands grunntankar um tilværet som her fyrst fær den heilrende utformingi. Han kom til aa spaa um “mosealderen sin” og.

Men ungdomen i Rogaland reiste i 1911 ein minnestein og skreiv namnet hans inn i for komande ætter. To av aandshovdingane i landet, Garborg og Løvland, var paa staden og tala. Men det varigaste minnet har han skapt seg i kunsti si. Aandi hans er paa vandring inn i det norske folket. Sviv over Hylsfjorden, over “urdi”, over den naturi han elska, leid med og tolka.

Der vilde han som Aasmund Aarak “fraa vaar til vaar og straa paa stein, veksa upp att i blomen fin. Ned i djupni med vatnet siga, upp i høgdi med soleim stiga, driva høgt yver fjell og dal, sviva ned att i doggi sval, driva ned att i snø paa tind, gusta med i den friske vind, skjelva med i den lange linne omen som sloknar i fjelle inne.”

Eg vil slutta denne utgreidingi um Rasmus Løland med den fagre helsingi Vestmannalaget sende til minnefesten:

“Takk for den bautastein du sjølv med veke hender hogg. I minneskrifti taara skjelv i dag som sol i dogg.”

Share/Save/Bookmark
Sist oppdatert laurdag 06. oktober 2007 10:52