Alfred Hauge møter Løland PDF Skriv ut E-post
fredag 28. september 2007 08:26

Av: Alfred Hauge
Forfatternes Litteraturhistorie, 1980

Mitt første møte med Rasmus Løland var slik: Eg hadde nyleg byrja i barneskulen; Rolfsen og Støylen lesebok var komen i huset, og far og eg sat attved bordet og bladde. Og der stod det to kjennslege namn. “Ser du kva der står?” spurde han far. “Kolbein og Andres”, las eg.

Far heitte Kolbein og farfar heitte Andres. Eg tykte det var merkeleg å sjå namna deira på prent i ei bok. Dette var visseleg det første puff eg fekk til å bli kjend med bokskrivaren Rasmus Løland. Og då eg hadde byrja - og etterkvart lese alle barnebøkene hans- eg tykte det var som å lese om meg sjølv, om bygdefolket og kjensfolk, min eigen heim og mi eiga grend.

Eg blei den tid meir innfanga av Lølands bøker enn kanskje av nokon annan lesnad. Det hadde vel også med dèt å gjera at vi var så godt som naboar. Mange milene var det ikkje mellom mitt milde Sjernarøy-landskap midt i breie Boknafjorden og Lølands ville Hylsfjord-landskap lenger inne. Endå Lølands-grendene har saktans også sine milde drag.

Rasmus Løland skriv så godt om born og for born at få er hans jamlikar her til lands i så måte. Endå desse bøkene er skrivne på andre sida av 1900-talet, dei fleste, så kjem dei den dag i dag i nye opplag. Det norske Samlaget har stått for den siste utsendinga, vakkert og varsamt språk-redigerte av Halldis Moren Vesaas.

Og Løland har dertil skrive mange “vaksnebøker”, men dei er nok heller lite lesne i dag. Sist dei kom ut samla, var under krigen, straks 40 år sidan. Det burde vel ikkje gå nye 40 år før nye generasjonar fekk eit Lølands-tilbod av dette slaget.

I vissa skal vi bli ein grann kjend med nokre av desse bøkene her og no. Og eg byrjar med Hundrad år, som på mange måtar skil seg ut frå dei andre og elles er den mest særmerkte bok han skreiv. Ho blei utgitt posthumt i 1910, tre år etter at han var død. Sjølv hadde han merkt manuskriptet med ordet “uferdugt”; men då Arne Garborg fekk lesa det, tykte han ikkje han kunne finna noko uferdig ved det. Og på hans tilråding kom boka ut.

Løland hadde vore rekna som bygdemiljøforfattar og heimstad-diktar, og stort sett: med rette. Men i Hundrad år skriv han frå eit nytt miljø, han tek opp eit nytt emne og ser stoffet under nye perspektiv:

Ved sekelskiftet 1899 – 1900 er ein flokk unge norske kunstnarar samla på ei vinstove i ein liten by i Alpane. Det er ein dåm av tradisjon og fortid over romet; det har sett århundra koma og kverva i krig og i fred. Sjølv er desse unge sutlause og glade i kveld – den gode vinen har gjort sin verknad. Og den yngste og vakraste mellom kvinnene, Dagny Berg, byr dei ut til å gjera ein lovnad der dei står med løfta glas då midnattsklokkene slår: “Når dette hundradår ein gong vert ringt ut att, skal me møtast i denne stova på nytt.”

Det lovar dei kvarandre alle, utan ein – og for å bruka Lølands eigne ord: “ein liten tusling som kalla seg tonediktar og som helst sat i sine eigne tankar. – Berre eg ikkje fær nokoslag forfall, sa han”.

Dermed skils flokken, og Løland fylgjer nokre av dei til vegs ende fram gjennom vårt eige århundre – fragmentarisk, men likevel slik at lesaren sit att med tydeleg inntrykk av grunnleggjande hendingar i livet deira.

Ingen av dei blir namnkjende kunstnarar slik dei hadde drøymt om det. Dei fleste slit seg fram i magre kår; dei døyr i heller tidleg alder og blir fort gløymde. Den som lever lengst, er Dagny Berg, men også ho går ut or livet utan å ha sett nemnande spor etter seg.

Samstundes med at Løland fylgjer deira liv og lagnad, gir han glimt frå det århundre som ikkje blir hans. Ser vi det no gjennom hans briller, i bakvendt-perspektiv, er det tydeleg å merka at han slett ikkje prøvde seg som noko slag science fiction – forfattar slik t.d hans samtidige Jules Verne gjorde, og ville knapt hatt hell med seg om han hadde våga seg utpå. Han samlar seg strikt om det tema han har valt – og går fram til det nye sekelskiftet - det som vi for vår del no nærar oss fortare enn fort: Atter er ein flokk unge kunstnarar samla på vinstova i Alpe-byen, store i ord og i mod. I den oppløfta, men samstundes sentimentalt – vemodsfulle stemninga dei kjem inn i , snakkar dei i lag om at her var det kanskje samla ein flokk som denne for hundre år sidan òg, vonfulle og glade. Men dei er i vissa gløymde.

Då hender det at ein i flokken set seg til pianoet og spelar eit musikkstykke som ingen har høyrt før. Det heiter “Om hundrar år er alt gløymt”.

Det stykket var komponert av den unge kunstnaren som sat her ved førre hundreårsskifte og rekna med at han kunne “få forfall”. Han er dermed den einaste som – slik sett – har møtt opp etter hundre år, med eit tonestykke som samtida ikkje var moge til å ta imot.

Det er eit streif av resignasjon over denne soga slik Løland har fortalt henne, men samstundes av tru på den overlevingsevne lødig kunst har. Og kven kunne vel den smålåtne og til synes tuslete Rasmus Løland kjenna seg meir i slekt med enn denne tonediktaren? Då han skreiv Hundrad år i tida 1901-03, var han alt mykje merkt av den sjukdommen som skulle bryta han ned og enda livet hans: berre 46 år gammal blei han.

Veikhelsa til kropp og sinn hadde han vore heilt frå barndommen av. Han dugde lite til arbeid på den tungbrukte og etter tilhøva bra store garden som ætta hadde ått gjennom generasjonar, velvørt og velstands folk.

Men gode evner hadde Rasmus – endå han gjorde ikkje mykje av seg då han var elev ved amtskulen heller, på strandstaden Sand, vinteren 1877-78, ikkje munnleg i vissa. Men skriftleg! – han tok luven frå alle dei andre i norsk stil, fortel Torkell Mauland, Garborgs sambygding og venn, som var lærar ved denne skulen då.

Om stilskrivaren alt den gongen hadde tenkt på å bli diktar – ingen kan visst svara på det. Enno skulle det gå ti år før han publiserte noko. Det var i 1887; “Hans og Margreta” kom som framhaldssoge i bladet Lauvduskar – og året etter i bokform hos Bertrand Jensen. I Lauvduskar fekk han sitt første honorar òg, heile 40 kroner.

Bertrand Jensen var ein forleggjar som den tid gjorde mykje for nynorske boksrivarar – han ved sida av Mons Litlerè og Olaf Norli, som kom til å bli utgjervarar av dei fleste Lølandsbøkene. Elles spreidde Løland seg på fleire forlag; også Olaf Huseby og Gyldendalske Boghandel kom med i rada, og naturleg nok Det norske Samlaget.

Lølands aktive forfattartid strakte seg over knappe 20 år. Når ein veit at all denne tid sleit han med skrøpeleg helse og at han attåt var aktiv som journalist og redaktør, må ein undrast over det store tal bøker han fekk skrive. Ikring 15 forteljingsbøker (romanar og noveller) gav han ut, dertil ei rad barnebøker som alt nemnt, og fleire skodespel, og artiklar og dikt.

Alt sett under eitt er Løland ingen jamn skribent. Som lyrikar var han ordinær, til dels direkte platt. Heller ikkje imponerer skodespelforfattaren Rasmus Løland. Ein gong i min tidlegaste ungdom var det på tale at vi skulle prøva å framføra hans Aandelige klenodier (tittelen er ironisk meint), men persongalleriet er urimeleg stort og handlinga heller banal.

Artikkelskribenten Løland er ein heilt annan kar. Han tok aktivt del i samtidsdebatten: det kunne gjelda målsak, religiøse spørsmål, politikk, kunstsyn – og endå meir. Noko forenkla kan ein seia at idèmessig var han på line med Arne Garborg. Som Garborg gjekk Løland gjennom ei åndeleg krise som gjorde han til “fritenkjar”. Dette fall mange tungt for brystet, både mellom hans nære slekt og blant sambygdingar. Lølands barndomsheim var merkt av eit verdig og alvorleg kristensyn, mykje ulikt den psykisk avspora religiøsitet vi finn i barndomsheimen til Garborg.

Det skulle ikkje gjera det lettare for Løland å bryte opp, og det hende sidan – når kristentru møtte lettvint kritikk – at han tok religionen sitt parti, samstundes med at han for sin eigen part tydeleg distanserte seg.

Løland skreiv i mange blad, men to skil seg ut: Stavanger Avis og Den 17de Mai. Dertil gjorde han framfor alt ein makelaus innsats i Norsk Barneblad. I året 1900 tok han for alvor til å skriva der. Frå 1902 styrde han bladet saman med grunnleggjaren Kristen Stalleland, og frå 1903 av var han åleine om redaktørarbeidet heilt til han døde fire år seinare. Her skreiv han for born, og om born.

Den første barneboka Løland gav ut, kom elles ei god stund før - i 1892; ho heitte På sjølvstyr. Ho er framifrå fortald, og har både eit sosiologisk og eit psykologisk aspekt. Det er eit stykke Fattig-Noreg frå samtida ho skildrar. Sjølvstyr - guten Kristian svelt og lid vondt. Han stel for å døyva svolten. Forteljinga ter fram sentrale drag i hans utvikling og livsmønster. Ho er merkt av varme, medkjensle og forståing for dei underpriviligerte i bygdesamfunnet.

Sidan kom barnebøkene med tolleg jamne mellomrom alt til Løland siste leveår. Det er i dei to som begge har dyr med i tittelen, Kvitebjørnen og Det store nashornet, vi møter Kolbein og Andres – dei to namna som blei mitt første kontaktpunkt med Løland – og dertil to andre gutar: Pål og Gunnar. Sjølv har eg tykt at her er Løland på sitt aller beste. Humor og alvor går hand i hand, og Ryfylke-naturen med fjell og fjord i storfelte og idylliske bilete er på meisterleg vis i samspel med hending og handling.

Det var dei som meinte at Lølands barnebøker var for ”verdslege”. Og det var dei nok om ein samanliknar med det meste av barnebøker i samtida, der moraliserande, utanpåhengd preik går igjen. I eit tilsvar på kritikk frå dei som meinte at heller ikkje Norsk Barneblad fór vél i hendene på ein fritenkjar, svara han ein innsendar slik: ”Det klagemålet mot bladet som ligg i dette, var noko av det seinste eg hadde tenkt ein kunne koma med…Dét torer eg seia, at ein skal ta seg i vare for å gje borna for mykje
av “gudeleg lesnad”. Det kan henda at ein når det ein minst vil ...Eit barneblad skal hjelpa fram til alt det som godt og gagnleg og rett og fagert er – både i tru og alt anna. Men det må koma av seg sjølv i alt det som bladet har å bera fram.”

Her har Løland lagt fram program både for Norsk Barneblad og for barnebøkene sine. Det har synt seg å eiga berekraft til denne dag.

I overgangen mellom barnelesnad og vaksenbøker, står hans Norsk eventyrbok som kom ut i 1905. Så langt eg veit var dette den første eventyrbok vi fekk på nynorsk.
Her har Løland gjort eit stort samlararbeid. Mange av eventyra har han nok henta inn frå folketradisjon i eiga heimbygd. Mitt første møte med Løland som eventyrforteljar hugsar eg vél: Eg var ikkje stor karen – det var ein søndag eg var borte på grannegarden hos ein av leikekameratane mine, og den vaksne broren hans fortalde eventyret om fleskeskinka. Sjeldan har eit eventyr fanga meg sterkare, spekka som det er med finurlege påfunn og revestreker i ein spennande handlingsgang.

Då denne boka kom, hadde Løland vore på si første og einaste utalandsferd. I det heile hadde han kome lite ut over sin eigen bygdekrins før han var ikring 30 år. Men då manna han seg opp og drog til Kristiania. Han tok fjellvegen over Haukeli, som var den beinaste for han. Fire manuskript hadde han med i skreppa. Han visste vel knapt kva skatt han bar.

I hovudstaden kom han snøgt inn i ein krins av forfattarar og andre kunstnarar og treivst godt i det laget. I 1899 fekk han statsstipend, reiste først til Danmark og sidan til Tyskland. Han var på meir enn eitt vis som omsnudd då han kom tilbake, fortel Severing Eskeland, som gav ut ei lita bok om han i 1910: “Det hadde kome større framferd i han, og han bar seg så mykje mannslegare. Den heimskorne vadmålskufta og det blårutete ullskjerfet var borte. Der stod ein bykar frå kvervel til iljar, så fjong som dertil.”

Løland var heilt nede i Sør-Tyrol på Tysklands-ferda, og her har han utan tvil fått impulsar til Hundrad år. Novellene og romanane hans før denne siste skal her elles berre kort omtalast. Generelt kan det seiast om dei aller fleste av desse bøkene, så ulike dei enn er innbyrdes, at dei har eit realistisk grunndrag. I nokre av dei første ligg det innebygd ein korreks til Bjørnsons bondeforteljingar. Løland meinte seg å kejnna bondelivet betre enn Bjørnson gjorde, også med den kulturelle armod det jamt hadde. Og nett dette draget i Lølands tidlege forfattarskap vekte åtagaum i andre land, såleis i Tyskland.

Inn i det realistiske alvoret bryt stundom soger der ironien skin fram. Om dette draget og om andre av dei sider som elles er mest karakteristiske for diktaren Løland, skrive Arne Garborg i Verdens Gang: “De klareste trekk er en merkverdig sunn livsanskuelse, en lun, stillferdig ironi, et genialt blikk for de små trekk og fine overganger, en særdeles behersket ro over fremstillingen og en manende makt til å holde leseren fast ord for ord, setning for setning, i en interesse som jevnt og tolig kan stige til spenning. “

Mange av Lølands skjønnlitterære arbeid søkjer sitt feste i ein klårt formulert situasjon og utviklar den. I ein gruppe for seg står den mest omfangsrike av Lølands romanar, Skattegravaren, på 246 tettprenta sider i førsteutgåva. Dette er ein utviklingsroman, der diktaren fylgjer den late og likesæle guten frå han byrjar som skattegravar i bokstaveleg tyding, og til fåfengs, og vidare fram mot den skttegravins som truge og uthaldande jordarbeid igr, slik at han endar som ein velvørd og velhalden mann. Boka er også den einaste av Lølands romanar som får ein happy ending.

Nett dét draget låg ikkje for han, og hadde vel å gjera med hans eigen livslagnad. Veikhelsa og med nerver i ulage våga han seg ikkje på å stifta familie. Han blei gåande einsleg og kjende visseleg på saknet. Indirekte kjem det til uttrykk i boka Gamle ungkarar, som han sende ut første året han budde i Kristiania. Dette var nok Lølands mest produktive år. Attåt “ungkarane” kom Blodstyng, der han syner seg som ein fin novellist, og dessutan to små spelstykke.

Ei av dei mest verdifulle bøkene Løland skreiv i denne tida, komponert over eit samlande tema, var novellesamilnga Emne –utgjevingsår 1896. Boka inneheld fire noveller, dei to siste humoristiske , “Tingmannsemne” og “Mannsemne” – dei to første tragusjem “Spelmannsemne” og “Diktaremne”. Begge desse fortel om rike evner som ikkje kom til utfalding. Særleg “Diktaremne” speglar av Lølands eigen lagnad, også hans eigen kamp mellom tvil og tru. Diktaremnet taper trua på Gud, med same bakgrunn som Løland gjorde; han lid jamvel av same sjukdom som Løland sleit med frå unge år: eit veikt hjarta. Diktaremnet er son på ein tungbrukt vestlandsgard; han slit seg arbeidsufør og vinn aldri full helse att. I staden tyr han inn til lesing og skriving. Folk held han for ein bygdetulling når han slik stengjer seg av, og dess vanskelegare blir det for han å få den kontakt han sårt lengtar etter. Han hadde drøymt om å koma til Italia, men heller ikkje dét blei noko av.

Ikkje Rasmus Løland heller kom til Italia. Han laut nøya seg med Tysklands-ferda. Det blei teke til orde for at han burde få diktarløn no, men dit nådde han aldri, endå mange av bøkene hans blei godt mottekne av kritikken. Det galdt ikkje minst Aasmund Aarak, der han meir tydeleg enn i noko anna bok drøfter spørsmålet om kristendommen – som det jamt var hevda var det einaste pålitande grunnlaget for ein høg etikk. Høg etikk kan det finnast uavhengig av religionen, meiner Løland. Slik han i tanke og livssyn braut opp frå det tradisjonsbundne i heimemiljøet, slik kom han også til å gjera det med sjølve seg. Ei tid budde han fast i Kristiania, men trass i at han vann seg gode venner der, mistreivst han med byen, og etter at han hadde kome tilbake frå utalandsferda, kjøpte han seg hus med hage attåt på Labråten i Akser, i 1902, og blei Arne Garborgs nære granne.

Enno fekk han fem arbeidsår. Våren 1907 tok sjukdommen han så hardt at dei var redde han ikkje skulle greia det. På fote vann han seg likevel, men tæringa tok nytt tak, og han lei mykje vondt før han slokna i oktober same året. Den 17.oktober 1907 blei han gravlagd på Asker kyrkjegard.

Der er det reist ein vakker minnestein over han. Bauta er det reist i heimbygda hans óg. På 100-årsdagen etter at han var fødd, i 1961, blei mannen og verket heidra både i heimegrendene, i pressa og i radio. Sidan er fleire av barnebøkene hans blitt filma for TV.

“Om hundre år er allting gløymt” - ? Ikkje plent det heller nei.

Share/Save/Bookmark
Sist oppdatert tysdag 27. april 2010 07:25