|
Av: Ernst Berge Drange September 2007 På Løland i Hylsfjorden - lengst inne i eit av dei vestlandske fjordsystema - dreiv dei på 1880-talet med sjølvstudium i engelsk, tysk og fransk, og diskuterte politikk, litteratur og anna åndsliv i stovene. Det var forresten ikkje berre på Løland, men i heile det ressursrike miljøet av rike bønder i fjorden, så vel som blant dei meir velståande ute på strandstaden Sand. Dei las og diskuterte Brandes, Ibsen, Bjørnson, Kielland, Lie - og Aasmund Olavson Vinje, for dei mønstra tidleg til kamp mot alt danskeknotet. Og dei las Garborg, Kristian Elster, Amalie Skram og Knut Hamsun, for den del òg dei utanlandske førebileta Emil Zola og dei store russarane, som Turgenjev og Dostojevskij. Og dei tok systematisk føre seg Darwin, - så vel som kritikarane hans.
Den daglege informasjonen fekk dei gjennom hovudstadsaviser som Verdens Gang og Dagbladet og provinsaviser som Stavanger Avis. Men dei las ikkje Stavanger Aftenblad - Oftedalsbladet - då det byrja koma. For dette var radikale venstrefolk. Både dagens hendingar og åndsliv diskuterte dei mann i mellom, når dei møttest, og dei hadde spontane seminar i kveldsetene. Då drøfta dei det som sto i avisene, eller dei hadde eigne emne for kvelden. I dette miljøet voks Rasmus Løland opp, forfattaren, journalisten, nynorsk-aktivisten og fritenkjaren Rasmus Løland frå Ryfylke (f. 1861), i ein heim med eit stort kulturelt og økonomisk overskot. Barndom Barndommen hans var lukkeleg og prega av mykje fritid. Det var to brødreflokkar på garden, til saman ein ganske stor gutegjeng. Derimot var det nesten ikkje jenter på Løland. Dette kan ein òg sjå i Rasmus Løland sine barnebøker. Det er guteliv og guteopplevingar han skriv om. Det gjekk frå spennande leseopplevingar med Almuevennen, opplysningsmagasinet med både tekst og bilete – ei heilt ny og moderne verd - til innsamling av ”løgne planter”, studie av stjernehimmelen i mørke kveldstunder og utskjering av fantasidyr.
Heimen i Oppistovå på Løland var engasjert oppteken av all slag kunnskap og lesing, i utgangspunktet særlig naturkunnskap og historie. Men i Oppistovå var det òg søndagslesing av lange huspostilltekster. Heimen på Løland var prega av ein seinhaugiansk kultur. Dette var kyrkjefolk som òg kunne gå på eigne oppbyggingsmøte når det ikkje var gudsteneste i kyrkja. Men det var samstundes eit miljø som danna front mot dei nye evangeliske vekkingane, som Oftedalsvekkinga. Dei nye lekpreikarane – som ein Lamma-Lars, kjent blant anna frå forteljingar i barneboka Kvitebjørnen – skydde Hylsfjorden. Der vart dei sett på som farande fantar utan status.
Men samstundes som barndommen var lukkeleg var guten Rasmus prega av angst og frykt. Og det blei berre verre etter kvert. Han ville lett av stad og gøyma seg. Det var noko som låg i han. Far hans hadde hatt det same i seg. Guten voks òg opp med ei mor prega av mindremannskjensler, sjølv om ho var blant dei rikaste gardkonene i Ryfylke. Ungdom og sjukdom 16-17 år gammal fekk han gå amtsskulen ute på Sand. Han sat nedst ved døra i det gamle samlingshuset (bedehuset), fekk trekk på seg og var ofte stivfrosen etter timane. Sjølv fortel han at han kom heim att til Løland nærast helselaus.
Då bestemte han seg for å arbeida seg frisk, både fysisk og mentalt. Han sto på med tungarbeid alt han kunne, men ut på hausten fekk han nokre kraftige rier med vondt i hjarta. Dokteren på Sand kunne slå fast at den unge Rasmus Løland hadde fått hjartebetennelse, og kunne døy kva tid som helst.
Den alt noko nervesvake ungdommen, som mest truleg var plaga av anfall av panikkangst, vart meir enn vitskremd, og dokteren sine ord kom til å følgja han som ei mare gjennom over ti år. Han måtte passa seg for alt tungt arbeid. På det verste lei han av vonde vrangførestellingar og det var "vondter" som flyttet seg i kroppen. Meir slitsamt enn direkte vondt, over mange år, var førestellinga om tråden som gjekk ut av bakhovudet på han der han gjekk. Men tida han levde i, hadde knapt ord for korkje psykisk eller psykosomatisk sjukdom.
På den andre sida var det helsestoda hans som for ein stor del gjorde han til forfattar. Han kunne ikkje gjera gagns arbeid som normale unge menn. Og i periodar i sjukdommen fekk han sine "syner", idear til mange forteljingar. Men han skriv tidlig at han gjerne skulle ha bytta bort forfattar æra si med eit normalt liv som frisk. Samtidig var livsstoda hans medverkande til at han kunne sjå andre sine lidingar.
Hans og Margreta I slutten av november 1882 kom det ei ny tenestejente til Oppistovå på Løland. Rasmus og Saudajenta Kristina var omtrent jamgamle, 21 år. Rasmus blei forelska. Samtidig stritta han imot kjenslene sine. Han meinte å vita at Kristina ikkje kunne bry seg om han, og han visste at det ikkje kunne bli noko alvorleg mellom dei to, slik han gjekk der som ein sjukling.
I denne prosessen skreiv Rasmus forteljinga ”Hans og Margreta”. Alt tidleg i desember vart han ”skrivingsuroleg”, som han kalla det, og byrja på ei ”forteljing om Elskhugssjukdom”. Margreta – i forteljinga – leikte med Hans sine kjensler. Ho gjekk til Sveinung på Fjogstad og berre let som om ho heldt av Hans Kleivarne (d.v.s. Rasmus Løland).
I eit liv fattig på ytre omstende kom svært mykje av det Rasmus Løland skreiv til å springa ut av hans eige indre. Konteksten var det gards- og bygdemiljøet han var ein del av gjennom så mange år. Svært mykje er ”nøkkelstoff”. Personar, landskap og hendingar er gjenkjennelege, like eins mange element i diktaren sitt eige liv, kanskje særleg hans forhold til kvinna. I fleire omgonger måtte han skriva seg ut av vonde og uforløyste forelskingar. Samtidig hadde han lese mykje gjennom tidene, både fagstoff og dikting, og han heldt seg informert gjennom aviser og magasin.
”Hans og Margreta” var den første forteljinga Rasmus Løland fekk ut mellom to permar, nemleg i Samlaget sin skriftserie ”Lauvduskar”, som kom ut over ein tjueårsperiode. Det var i 1888, og han hadde alt hatt nokre småforteljingar på trykk i avisa Fedraheimen. 40 kroner fikk han for Hans og Margreta. Det at hardt arbeid gav utteljing i pengar, var ein viktig verdi på Hylsstranda.
Forteljinga ”Hans og Margreta” – skrive av ein forvirra og forelska ung mann fleire år tidlegare – fikk stor merksemd. Garborg skreiv om forteljinga i Fedraheimen i mai 1888: ”Eg hev Voner um denne Mannen, fordi han forstend det, som andre unge Vestlandsbokmenn enno ikkje hev fengje rett i seg - : at det gjeld um aa sjaa Live ikring seg, slik som det blir livt og so framstella dette rolegt og klaart, utan Kunster, utan aa leggja noko inn, som ikkje er der, utan aa vilja gjera det ”interessant”, - berre teikna det ærleg og endefram”. Dette var framleis ei tid då det skulle vera ”tendens” i alt, men Løland hadde bare vist eit stykke kvardagsliv.
Til og med riksmålsfolk la merke til forteljinga ”Hans og Margrete”. Irgens Hansen i Bergen, kritikar og teatersjef, gav omtale av ”Nogle maalbøger” i det nye tidsskriftet Samtiden i 1890:
”I den ovennævnte aargang af ”Lauvduskar” er der en fortælling: ”Hans og Margrete”, som er velsignet fri for alle de skruede andenhaands betragtninger, vi ellers alt i et maa døie hos landsmaalspoeter. Fortællingen er vakkert gjort og kunde med lidt mere kundst blevet fortræffelig. Som den er, har den den fordel at give os et enkelt og rent billede af en stakkars halvtusset tenesteguts kjærlighed til en munter og lidt flokset pige. I det rent menneskelige er grepet saa sikkert og givet saa klart, at forfatteren – Rasmus Løland fra Ryfylke – nok maa heve noget mere at fortælle”.
Trass i gode ord strevde han lenge med å finna ei form i skrivinga si. Ein skulle tru at mykje var gjort med ”Hans og Margreta” mellom to permar i Lauvduskar. No burde det gå beine vegen frametter med forfattaren frå Hylsfjorden. Men slik var det ikkje. Han kjende det sjølv kor han strevde med å finna forma. Til og med forteljinga ”Litle Eirik og Grisen”, meisterstykket hans, som første gong sto på trykk i Fedraheimen i 1888, var for tungvint. Han sleit seg gjennom forteljingane sine på nytt og på nytt, aldri tilfreds. Styrken hans var evna til å stå på i dei lange løpa.
Men han kjende det etter kvart som at det ikkje førte nokon stad. ”Ingen hev vel slitt seg fram tome for tome for aa finna form, soleis som eg,” skriv han i sjølvbiografien. Verst av alt strevde han med ”Torgeir smedegut”, som sidan kom i Blodstyng og andre sogor (1896). Berre på denne forteljinga brukte han store mengder med papir gjennom mange år. Sommaren og hausten 1888 var den tredje gongen. Og det skulle koma fleire omgonger. Ein dag skreiv han: "Va naake netrøkte for at dæ gjek ringt mæ skriving." Eller han kunne skriva: ”Va naake utryge paa det eg hadde retta.” Slike kommentarar er det flust opp av i dagboka frametter åra.
Bokdebut 1891 Den positive kritikken både frå Garborg i 1888 og Irgens i 1890 var med og løfta opp den unge mannen på Løland. Han fikk vita at det han skreiv var både bra og interessant. Samtidig var han i ferd med å koma seg ut av dei mentale lidingane han hadde stritt med i så mange år. Då var det han i 1890, året med den positive kritikken i Samtiden, fekk diagnosen byrjande tæring, og han byrja spytta blod. Det bar rett inn i ein alvorleg fysisk sjukdom.
Andre hadde gjerne klappa saman. Rasmus Løland - som hadde hatt døden mest dagleg i tankane i over ti år - gjorde ikkje det. Derimot slo det ned i han ein tanke: Kanskje han skulle samla saman det han hadde hatt på trykk og få ut den eine boka. Den eine boka og så tæringsdøden. Han skreiv til Garborg og spurte om han trudde det kunne gå an, og Garborg skreiv raskt tilbake.
Brevet frå Garborg var oppløftande. For det første hadde jærbuen byrja venta på livsteikn frå Ryfylke, som han skreiv. For det andre gjekk det sjølvsagt an å samla det han hadde hatt på trykk i ei bok. Men endå betre hadde det vore om det kom noko nytt. Garborg ville dessutan gjerne ta på seg å lesa gjennom manuskriptet og komme med rettingar og innspel.
Garborg hadde òg stor personleg omsut for ryfylkingen. Han skriv: ”– so de hev vore sjuk, stakkars Mann. Godt, at De er likare; no fær De vera so var med Helsa som De kann. Døy fraa oss faar De ikkje Lov til.” Dette var noko som varma. I eit anna brev helste Garborg frå ”kjeringa” - og sa frå Hulda ”at hev De vondt for Brystet, skal De drikka Geitemjølk. 1 liter um Dagen”.
Hulda skulle sidan – dei siste åra av livet hans - bli Løland sin nærmaste og fortrulege.
I debutboka "Folkeliv", som kom i 1891, kom det fire Lølandforteljingar som tidlegare hadde stått på trykk i Fedraheimen, men dei var godt gjennomarbeidde etter det. Og den byrjande tæring i 1890 stoppa opp, og kapsla seg inn.{mospagebreak}
Ut i verda Rasmus Løland brukte lang tid på å koma seg ut i verda. Sjukdommen gjorde at han kjente seg utrygg. Slik gjekk over ti år av livet hans, frå han var nærare 20 til han var over 30 år. Han var nokre få turar til Stavanger, og han fekk etter kvart nokre småturar inn til Saudasjøen, der søster hans hadde gifta seg. Saudasjøen vart etter kvart som ein fristad for han.
Den aller første ordinære jobben han hadde var nettopp i Saudasjøen, der han reiste 28 år gammal for å vera huslærar i søstera sin familie. Han var der i to månader. Først sommaren 1892, 31 år gammal, kom han seg utforbi fylket, til Bergen. Det var Mons Litlere i Bergen som gav ut den første boka hans, Folkeliv, i 1891. Dei to hadde då hatt brevkontakt nokre år. Mons Litlere var òg redaktør i avisa Firda, som på denne tida var hovudavisa for målrørsla i landet etter at Fedraheimen gjekk inn og før Den 17. Mai starta opp i 1894. Rasmus Løland byrja så smått byggja seg opp eit nettverk av kjenningar. I Bergen møtte han blant anna Rasmus Steinsvik, som skulle bli ein av hovudmennene bak Den 17de Mai.
I 1894, då han hadde fleire bøker bak seg, vart Løland omtala i det tyske tidsskriftet Litterarisches Echo. Det var den kjende tyske kritikaren og redaktøren Ernst Brausewetter som då melde Folkeliv. Brausewetter, som hadde stor kunnskap om skandinavisk litteratur, gjorde mykje for å introdusera nordiske forfattarar i Tyskland. Han hadde merka seg at forteljinga ”Ei Sumarferd” var retta mot dyrkinga av den norske bonden som mønster på eit uforderva naturmenneske. Og Folkeliv gav eit viktig tilskot til kunnskapen om norsk liv og lynne.
Sidan brukte den same Brausewetter Løland si debutbok i ein lang artikkel om ”Norwegisches Bauernleben” i Berliner Tageblatt sitt bilag Der Zeitgeist for den 29. august 1892. Løland vart òg omtala i det franske tidsskriftet Revue des Revues. Hausten 1895 – 34 år gammal – kjende han seg endeleg i stand til å ta seg over til hovudstaden. Mons Litlere i Bergen var død, Løland hadde tapt mykje pengar, og han hadde behov for ein ny forleggar. Samtidig hadde han hatt sine første innlegg i Den 17de Mai, og var byrja bli etterspurd der. Det vart 1 ½ månad i Kristiania denne første gangen.
Både då han kom til byen, og då han reiste derfrå, vart det annonsert i Den 17de Mai, avisa med mange tusen lesarar: ”Rasmus Løland er komen til byen og skal bli her eit bel,” heitte det den dagen han kom. Og då han reiste att: ”Rasmus Løland reiste igaar attende til Ryfylke; han hev halde seg her i byen ei 5–6 vikur og blant anna lese korektur paa 4 bøker som skal koma til jol paa Bertrand Jensens forlag.” Rasmus Løland skulle forresten òg koma til å tapa mykje pengar hos Bertrand Jensen, den nye forleggjaren.
Hausten etter – i 1896 – reiste han igjen over til Kristiania, og frå no av skulle Kristiania bli hovedarenaen hans. Men om somrane hadde han - dei første åra - lange opphald heime på Løland og Sand. Mange hadde kjent omsorg for Rasmus Løland, blant anna det at han måtte koma seg ut. Hans Seland, det gode menneske frå Flekkefjord, som debuterte hos Mons Litlere samtidig med Løland, skreiv ettervinteren 1894:
"Eg vonar eg ikkje saarar deg med det; men eg hev kjent det som ei sorg, naar eg hev tenkt paa deg og livsluten din, at eingong vil det seia stopp hjaa deg – fortilegt, meiner eg, av di du hev so vondt for aa koma ut aa sjaa dine ting under annan vinkel, for der er so mangt, som ein fyrst fær syn for, naar ein fær sjaa dei utanifraa.Det maa so vera det."
Sommaren 1896 skreiv Rasmus Steinsvik etter han for å få han til Kristiania att: ”Du hev godt av aa koma ut for den sjukdomen din. Eg trur det er med deg som med meg at du er nokso hypokonder. Mot det hjelper det aa koma ut.” Så der fekk han passet sitt påskrive. Men det at han hadde det så godt der han var, gjorde sitt til at han sytte så lenge med det. Han hadde folga på heimegarden, hadde såleis alt det han trong til livsopphald, han levde i eit miljø fullt av bøker, aviser og diskusjonar, både litterært og politisk. Vel var det mange som såg ned på han for at han ikkje gjorde noko vetugt, og fordi han gjekk der som ein tusse. Men han hadde sine vener både i fjorden og ute på strandstaden Sand. Forfattaren, journalisten, landsmålsaktivisten Løland fekk ut både den eine boka, ”Folkeliv”, og i alt 30 bøker til - romanar, novellesamlingar, skodespel, barnebøker og omsetjingar. Gjennom 17 år - fram til han døydde i 1907, var dette meir enn to bøker i året. I tillegg kom avisarbeidet i Den 17de Mai og redaksjonsarbeidet i Norsk Barneblad. Rasmus Løland redigerte Norsk Barneblad frå 1902 til 1907.
I den nynorske pionertida i Kristiania på 1890-talet vart Rasmus Løland ein av dei viktige aktørane, og kanskje særleg for mange av dei unge i rørsla. Han sto fram som reinare enn dei fleste både i tale og skrift. Arenaen hans var særleg Den 17de Mai, men òg det såkalla Røelaget, der viktige folk i målrørsla diskuterte både ideologi og praktiske tiltak. Det var professor Aleksander Seippel, odelstingspresident Jørgen Løvland, den unge Halvdan Koht, stortingsmenn og forfattarar. Han var òg i styret i det radikale ungdomslaget "Fram", det miljøet som på denne tida dreiv fram landssamanslutninga av Noregs Ungdomslag. I Den 17de Mai vart han tilsett for å skriva utanlandsstoffet, der han hadde store kunnskapar, men skreiv òg om alt anna som rørte seg i tida. Hovudsakene hans var demokratiseringa av samfunnet (røysteretten), unionssaka og arbeidet for landsmålet.
Han var òg ein av pionerane innafor den nynorske teaterrørsla, og i ein periode skreiv han fleire små teaterstykke på landsmål. Både i 1895 og i 1896 leverte han nyskrivne spelstykke til ungdomslagsstemne i Stavanger. Det var Aandelige Klenodier og det var Stevleik. Sidan kom det fleire. Han hadde ikkje så store tankar om desse små skodespela. Det gjekk mykje i sjangeren farsar – situasjonskomikk, forviklingar - men det var viktig for han å laga noko på "norsk". Det vanlige teaterspråket var dansk eller svensk.
Rasmus Løland sitt stykkje "Stevleik" var det einaste spelstykke som blei direkte trekt fram i Arne Garborg sitt kjente ideologskrift "Maalteater" (1898). Var det ikkje som det låg eit norsk drama i frø med stevleiken som sjanger? skreiv Garborg. Fleire av vaksenbøkene til Rasmus Løland vart viktige i tida.
Skattegravaren (1893) var boka som kanskje framfor nokon annan gjorde han kjent som de ”de fattiges, de smaa og forurettedes digter”, boka om dovenpeisen og fattigguten Lars Aslakson som utvikla seg til ein dugande arbeidsmann. Garborg karakteriserte Skattegravaren som eit meisterstykke i utviklingspsykologi. Løland vart tidleg kjent som "sjeleframsynar", eller psykolog. Dette var ein ny trend i tida og i litteraturen, nemleg sjeleanalysen. Olav Midttun sette det ein gang på spissen og skreiv at Løland "var psykoanalytikar lenge før Freud oppfant psykoanalysen".
Boka Aasmund Aarak (1902) var Rasmus Løland si eiga historie i kampen mot sjukdom og frigjeringa frå den kristne trua, som sat i ryggmargen på han. Han hadde vore ein alvorleg, from ung mann, og dagboka hans er full av bønesukk til Gud om å bli frisk. Aasmund Aarak er ei tung bok, som livet til forfattaren var det. I over 20 år strevde han med boka, fram til ho endelig kom i 1902. Då var timinga dårleg. I motsetning til 20 år tidlegare var det den lyse, kulturopne og kristelege ungdomslagsrørsla som prega tida, saman med arbeidet for avviklinga av unionen og - etter kvart - den nye arbeidsdagen etter 1905. Ein fritenkjar-roman var som eit feilskot i tida, og vart boikotta både av ungdomslagsrørsla og folkehøgskulerørsla. Arne Garborg fann det for sin del underleg at folk ikkje orka lesa boka, ikkje "orka lesa det som han (forfattaren) hadde lote orka lida". Men folk i tida ville ikkje vita av sanninga utan at ho var "noko-so-nær hyggjeleg".
Boka Hundrad Aar, som kom posthumt i 1910, tek føre seg tema "den store gløymsla", - korleis ein straks ein er faren, like straks blir gløymt. Boka tek til på eit vertshus i ein alpelandsby medan kyrkjeklokkene ringjer ut det gamle og inn det nye hundreåret. Det er samla ein del norske kunstnarar, eit par forfattarar, ein musikar, eit par målarar og eit par bilethoggarar. Sentralt står ei 18 år gamal kvinne. Idet klokkevisaren står på tolv og kunstnarane løfter glasa sine og drikk for det nye hundreåret, får ho dei alle til å lova at dei midnattstimen ved neste hundreårsskifte skulle møtast att på same stad. Boka følgjer så kunstnarane frametter hundreåret, vårt hundreår, frametter 1900-talet. Like lite som Aasmund Aarak er Hundrad Aar heimstaddikting, båsen der Rasmus Løland delvis er blitt plassert. Livet går sin gang med sine harde krav. Det er lite glede i verda. Gjennom realistiske tids- og personskildringar ville Løland gje eit utsyn over menneskelivet, over "sjølve denne gåtefulle endeløysa av alltid det same og aldri det same som me kallar menneskjelive", som Garborg tolka boka. Løland hadde som eit håp om at dette skulle snu forfattarskapen hans. Men han fekk avslag frå forlaga, fordi boka ikkje var "høvelig" lesnad for dei unge, som det heitte. Ho kom først 3 år etter at han var død.{mospagebreak}
 |
Barnebokforfattaren Når Rasmus Løland utvikla barneboksjangeren og satsa på bøker for barn, var det for ein stor del på bakgrunn av interessa hans for det norske språket, for landsmålet. Dersom borna frå første stund fekk opplæring i eit skriftmål som var naturleg for dei, ville kampen for landsmålet etter kvart vinnast. Og det var eit stort behov for barnelitteratur.
Året etter bokdebuten hans med Folkeliv i 1891, som var ei vaksenbok, kom barnebokklassikaren "Paa sjølvstyr" og forteljingsboka "Ungar", altså to barnebøker same året (1892). "Ungar" er ei samling av fire barneforteljingar. I 1894 kom den sterke og nære barneforteljinga "Kor vart det av jola" og i 1897 kom "Smaagutar" 1897. Dei mest kjende barnebøkene er likevel "Det store nashorne" (1900) og "Kvitebjørnen" (1906). Dei fire gutane Pål og Andres, Gunnar og Kolbein opptrer for første gong i "Smaagutar", men det er gjennom forteljingane i Det store nashorne og i Kvitebjørnen ein blir verkeleg kjende med dei, og - for dei vaksne lesarane: attkjende med seg sjølv. For dette er realistiske barneopplevingar - barndomslandet - tatt på kornet. Rasmus Løland var ein av dei aller første som skreiv realistisk om og for barn. Borna i Løland sine bøker er ekte og autentiske, det er ikkje ein Ola Gladgut eller ei Guri Blidjente, overmoralske barneførebilete. Det er ekte gutetravar frå Hylsfjorden i Ryfylke.
Han hadde sett føre seg å slå gjennom som ein forfattar som tok føre seg menneskelivets og kulturars vekst og fall, det pessimistiske grunnsynet om korleis alt vert til inkjes. I staden vart han kjend som ein genuin tolkar av barnesinnet. Til utlandet - siste åra i Asker Han fekk to reisestipend til utlandet 1899 og 1900. Han nytta dei først ein tur til København – den gamle rikshovudstaden – og til småbyen Vejen – rett ved Askov og Askov folkehøgskule, det store kraftsentrum i folkehøgskulerørsla. Rasmus Løland, som var kritisk til folkehøgskulerørsla, sette seg bokstavelig til litt utkanten av Askov. Sidan bar det ut på den lange turen til Berlin, München og Tirol.
Turane til utlandet gjorde noko med han. Han kledde seg noko betre, han tedde seg meir moderne og han blei sikrare på seg sjølv. Men han blei verande den smålåtne mannen, den som ikkje stakk seg fram, men som likevel aldri var redd for å seia meiningane sine både i tale og skrift. Aller best likte han røelaget, det å røa – konversera - i små lag.
Etter år på små – og rotete - hyblar i Kristiania, helst i området kring Sankthans-haugen, kjøpte han seg hus og hage på Labråten i Asker, ein naboeigedom til Hulda og Arne Garborg. Det var gamlehuset på den garden Rasmus Steinsvik i si tid kjøpte til bustad for seg sjølv og Garborg-familien, applaudert av Hulda Garborg, medan Garborg sjølv helst ville ut av hovudstaden så Tuften (sonen) kunne læra seg å snakka eit godt norsk mål.
Rasmus Løland og Garborg-ekteparet var naboar i 4 år, berre avbrote av ein vinter då Rasmus måtte flytta inn att til Kristiania fordi av han fraus slik. ”Jeg sa til Løland, at jeg syntes han i overordentlig grad manglet kjerring og kjelder og burde se hurtigst å anskaffe begge dele”, sa fru Garborg. Ja, svarte han, og smilte så smått - ”men fyrst kjillar”.
Dei siste 2-3 åra budde òg Steinsvikfamilien i nabolaget. Men dei tre blad- og bokmennene såg ikkje så mykje til kvarandre, skreiv Arne Garborg. Kvar for seg hadde dei nok med sitt. Her uttrykte han seg varsamt, den gode Arne Garborg. Det var slik at Garborg-ekteparet og Løland hadde mykje med kvarandre å gjøre, så mykje Løland kjente seg god nok til det. For titt og ofte hadde han sitt humør, og "ville ikke se mennesker", som Hulda Garborg skreiv det. Forholdet mellom Steinsvik og Garborg var derimot ganske avmålt og korrekt. Dei to blei aldri nære vener.
På Labråten døydde Rasmus Løland av tuberkulose den 12. oktober 1907. Han hadde då - i denne omgang - vore sjuk i eit halvt år. På nyåret hadde han vorte vald inn som styremedlem i Den norske Forfatterforening og i skriftstyret i Syn og Segn. Siste sommaren opplevde han at fleire av barnebøkene hans kom i nye opplag og innkjøpt av dåtidas innkjøpsordning. Og økonomien hans, som hadde halta i mange omgonger, var i ferd med å koma seg skikkeleg på fote.
Testamente Sengeliggjande fekk Rasmus Løland gjort ferdig ein artikkel til Syn og Segn ein månad før han døydde. Det var det siste arbeidet han la på seg, eit litterært og målpolitisk testamente kalla "Ei røda um bøker og andre ting". I artikkelen gjekk han til åtak på traktatlitteraturen, forkynnande og oppbyggjelege solstrålehistorier frå landsbygda. Sann litteratur burde syna fram livet fritt og sant og ubunde, var bodskapen.Og Rasmus Løland definerte seg ut av heimstad-diktingsjangeren.
I målsaka hadde han lenge vore purist. Haldninga hans no var at ein måtte vera praktisk. Skulle ein greia få eit arbeid ifrå seg i rimeleg tid, burde ein ikkje sitja og pina seg og vera purist. Kom det eit ord eller ei vending av framandt opphav, så tok ein det med. Det som var viktig, var at målet var norsk i stilføring og tonelag.
Men samstundes som ein brukte eit kvardagsmål kunne det i somme samanhengar vera godt å bruka eit meir bokleg og litterært språk. Som i alle andre mål måtte det vera slik at ulike emne kravde ulik målføring. Målsetjinga måtte vera at norsk mål med tida skulle bli ein lett og ledig og naturleg reiskap for alt som menneske tenkte og hadde å seia, det liksom andre mål.
Rasmus Løland hadde gitt sitt til denne verda.
|
 |