I Løland si eiga ånd PDF Skriv ut E-post
søndag 30. september 2007 04:58
Av: Judith Sørhus Litlehamar, Bygdaposten

- Eg har levd med denne mannen i over eit år, gjennom side etter side med dagboknotat - tusenvis av små sider - gjennom aviser og gjennom brev, sa forfattar Ernst Berge Drange ved lanseringa av biografien: ”Rasmus Løland. Barnebokpioneren frå Løland”.
Drange har gitt oss eit særs skarpt innblikk i Rasmus Løland sitt liv – både frå ungdomstida i Hylsfjorden og gjennom den kunstnariske utviklinga til livet hans tok slutt så altfor tidleg – berre 46 år.

Biografien er skriven med ein lekande lett penn og eit språk som lever side om side med talemålet. Den er med andre ord skriven i eit språk etter Løland si eiga ånd. Framandord er nærast umogleg å finne og den munnlege tonen fører lesaren godt gjennom historia.

For det er ei gripande historie om eit menneske der dei psykiske og fysiske utfordringane går hand i hand. Drange let oss fylgje Løland nærast kronologisk gjennom barneåra, før han meir tematisk går til verks. Likevel skin livshistoria til Løland gjennom som ein raud trå det er godt å orientere seg etter.

Livet til Rasmus Løland bar preg av tvil og tru, av ufred og mangel  på balanse, av tillit til litteraturen og samfunnsdebatten og redsle for dei fleste sosiale samankomstar.  Drange målar eit samansett og truleg realistisk bilete av mannen. Han er ein meister til å kartlegge historia med truverdige og nøyaktige kjelder, og til å gi historia akkurat så mange bein å stå på at den står fjellstøtt.

Nokre gonger kan ein finne små krydrande liner frå Drange si hånd, men aldri så krydrande at dei vik frå den dokumenterte versjonen. Som oftast vil slike liner berre gi det perspektivet ein truleg treng for, i dette tilfellet, å setje seg inn i eit så samansett sinn og vis å leve på.

Det er godt synleg at Drange er blitt glad i livshistoria til Løland.

Framsida er godt disponert og gir oss assosiasjonar til nettopp den sosialt usikre mannen som unngår situasjonar han finn vanskelege og ikkje taklar. Framsida er akkurat så mørk den bør vere på ein biografi om Rasmus Løland. Samstundes er det ein slags livsstreng i biletet – livet hadde mange gåver – også til Rasmus Løland. Litteraturen var kanskje den største.

Boka er også krydra av bilete frå Hylsfjorden, Løland og av Rasmus sjølv. Det kunne det med fordel vore meir av. Boka er blitt ein murstein på 637 sider, likevel kan ein neppe få for godt dokumentert bildemateriell i eit slikt verk. Dersom tilgangen er tilstades.

Rasmus Løland er mest kjend for barnelitteraturen sin. Ikkje minst for forteljingane sine, dei enkle og kjære forteljingane som alle har ein streng av opplevingar og kjensler dei fleste kjenner att.

Rasmus Løland var kjent for å snakke det språket borna forstår – på ein særs naturalistisk og realistisk måte.

Biografien til Drange står fjellstøtt i Løland sin eigen tradisjon.
Share/Save/Bookmark
Sist oppdatert måndag 04. august 2008 05:39