Diktaren frå Sølvkannestrandå PDF Skriv ut E-post
søndag 30. september 2007 05:04

Ei nær-Løland oppleving.
Meldt av Roy M. Eriksen, Haugesunds Avis


Samlaget markerer 100-årsjubileet for Rasmus Lølands død med ein omfangsrik biografi om Ryfylkediktaren. Lokalhistorikaren Ernst B. Drange leverer ei solid og nærgåande skildring av ein mann som vart diktar på grunn av ein feildiagnose.

Vendinga i Lølands liv skjedde då doktoren på Sand fortalde 17-åringen at trykket for brystet kom av hjertebetennelse, noko medisinen i dag ville ha kalla panikkangst. Den folkesky Rasmus vart gåande på garden «som ein tusse og sjukling», skreiv i løynd og kom på folge med foreldra sidan han ikkje dugde til gardsarbeid.

Biografien er hovudsakleg basert på Lølands dagboksnotat og sjølvbiografien hans. Drange gir inngåande nærbilete av oppveksten på det han kallar Sølvkannestrandå, eit bygdelag av velståande bønder ved Hylsfjorden som hadde tent godt på skogbruk og der sølvkannene var statussymbolet. I det frilynde kristne oppvekstmiljøet vart politikk og åndsliv flittig diskutert, men unggutens liv blei likevel prega av religiøse grubleri og tvangstankar.

Drange fortel kronologisk, om dei første litterære forsøk i Fedraheimen, korleis Garborg hjelper til med bokdebuten i 1891, om Oslo-opphalda og redaksjonsjobben i nynorskavisa Den 17de mai, og hans iherdige litterære produksjon i hovudstaden med 17 bøker på seks år. Han teiknar eit bilete av ein samfunnsengasjert diktar. Ein ihuga målaktivist med eit ope auga mot verda, men og eit djupt einsamt og sjukdomsplaga menneske. Livet baud på mange nedturar. Løland hausta fagnad som ein fornyar av barnelitteraturen.

Han grov seg ned i djupet av barnesinnet og braut såleis med den moraliserande barneboktradisjonen. Ambisjonane var større enn berre å skriva for barn, men han hadde lite nase for tidsånda og vaksenbøkene fekk ikkje den mottakinga han vona. Somme diktarbiografiar har hatt ein tendens til å bli subjektive
kunstnarportrett.

Dranges historisk-biografiske tilnærming nyttar eit uvanleg breitt kjeldetilfang og kjem tett innpå diktaren. Han kallar sjølv boka «ei nær-Løland oppleving». Skildringa av det lokale bygdemiljøet er framifrå, levande og historisk interessant. Kjeldene gir høve til å trengja inn i diktarens indre verd, «der kjensler vart fødde og tankar sprang fram» slik det og skjer i Lølands skrifter.

Det kan diskuterast om delar av stoffet kunne ha vore skore bort, for stundom er laust og fast tatt med.
Men biografien gir eit mangslunge og variert bilete av «en ensom sjæl…grundig snytt for livet» som Hulda Garborg sa det etter Lølands død.

Share/Save/Bookmark
Sist oppdatert måndag 04. august 2008 05:43