|
søndag 30. september 2007 05:07 |
Tekst: Vidar Høviskeland, nashornet.no
Det spirer og gror rundt Rasmus Løland-markeringa. Ernst Berge Drange har skrive mursteinen som er på meir enn 630 sider. Drange har magistergrad i etnologi, men er mest kjend som ein av dei verkeleg tunge bygdebokfofattarane i landet. Med denne Løland-biografien har han laga eit storverk.
Løland var ein ivrig dagbokskrivar frå han fylte 12 år, og dei fleste dagboknotata hans er intakte. Desse har Ernst B Drange hatt tilgang til, og dei er nok i stor grad med på å fargeleggja personen Rasmus Løland. I tillegg til å gi eit godt innsyn i arbeids- og sosialt liv i Ryfylke på slutten av 1800-talet gir desse notata eit unikt bilete t.d. av den intellektuelle miljøet rundt ”Den 17 Mai” i Kristiania.
Rasmus Løland skreiv sjølvbiografi då han var midt i tredveåra. Denne vart aldri gitt ut, men Severin Eskeland fekk seinare gjera seg nytte av han, då han skreiv sin Løland-biografi. Sidan Løland var ein særs ivrig samfunnsdebattant, og sidan han skreiv jamt og trutt i ulike aviser og tidsskrift heile livet, har det vore mykje kjeldestoff å ausa av for Ernst Berge Drange.
Ernst Berge Drange spekulerer sjeldan og aldri, kvar liten detalj i biografien er belagd med kjeldetilvising. Det er eit oppkome av detaljar i boka, men likevel klarar biografen å gjera stoffet levande og leseverdig – ikkje minst gjennom konsekvent bruk av ein talenær nynorsk som kler biografien godt. Dette er ei språkføring som truleg ville vore heilt i Løland si ånd.
Sjølv om Drange brukar kjeldene med varsemd og ikkje skøyter for mykje på, tillet han seg små lakoniske kommentarar undervegs: -”Rabbe var ingen ønskesvigerson”., skriv han ein stad. 150 sider lenger bak kjem ein bisetning som fortel kvifor Rabbe ikkje var ein ønskesvigerson. Dette ser ut til å vera ein slags leik med lesaren så gjeld det å halda tunga beint i munnen.
Arne Garborg skreiv om Løland at han skriv ”kvardagsleg og utan kunstar og utan å leggja noko til”. Slik skriv og Drange om Løland. Drange har knytt eit oppkome av små, ofte trivielle, soger til einskildpersonar. Sjølv personar som ikkje står sentralt i boka, folk som berre er innom i handlinga av og til, veks fram som levande portrett, etter kvart som dette puslespelet fell på plass.
Boka til Drange er mest fri for framandord, nett slik Løland ville ha sett pris på – og nett slik Drange er kjend for å skriva gjennom sitt mangeårige virke som bygdebokforfattar.
Drange skildrar oppveksten ved Hylstranda nokolunde kronologisk, men går etter kvart over til ei meir tematisk oppdeling av boka. Dette er ein klok måte å organisera stoffet på.
Skriving – mani og terapi Hylsfjorden var kanskje bortgøymd, geografisk, men kulturelt sett låg fjorden midt i tida.
På Løland var det eit lesande samfunn. Lesaren vert imponert over det intellektuelle nivået i Hylsfjorden seint på 1800--talet. Familien og folka på gardane rundt las litteratur og aviser, dei diskuterte aktuelle saker i tida, dei drøfta ”djupe” emne i livet – og døden og, for så vidt. Dette er eit uventa trekk og truleg eit utypisk trekk i tida, sjølv om folket på ”Sølvkannestrannå” var relativt velståande.
Sjølv om faren var religiøs – det vert stilt spørsmål i biografien om han etter kvart var på veg inn i ein pietstisk kristendom, vart både radikal samfunnskritisk litteratur og radikal kristendomskritisk litteratur godteke og lese på Løland.
Rasmus Løland var plaga av angst og vrangforestillingar, og ein diagnose me truleg ville kalla hypokonderi i dag. Fleire av søskena sleit og etter kvart og med psykiske vanskar. Familien kom frå god og velståande bondeslekt, men Drange freistar ikkje å skjula at det var ein tradisjon for inngifte i desse bygdene. Slikt kunne vera praktisk for å halda gardane i slekta. I oppveksten var Rasmus Løland oppteken av treskjering. Han skar ut alle dyr han kjende og mange han ikkje kjende. Interessa for trearbeid tok han med seg resten av livet, og i periodar medan då han budde heime på Løland tente han nok monaleg meir på dette enn på skrivinga.
Løland var og i periodar ivrig fele- og trekkspelar. Kristendommen i Hylsfjorden var ikkje så streng som lenger ute i fjordane og det var aldri eit problem å spela på ”djevelens instrument” på Løland.
Sjølv om faren var skeptisk til romanar – han meinte det var tidsøyding å lesa slike – vart Rasmus Løland eit lesande menneske, trass i at han berre hadde folke- og amtskule. Og sjølv om han berre hadde nokre få timars opplæring i nynorsk/landsmål i løpet av livet, kom han til å bli ein viktig målmann, både som forfattar, journalist og samfunnsdebattant.
Drange fortel om då Rasmus, 17 år gamal, fekk for seg, godt hjelpt av ein doktor, at han hadde ”hjartebetennelse” og kunne døy når som helst. Slikt var ikkje godt nytt for ein hypokondar. Løland fekk fleire alvorlege tilfelle av dødsangst og tvangstankar, alt i ung alder.
Men kanskje det var denne ”diagnosen” som skulle til for å få han til å skriva? Drange går langt i å seia at angsten var med på å driva Løland framover som forfattar og han dokumenterer at dei fleste ”ideane” kom til han då han var sjuk. Desse ”ideane” var tema som Løland skulle koma til å gjera seg nytte av og ta opp att gjennom heile livet. Det var typisk for Løland å skriva om att, bruka ideane på nytt, omarbeida tidlegare utkast – også utkast som var publiserte tidlegare. Han flikka og flikka – sjølv nyutgåver av bøkene hans vart i nokre høve monaleg omarbeidde. For Rasmus Løland vart skrivinga både ein mani og terapi.
Han var altså ein lesar og starta tidleg. Drange peikar på at avisa Fedraheimen vart skjelsetjande for han. Men Løland las og romanar og kortprosa som var i tida. Han tok tidleg til å irritera seg over over mangelen på realisme i den litteraturen han las. Alle sogene slutta jo så godt. Bjørnsons bondeforteljingar viste fram sundagssida av bondesamfunnet. Rasmus Løland sette seg føre å avsløra bonderomantikken og skriva slik livet verkeleg var. Han las mykje samtidig litteratur som Kielland, Per Sivle og Charles Dickens, men og meir folkekjære forfattarar som Daniel Defoe. Rasmus Løland skulle seinare i livet sjølv koma til å omsetja Robinson Crusoe til norsk.
Berre ein firedel av det Løland skreiv kan kallast barnelitteratur, men det er som barnebokforfattar han vert hugsa i dag. Løland hadde som sitt utgangspunkt at barn skulle takast på alvor som lesarar og at forfattaren mått unngå moralisme og sentimentalitet. Den første barneboka hans, ”Kvar vart det av jola?” kom ut i 1894 og kjem i ny utgåve på Samlaget i år.
Drange fortel at Løland i periodar sleit med skrivevegring og at han ein dag hadde bestemt seg for å slutta å skriva, og heller konsentrera seg om treskjering. Same dagen fekk han, for fyrste gong, nyss om at Arne Garborg likte det han skreiv, og at Samlaget truleg ville publisera noko av det. Rasmus Løland skreiv mykje i Fedraheimen fram til avisa gjekk inn i 1891. Fedraheimen var mykje styrt av miljøet rundt Rasmus Steinsvik og Arne Garborg. Steinsvik og ekteparet Garborg skulle verta dei viktigaste støttespelarane hans resten av livet.
Drange fortel levande om då Løland fekk konsulentuttale frå Samlaget på boka ”Skattegravaren”. Konsulenten, som truleg var Arne Garborg, meinte Løland skreiv godt og at første del av boka var ei perle. Men andre delen vart for omstendeleg – forklarte for mykje, ville så gjerne ha fram moralen – og boka vart refusert. Arne Garborg tilbaud seg faktisk å gjera ferdig Skattegravaren for Løland. Ein annan samtidsforfattar som skulle bli viktig for Løland var Jens Tvedt – som nok hadde særs stor påverknad på språket til Løland, idealet om folkemålet.
Fleire har skulda Rasmus Løland for å vera ein heimstaddiktar, og for nokre av dei tidlegaste publikasjonane hans, kan no dette vera ei rett plassering. Men Drange får godt fram korleis Løland, kanskje særleg i dei siste bøkene sine, sette meir fokus på einskildpersonar enn på kollektivet. Det psykologisk borande vart meir sentralt i det han skreiv. Han vart då og etter kvart meir og meir kjend som ein forfattar med stor psykologisk innsikt.
Det naturalistiske var og eit ideal for Løland. Men då han ville skriva om sodomi og om ein døyande mann som hyggjer seg på dødsleiet med erotiske minner frå eit langt liv, vart dette for sterkt for både Garborg og dei andre støttespelarane han hadde; det vekk då vera måte på naturalisme.
Målmann, fritenkjar, politisk agitator Løland var ein av dei viktigaste av ”andre generasjons” landsmålsdiktarar. Men han brukte sjølv dansk – norsk språk i mange samanhengar. Han prøvde seg også med ei bok på dansk-norsk, kanskje etter påtrykk frå broren Torkel, som var riksmålsmann, men fann ut at dette var ein blindveg. Heilt til det siste brukte målmannen Rasmus Løland likevel maktspråket, dansk-norsk, i mange private samanhengar og i nokre avisinnlegg. Johan Bojer skriv at Rasmus Løland kunne ha vore ein storseljar dersom han hadde skrive på dansk-norsk.
Rasmus Løland såg ofte ut til å vilja be om orsaking for at han var til. I biografien kjem det fint fram at sjølv om forfattaren var blyg som person var han slett ikkje stillfaren som politisk meiningsberar. Rasmus Løland hadde eit sterkt og radikalt engasjement som venstrepolitikar for ikkje å snakka om som fritenkjar. Løland engasjerte seg sterkt i den politiske debatten, mellom anna i debatten om allmenn røysterett, men og i det meste som var av aktuelle politiske stridssaker i tida.
Løland kjende nok ikkje så mykje til arbeidarklassa, i biografien kjem det fram at vonde tunger ville ha det til at det næraste han kom denne klassen var dei prostituerte i Kristiania. Han var nok ikkje nokon sosialist i tradisjonell forstand, men han såg at dei sosialistiske ideane etter kvart ville trengja seg fram som ein historisk rett.
Men sjølv om han var ein engasjert politikar var han slett ikkje nokon stor folketalar. Då kom den blyge Rasmus fram att: Berre dei på dei næraste benkeradene høyrde kva han sa, og han hadde ein tendens til å skjula andletet bak den store høgrehanda når han talte.
Drange får på ein lun måte fram kor samansett Løland var i trua: Han engasjerte seg sterkt i den religiøse diskusjonen som bølga i landet, og oppmoda folk om å halda seg unna lekpredikantane. Han var svært oppteken av Charles Darwin og utviklingslæra hans. Samstundes ba han sjølv heile tida til Gud, ofte om å få lindring for eigne plager. Han ba også i tida etter at han sto fram som fritenkjar.
Både Rasmus Løland og biografien om han er så mangslungen at det er vanskeleg å yta dei rettferd i ei kort melding. Men dette er ei spennande bok om ein spennande person, ei bok til å læra av.
|
|
Sist oppdatert onsdag 16. januar 2008 08:22 |
|