Sitat frå biografien PDF Skriv ut E-post
søndag 30. september 2007 06:36

Sitat frå : Rasmus Løland. Barnebokpioneren frå Ryfylke
Av : Ernst Berge Drange



Inngang:

I mars 1990 fann to smågutar ei lita samling handskrifter i steinura i Kalhagen på garden Løland i Hylsfjorden i indre Ryfylke. Det meste var godt leseleg, blant anna fragment av forteljinga Skattegravaren. Det dei hadde funne var papir etter diktaren Rasmus Løland, bror til oldefar til dei to gutane. Nokre år seinare vart det gjort eit nytt funn i ura nedunder Jotenuten, litt lenger inne på garden.

På den tida det andre ur-funnet var gjort – midt på 1990-talet – hadde Ernst Berge Drange, som bygdebokskrivar i Suldal, så smått byrja orientere seg i dagboknotata til Rasmus Løland, særleg oppteken av det kulturhistoriske og lokalhistoriske stoffet som låg der. Det var mange tusen sider med notat som vart allment kjent då Asker Museum årsskiftet 1976/77 leverte dei inn til handskriftsamlinga ved Universitetsbiblioteket i Oslo. På same tida dukka Rasmus Løland sin sjølvbiografi opp på Børsums antikvariat sin bokauksjon, og vart kjøpt inn av handskriftsamlinga.

Dagboknotata dokumenterte at Rasmus Løland nytta urene ovanfor garden til gøymeplass og arkiv. Den 8.februar 1890 skreiv han til dømes at han tok med seg nokre gamle papir “aa bar opi Jotenuturedn”. Det var året før han debuterte som forfattar med boka Folkeliv. Papira i ura var altså om lag hundre år gamle.

Dagboknotata og sjølvbiografien til Rasmus Løland er grunnsteinane til denne biografien. Dagboknotata dokumentere, på den eine sida, det tradisjonelle arbeidslivet i Hylsfjorden frå dag til dag, så vel som nye og moderne innslag i dette samfunnet. På den andre sida formidlar dei eit lærd og oppdatert bygdesamfunn i fjorden i siste delen av 1800-talet. Dette var folk som heldt seg fullt opp orienterte innanfor både politikk, litteratur og anna åndsliv. Men Løland –dagbøkene gjev òg viktige innblikk i den nynorske avantegardekrinsen i hovudstaden på 1890-talet, miljøet kring avisa Den 17de Mai.


Forordet:

Denne boka er tenkt som ei “nær-Løland-oppleving”, ei framstilling der ein kjem tett innpå tankane, dagleglivet og diktinga til forfattaren frå Ryfylke.


Sølvkanneuniverset, s 19

(...)
 Rasmus Løland – den første store ryfylkediktaren – voks opp i Hylsfjorden, på Hylsstrannå, strandområdet på nordsida av Hylsfjorden. Her ligg det fleire store og gode gardar, der særleg skogen har gjeve store overskot gjennom tidene.
   

Grannane i Ryfylke sette namnet Sølvkannestrannå på krinsen av dei mange velstandsgardane i Hylsfjorden. Det var ei verd for seg der både sølv og annan formue gjekk i arv i generasjonar, ei verd der gleda over å vera ”bause” var det som gav livet meining. Ein bause var ein storkar med høg sjølvkjensle, ein som likte å formidla at han var godt situert med gods og gull. Særleg var dei godt utstyrte med sølvkanner, store sølvkrus. Folk på gardane i Hylsfjorden kommuniserte velstand og velmakt. Mange av dei var storkarsaktige og sjølvhøgtidelege. Alle var dei trygge der dei sat. Og det gav livet meining å sitja der forfedrane hadde sete i generasjon etter generasjon.
   

Men for å forstå sølvkanneuniverset må ein fleire hundre år attende i tida, til tida då framtida byrja.
 

Då framtida byrja, s 20
Etter hundreår med ro og stillstand i seinmellomalderen fekk økonomien i Europa eit kraftig oppsving på 1500-talet. Både på kontinentet og på Dei britiske øyane kom det opp eit stort behov for tømmer og trelast. Skog var det mykje av på Sørvestlandet i Noreg – stor hogstmoden og lett tilgjengeleg skog. På same tida kom ny teknologi, den såkalla oppgangssaga.
   

Behovet for tømmer og trelast i Europa førte til ei hektisk jobbetid i Ryfylke-fjordane på 1500- og 1600-talet. I mest kvar enda flaumbekk innetter fjordane vart det bygd sagbruk. Først vart skogen nedmed sjøen teken, sidan storskogen litt lenger ifrå. I sommarhalvåret kom det mange og store fartøy seglande inn fjorden, trelastfartøy frå kontinentet og øyane i vest. Med skipa følgde pengar og nye varer.
   

Kring 1600 vart det lagt eit sterkt økonomisk grunnlag for fleire slekter i Hylsfjorden. Det var eit fundament basert på skogbruk, sagbruk og trelasthandel. Skogane heldt seg store og riktberande frametter som resultat av god gjenvekst og varsam og fornuftig utnytting. Ei kjelde på 1660-talet opplyser at det på garden Løland var ein ”skjønn” skog som gav god profitt. Men bausane hausta og skogen på andre gardar dei kjøpte opp. Der hadde dei leiglendingar som i tillegg gav årlege ytingar til jordeigaren i form av landskyld og andre avgifter. Bausane kunne og ha krøtter ute på leige hos folk.

Side 35
Den litle Rasmus gjekk såleis ikkje støtt rundt med eit grublande tungsinn. For innimellom kunne heile verda berre vera lys og god.

Side 38
Litle Rasmus tok tidleg til med å skrive dagbok, alt før han var 12 år gamal. Han byrja notera ned viktige ting som hende i livet hans, frå dag til dag.

rlSide 40
På den andre sida  - og det var mindre bra  - var Rasmus lite og inkje ute med dei andre ungdommane i festleg lag. Han drakk seg aldri full, han tok aldri eit bannord i munnnen sin, og han gjekk aldri til jentene, endå dei beste kameratane gjorde det ofte. Og han prøvde aldri å dansa. Han såg knapt folk dansa før mange år etter at han vart vaksen. “Ingen i verdi kunde vera ein verre træl under alt som heitte “skikkelegt”, skriv han. (...) Han foraktar det i ettertid. Samtidig låg det ikkje berre i det at han ville vera skikkeleg. Like mykje hadde det med otte – frykt – å gjera.

Side 114
Noko lenger ut på hausten slo sjukdommen seg frå augo og opp i hovudet hans. Framleis hadde han vonde augo, men no vart det i tillegg ein verk til å bli heilt ør av, ei ustanseleg pine frå morgon til kveld. Ei tid var det så gale at han ikkje tolte høyra folk  snakka saman. Når han måtte sitja inne og høyra på huspostillesinga om søndagane, var det som om hovudet ville springa sundt. Etter kvart vart òg augo så dårlege at han måtte dekkja dei til med eit tjukt plagg.

Side 116
Ein kveld då han var åleine ute og gjekk , slo det ned ei kraftig frykt i han. Han fekk det føre seg at han ikkje kunne tenkja på noko som gjekk føre seg inni stova, for tanken hans orka ikkje gå gjennom vegger eller lukka dører. Var han inne, var det motsett. Då kunne han ikkje tenkja på noko som var ute, for tankane slapp ikkje ut. Kort sagt måtte han  - kor han no var – ha ei lita opning, der tanken kunne sleppa ut og inn. Så var det lyden, ein kraftig høyrselshallusinasjon. Sat han inne og høyrde ein lyd som kom gjennom veggen, slo det inn kvasse spyd i hovudet på han. Men kom lyden gjennom ei open dør, gjorde det ikkje noko. Då kunne dei ha skote med ei børse der ute for den del. På same måte vart det forferdeleg for han å tenkja på at varmen gjekk gjennom omnsplatene eller at lyset gjekk gjennom glasrutene.

Side 117
Vrangførestillingane resulterte i at han ein periode måtte halda seg borte i ei gamal stove, der han kunne ha alle slags opningar både for tanken, lyden og lyset. Men så hjelpte ikkje det heller. Han måtte vekk frå folk og ut i skogen og urene. Der gjekk han og dreiv mang ein dag i snø og uvêr og bløyte. Han såg ikkje mykje normal ut der han fòr. Men så var det slutt på den utvegen òg. No fekk han det nemleg for seg at han ikkje tolte tenkja på nokon slags fast materie. Han tolte ikkje sjå steinane, trea eller berget. Men kva då når tankane støtt krinsa nettopp om det han ikkje tolte tenkja på? Og så heile jordskorpa, då, som var miletjukk med fast fjell. Korleis skulle han koma seg gjennom den, når han skulle tenkja på det indre av jorda. Følgja var at han berre måtte tenkja på det indre av jorda. 

Side 118
Så kom førestillinga hans om tråden. Han fekk det føre seg at det gjekk ein tråd ut frå bakhovudet hans. Denne tråden kunne lett snøra seg fast. Han måtte til dømes passa på så han ikkje gjekk inn ei dør og ut ei anna. Det var mest slik at sjølve tanken snørte seg fast. Sidan vart det til at han òg måtte gå dei same vegane i skogen, så tråden ikkje surra seg fast i buskar og tre. Det var i det heile ein ganske tungvint tråd, som han skreiv tørrvittig i ettertid. Etter ei tid fekk han den forferdelege tanken at dette hadde han ikkje passa seg for tidlegare. Difor måtte tråden allereie ha surra seg fast i det endelause, overalt der han hadde fare og ferdast. Og skulle han tenkja gjennom det som hadde skjedd før, måtte han følgja tråden attende og gå i endelause krokar og slynger overalt der han hadde gått gjennom tidene. Følgja var at han ikkje tolte å tenkja bakover i tida. Det var noko han hadde hatt stor glede av tidlegare.


Side 227
I nyare tid har heimstaddiktinga òg vore nemd som ei slags litterær kartlegging av kongeriket. I dette biletet vart Rasmus Løland ryfylkediktaren. Omgrepet “heimstaddikting” har dessutan fått ein noko negativ valør. I alle høve vil det vera feil å binda Rasmus Løland fast i heimstaddiktbåsen. Han var ingen typisk folkelivsskildrar i den forstand at han skildra folkelivet i heile si bredd, som ein Jens Tvedt. Han var meir interessert i det einskilde mennesket enn i kollektivet. Han vart meir og meir “individets, enkeltpersonenes dikter. Han har kunstnerens intuitive blikk, den geniale forståelse av det som skjuler seg bak overflaten. Han ser livet som bor inne i mennesket”. Som heimstaddiktar sto Rasmus dessutan meir i den naturalistiske enn i den nyromantiske leiren. Med si individorienterte skriving såg han helst skuggane mennesket levde under, fattigdom og vesaldom, den religiøse pietismen og konservatismen i politikk, åndsliv og arbeidsliv. Og han reagerte mot snobberi og idyll i skildringa av bygda. 

rlSide 231
Rasmus Løland hadde det travelt. Han hadde mykje liggjande, og han ville ha det ut så raskt som mogleg. Etter debuten, og etter å ha fått dei psykosomatiske herjingane i kroppen nokolunde under kontroll, skreiv han i eitt sett. Han skreiv søndag som kvardag, sommar som vinter. Han gjorde mindre og mindre arbeid på garden, men han var med no og då. (...) I løpet av dei seks åra dagbøkene hans dekkjer frå Folkeliv kom i 1891 og fram til notata brått sluttar opp litt ut i august 1898, hadde han knapt ei full veke der han ikkje arbeidde med skriving. Det einaste måtte vera då han gjekk over fjellet til Kristiania hausten 1895 og hausten 1896. Då eldstebroren Lars  - gamalungkaren – endeleg skulle gifta seg i slutten av august 1894, ville ikkje Rasmus vera med frå morgonen av på grunn av skrivinga. Han måtte gjera seg ferdig med det han nett då var inne i, og reiste innetter til Sauda – der bryllaupet sto – først noko seinare på dagen. Rasmus heldt det gåande slik like til sin dødsdag.

Avvekslande var arbeidet med korrektur og anna skrivearbeid for aviser. Og han las mykje, som før. Han pløgde aldri gjennom ei bok. Han tenkte seg gjennom bøkene. (...) Arbeidet var det viktigaste Rasmus hadde å styrka seg på, ja, kanskje det einaste han hadde. 

Side 233
I førehandsomtalen av Skuld i Stavanger Aftenblad heitte det: “En meget fint udformet Fortælling, hvor vor ryfylkske Digter rigtig viser sin mageløse Evne til at skildre fint og karakteriserende. Det er en gjældbunden Bondes Lidelser og Nædverdigelser, som her skildres med sant Mesterskab”. Rasmus Løland var den første diktaren som sto fram frå Ryfylke, og det var noko å merka seg. 

Side 238
Det er ingen tvil om at Løland åra 1891 – 92 kom med noko nytt, noko nært, noko djupt og noko ekte som ein ikkje hadde sett så mykje av før i skildringane av bygdesamfunnet. Det meinte både landsmålsmeldarane og andre. Utanfor kyrkjelyden vanka det òg ros i tidsskriftet Samtiden: “I Lølands “Ungar” faar vi et stykke morsomt bonde- barne- psykologi; forfattaren viser ogsaa paa dette omraade den samme evne til at tage sine folk paa kornet som i sine tidligere fortællinger”. Han gav lesarane næropplevingar av barnets små opplevingar og store sorger. Men av og til tværa han ut emnet sitt for mykje og ville ha oppnådd større verknad ved å korta ned på det.

Side 239
Somme av dei gamle forteljingane låg arkivert i ura, Jotenuturå og Kalhageurå. Men han hadde òg gamle manuskript liggjande heime.

Side 250
Det å vera tenkjar og forfattar var ein tung lagnad. Det var å ha rolla som observatør, å sjå på og studera mennesket. Forfattaren var “som ein mann, som er i eit danselag og sit burti ei myrk kro og ser paa dei som dansar – ser paa gutarne svinga seg ikring med dei raudnande gjentor. Han maa sjaa vel etter og grunna djupt yver det han ser, so han skal kunna fortelja sant um det. Og prøver han aa vera med i dansen ein slik mann – stel han so ikkje fraa sitt kall? Korleis kan ein tenkja yver live, maala live, og samstundes liva heilt med?”. Men kvifor skulle denne forfattaren stengast ute frå livet, kvifor skulle han vera annleis og ikkje ha personleg framgang og utvikling i livet sitt? Det hadde han ikkje svar på. Då måtte ein spørja demonen som budde i han. For det budde ein slik ein i han  - han visste ikkje anna å kalla det. “Han dreiv meg tidleg i ungdommen til aa grava i bøker og ransaka skrifterne, naar kanskje jamaldringarne var ute og leika”. Og sidan gav han aldri ro. Det dreiv forfattaren på kanten av galskap, og han vart jaga av demonen til å leita etter ord for det han opplevde. Men han fekk aldri hjelp, han vart berre driven framover med otte og vondt samvit. Han måtte lyda. Berre ute i den villaste naturen kunne det henda at han ei lita stund fann den verkelege freden.

Men for å få ein fred som varte over tid, var det einaste han kunne gjera å lyda demonen og arbeida jamt og trutt med tankane sine, og å triva til eit handarbeid kvar gong han trøytna. Når han så hadde halde det gåande slik i vekevis, dovna han endeleg, og då kunne verda vera reint lys og lukkeleg. Då kunne han blanda seg inn i politikk og tykte han såg lyse framtisvoner. Men så kom frykta tilbake, voks, spreidde seg som tæring og gjorde han fredlaus att.

Side 294:
Det kunne vera slitsamt å vera i byen. Ein dag noterte Rasmus at han var sår i halsen av halsbindknappane. Han gjekk med halstørkle. Han brukte nok òg hatt, noko han aldri gjorde heime i Ryfylke.

Side 334;
Kvar sto han elles i livet sitt i desember 1896, etter å ha reist heimanfrå? Han lengta just ikkje heim att, skreiv han. Det hadde for lenge sidan vorte for trongt der heime. Men skogen og fjellet og urene lengta han til no og då. I mange år hadde det vore hans største – og gjerne einaste – glede i livet å ferdast åleine med hunden kringom i skog og fjell.

Side 345:
Interessa av og kampen for eit norsk mål låg i botn av alt han “maksla med”. Det var mest som eit livsspørsmål. Når ein kom inn på målsaka, kunne sjølv Rasmus Løland bli heit, harm og oppglødd, og orda kunne falla både tyngre og sterkare enn han elles hadde for vane.

Side 452:
Rasmus Løland var ikkje ein som ståka seg fram. Det hadde han etter far sin. Men det var òg ein litt bevisst måte å vera på, for dei begge, ein slags taktikk i møte med alle dei som nett dreiv på og brauta seg fram. Dei visste sjøve kva dei var gode for, og trong ikkje skapa seg. Hos Rasmus Løland låg det òg ein mest usynleg ironisk og hånleg flir til alt som var usant og uekte. Og om han ikkje hadde det mest i kjeften, så visste han å seia eit sanningsord når det var naudsynt, både munnleg og skriftleg.

Side 457:
Rasmus Løland var tidleg ute med barneskildringar. Born hadde vore eit sjeldant emne i litteraturen. Men etter kvart no kom barnelitteraturen for fullt. Litteraturvitarane har i ettertid kalla perioden 1890 – 1910 gullalderen i norsk barnelitteratur. Og gjennombrotet for den realistiske barneboka kom med Per Sivle si barnebok Sogor i 1887. Men det var Rasmus Løland som for fullt utvikla sjangeren.

rlFor eller om born? s 465
Om Rasmus Løland skreiv bøker for born eller bøker om born for vaksne var eit spørsmål som vart stilt i både samtida og ettertida, like til i dag. Etter Severin Eskeland si meining var Kvitebjørnen ikkje ei bok for born, som dei tidlegare barnebøkene hans. Det var nettopp ei bok for vaksne om born. Forfattaren ville, hevda Eskeland, syna kor gløgg barnetanken var i møtet med dei mange og vanskelege spørsmåla livet førde dei inn på, og framfor alt kor nøyen og samvitsfull borna var i sin kritikk. Kanskje var det jamvel slik at Kvitebjørnen hadde ein skjult bodskap i seg.
   

Om Rasmus Løland først og fremst skreiv om eller for born, har litteraturvitarar saktens dikutert seinare og. Seinast har det vore drøfta av Harald Bache-Wiig i hans bok Frisetting av barndommen. Rasmus Løland som barnebokforfatter. Med nye metodar innanfor litteraturforskinga, og sett frå ei heilt anna tid, blir vi kloke på ein annan måte enn det dei var i Løland si samtid
...
Den "ydre optræden" av ein forfattar - norske diktarar og Rasmus Løland kring 1900, s 449
”Fyrr tala me mykje um diktarar, og var glade i dei, og stolte av at vaart eige land hadde fostra nokre av dei største i samtidi. ”Men så vart det så mange av dei at det ikkje var den same høgtida og glansen med diktarnamnet lenger. Då vart nemninga etter kvart bytt ut med ordet forfattar.

Det er Lars Eskeland som skriv desse tankane i innleiinga til eit portrett han hadde av Per Sivle i Den 17de Mai i 1897. Overgangen frå diktar til forfattar var ikkje berre eit namneskifte, men og eit åndsskifte. Store syner, sterke draumar og og søndagsbunad vart erstatta av kvardagen, ”helst burtimot og inn i det ureine”. Og både Per og Pål byrja ”forfatta” og pina bøker utav seg, mange og tjukke bøker. Og litteraturen blømde. Oppi dette kom Per Sivle. Han var for seint ute til å bli sedd opp til som diktar, og han kunne ikkje læra det å forfatta. Difor var det berre ei nemning som høvde på han, skriv Eskeland. Det var skald. Per Sivle var ein skald.
   

Går ein inn i folketeljinga 1900 og søkjer på yrkesnemninga skald, er det ingen å finna i kongeriket. Går ein derimot på diktar (digter), kjem det opp to, Ibsen i Arbinsgade 1 i Kristiania og Bjørnson på Aulestad. Av dei to andre store var Jonas Lie i Paris på det nittande året, medan Alexander Kielland ikkje hadde skrive på fleire år og sat borti Stavanger med tittel av borgarmeister. Sonen, Jens Zetlitz Kielland, var derimot forfattar med bustad i utlandet.
     

Av forfattarar var det 53 i riket. Det var 43 mannlege forfattarar og ti ”forfatterinder”. Om lag ein tredel av dei mannlege forfattarane hadde forfattargjerninga som eineyrke. Mellom dei var Garborg, Kinck, Breda, Bull, Aanerud, Moren – og Per Sivle. Av forfatterindene hadde åtte det som hovedyrke. Halvparten av dei ti var ugifte. Jens Tvedt var forfattar og lærar i Stavanger.
   

Men det var og eit tredje lag av bokmenn. Det var dei som kalla seg litteratar. Dette omgrepet dekte ein kunnskapsrik og bokleg danna person som levde av litterært arbeid. Av litteratar var det 25 i riket, der halvparten hadde det som eineyrke. Rasmus Løland var ein av dei, likeeins til dømes Gabriel Scott. Hans Seland var litterat og bonde. Bestseljaren Rudolf Muus, som var eit år yngre enn Rasmus Løland, førte seg sjølv opp som rentenist og litterat.
...
Det var store skilnadar på korleis forfattarane både stod fram ytre sett, og korleis dei såg på seg sjølve. Det var stor skilnad på Bjørnstjerne Bjørnson, kongen på Aulestad, og Rasmus Løland i sin enkle og rotete hybel i Kristiania. Dei hadde då og plassert seg i kvar sin ende på skalaen av skjønnlitterære skribentar i folketeljinga 1900.
   

Sven Moren har gjeve ei skildring av Rasmus Løland kring år 1900: ”Han ’tok seg ikkje ut’... Kroppen hans var vridin og bøygt baade til sida og frametter. Hovude, som var velskapt, lutte og for mykje frametter. Det var liksom inga fjør i heile maskina. Det harkla og slarkla best det kunde.” Ingen skulle tru han var kunstnar. Han tedde seg heller ikkje gjerne mellom kustnarar. ”Han vilde helst faa koma og gaa usedd.”

Unionsoppløysinga, s 513
Ein månad før Rasmus Løland reiste til Sandefjord, vart unionen mellom Noreg og Sverige erklært oppløyst av Stortinget. Den 7. juni svarte 117 tingmenn samrøystes ja til spørsmålet om at unionen var å rekna som oppløyst.

Dei svarte og ja til at Stortinget – i kongens stad – valde ministeriet Michelsen til lovleg riksstyre. Det var ei stor stund i stortingssalen. Mange våte augo var å sjå. Dette var den største dag i noregssoga på nesten hundre år. Frå Labråten skriv Hulda Garborg at det var ”stort og deiligt å ha levet i dag, hvad det end følger!” For følgjene vedtaket fekk, var uvisst. Krigsfaren var overhengande. Fru Garborg, som var åleine – Garborg hadde reist til Jæren halvanna veke tidlegare – bad Valstad og frue og Løland til kvelds denne kvelden, ”i min ensomhet”, som ho skriv.

Seinare – halv 12 om natta – gjekk Hulda og ekteparet Valstad bort til Steinsvik. Men Løland gjekk heim til seg sjølv. Han var ”for skral”. Då han kom heim, gjorde han følgjande notat: ”I dag er det hendt at unionen er løyst; endeleg! Eg er glad for eg hev livt denne stundi. R. Løland. Labraaten i Asker 7de juni 1905.”


rlSide 544:
Rasmus Løland døydde elles i eit merkeår for norsk litteraturhistorie, det året då så mange i den nye diktargenerasjonen debuterte eller hadde sitt gjennombrot. På same tida – i perioden 1906 – 10 – døydde dei fire store og gamle, Ibsen, Kielland, Lie og Bjørnson. Rasmus Løland, som framleis høyrde til dei unge, gjekk bort då forfattarskapen hans var i ferd med å venda seg vekk frå heimbygda og over i eit mykje vidare utsyn over verda og utviklinga.

Gravferda, s 545

Rasmus Løland fekk ei kristen gravferd frå Asker kapell torsdag den 17. oktober. Sørgjehøgtida byrja kl. 16.30. Men om rituala var kristne, var gravferda heilt og fullt norsk. Garborg undra seg over at murane i det rettruande Asker-kapellet ikkje ramla ned. Prestelæraren Bernt Støylen heldt gravferdstalen, ein tale for dei som stod att ved grava. Torkell Maurland var klokkar. Alle salmane var på landsmål, alle talar var på norsk.

Vegen Rasmus Løland gjekk, var bratt, og byrda han bar var tung, sa Støylen. Og no, då han var komen opp på bakkekammen, enda vegen hans. Men han hadde sett dei små blomane langs vegen og funne gleda i dei, i barnesorger og barnegleder. Han hadde plukka dei, bunde dei varsamt i hop og gjeve dei til oss. Støylen og mange av dei som stod att, måtte trøysta seg med at Guds vilje hadde skjedd. Det var forresten det same dei vaksne sa då litlesøster til Aasmund Aarak døydde og foreldra hadde att berre han. ”Verte Guds vilje,” sa dei. Men Støylen refererte ikkje til det.

Halvdan Koht bar fram krans på vegner av Det Norske Samlaget. Det var Det Norske Samlaget som hadde trykt den første store forteljinga til Rasmus Løland, Hans og Margreta. Sidan hadde Løland sete i styret for Samlaget, og han hadde arbeidd med Norsk eventyrbok. Det var eit verk som ville ruva etter han. Koht fortalde og at før han døydde, hadde Rasmus Løland gjeve frå seg alt han åtte til Samlaget.

Ingen mann var så til grunns ærleg som Rasmus Løland, sa Halvdan Koht i gravferdstalen sin. Ein kunne byggja på han som på fjell. Han var ærleg i diktinga si, og han var ærleg i all si ferd. Han stygdest ved alt som berre var halvsant og omtrentleg. Gudelege talemåtar eller ein diktar som slo av på krava for å tekkjast lesarane, var det verste han visste. Samstundes var det trygt å gå til han, for han hadde så rik forståing for alt og alle, og han sa alltid meininga si, fullt og ærleg, men med vare ord. Han var heller aldri redd for å våga skinnet sitt i kravet til sanning.

Arne Garborg la fram krans på kista frå Den norske Forfatterforening og dessutan ein frå Jonas Lie med ei varm telegrafisk helsing. ”Dybt grebet følger jeg din baare”, heitte det. Jonas Lie døydde året etter. Garborg og Hulda sin eigen krans måtte Garborg avlevera taus. I slike høve var han veik som eit kvinnfolk, minst, skreiv han til kona. Mauland la ned krans frå Sands herad. Talen til Mauland fekk Garborg til å forstå meir av Løland sitt vesen enn han eigentleg hadde gjort før, skriv han. Det vart vidare lagt på krans frå Maalkassa, Norsk Barneblad, Noregs Ungdomslag og Den 17de Mai. Rasmus Løland hadde lagt ned mykje arbeid i alle desse laga og i den profilerte nynorskavisa. Høgsterettsadvokat Fredrik Voss la ned kransane frå Maalkassa og Norsk Barneblad. Professor Hægstad la ned kransar frå Vestmannalaget i Bergen og frå Trønderlaget. Vidare var det kransar frå Fosna mållag, mållaget i Bø i Telemark, Bondeungdomslaget i Stavanger og Studentmållaget. Til sist vart det lagt på kransar frå Sand ungdomslag og frå ”Fjordguten”, ungdomslaget heime i Hylsfjorden, ved Peter Hognestad. Mauland la ned krans frå Rogaland Ungdomslag (Rygjalaget), Klaus Sletten frå Bondeungdomslaget i Oslo. Kista var så overdekt med kransar at ein aldri skulle kunne tenkja på den einsame diktaren. Marskalkar var Arne Garborg og professor Seippel. Utanom Hulda Garborg var det ingen som hadde stått Løland nærmare gjennom åra enn desse to. Kapellet var fullt av folk, dei fleste frå byen. Garborg nemnde i dagboka ekteparet Nissen og journalisten Rosenkrantz Johnsen, men det var mange fleire. Då seremonien på grava var ferdig, hadde det vorte mest mørke kvelden.

Side 553:
Rasmus Løland hadde hatt mykje tid til å tenkja gjennom åra. I periodar av livet var tanken det einaste han hadde å arbeida med. Vel kunne det jamt gå i ring og i surr. Men tankens kraft var òg med å føra livet hans vidare.

rlSide 569:
Mange av Rasmus Løland sine vener og kollegaer har vorte gløymde, den eine etter den andre. Men Løland si dikting, den moderne barneforteljinga så vel som den såre og vonde livssoga hans, er i ferd med å bli aktualisert. Det såre, men sterke medivtet hans er framleis verksamt. Rasmus Løland er i ferd med å møta opp att etter hundre år.

 

Share/Save/Bookmark
Sist oppdatert måndag 04. august 2008 05:44