|
Dyrkar lese- og skriveglede Rasmus Løland var banebrytande som barnebokforfattar, og arbeidet hans har vore ei klar inspirasjonskjelde for kjende norske og utanlandske forfattarar. Stiftinga Rasmus Løland-markeringa vil setja Løland sitt virke på dagsorden ovanfor nye generasjonar. Ikkje berre forfattaren, men mennesket, samfunnsbyggaren og journalisten skal vera med å skapa engasjement for framtida. Målsetjinga er at alle som blir involvert i prosjektet i fellesskap kan nytta arbeidet til Løland til inspirasjon for å auka barn og unge si interesse for å lesa og skriva generelt. Stiftinga jobbar og for å auka statusen for kultur retta mot målgruppa. Haldningane skal endrast og ein jobbar for at kulturen for barn og unge får ein langt større plass i den offentlege debatten enn tilfellet er i dag! Marny Skeie Henkel er dagleg leiar i stiftinga. Ho presiserar at det ikkje er snakk om å drive ei fem år lang personfokusert markering, men å bruke ein forfattar til å fremje lese- og skriveglede. Vi satsar på at desse åra vil setje varige spor, seier Skeie Henkel. Den store klassikaren i norsk barnelitteratur Undring, fantasi og skaparkraft er tre stikkord som står sentralt i banrnebokforfattaren Rasmus Løland sitt liv. Han var engasjert på barns premissar og var den første som tok barna på alvor i forfattarskapen sin. Han pakka ikkje bodskapen inn, men sette ord på dei unge si tankeverd. Han bar med seg ei skapande undring. Det har han til felles med mange andre kunstnarar, men måten han gjorde det på utløyser framleis respekt og beundring.
Arbeidet til stiftinga kan dermed vera med å få fram nye kreative talent som kan vera med å skapa engasjement for ny kunst og kultur for desse målgruppene. Kunst og kultur som har utspring i det lokale og som set desse på dagsorden når nye generasjonar skal læra om eigen kultur og identitet. Å kjenna sin eigen kultur Visjonen for stiftinga sitt arbeid er ”Undrande og skapande”. Å ta utgangspunkt i barna sin fantasi og undringa, la dei kreative ideane og skaparkrafta deira få utfalda seg. Alt med eit utspring i det lokale, kulturen og identiteten, slik at nye generasjonar blir betre kjent med og trygg på dei kvalitetar eit lokalsamfunn har.
Media er sterkt, og barn og unge er utsette for eit enormt tilbod av informasjon gjennom mange kanalar. Kunnskapen om nasjonale og internasjonale spørsmål er ofte langt større enn om sitt eige nærmiljø. Ikkje mimre, men sjå framover Stiftinga brukar ikkje mykje tid på å sjå bakover, men utnyttar ideane til Løland til å sjå framover. Skal dei unge vera med å forma framtida må dei kjenne seg trygg på sitt eige.
Difor er det ei viktig utfordring for markeringa å leggja til rette for at dei unge kan vera med å reflektere over endringar i eige nærmiljø, eigen kultur og lokalt næringsgrunnlag med tanke på å gjera dei trygge og stolte av eigen kultur og identitet. Viktige arenaer er barnehage, skule og kulturtilbod for barn og unge.
Tilboda her bør i langt større grad spegla lokal kultur og lokal identitet. Idebank Mange prosjekt er gjennomførde, i gang eller under planlegging. Les meir på nashornet.no eller du kan ta kontakt direkte med stiftinga.
Prosjektet åleine kan ikkje gjere alt og stiftinga inviterer alle til å la dei tusen blomar bløme.
Les meir: Nashornet Kvitebjørnen - eit pedagogisk prosjekt med utgangspunkt i Rasmus Løland sine tekstar.
|