|
søndag 07. oktober 2007 13:05 |
Stiftinga Rasmus Løland-markeringa 2007 – 2011 står bak forfattarnettet. Ideen er å utvikle ein nettstad som gjev ein grundig presentasjon av forfattaren Rasmus Løland. Ein ser vidare føre seg at Løland kan bli den første forfattaren i ein omfattande forfattarportal.
Målet er å stimulere til auka interesse for Rasmus Løland, gjennom tekstar og omtalar, og elles, gjennom presentasjonsmåte og innhald, gjera forfattarskapen levande.
Du møter ein nettstad der kunnskap om forfattaren og forfattarskapen, står sentralt. Nettstaden vil kunne gi eit bredt innsyn i Lølands litteratur og liv, det er også meininga at forfattarnettet utover dette skal gi eit godt grunnlag for vidare akademisk arbeid.
Samstundes er det lagt vekt på at forfattarnettet skal gje lesaren noko meir, og at ein gjennom tekstar, lyd, bilete og film skal få ei raus og omfattande oppleving av forfattaren.
Du vil finne eit lett tilgjengeleg arkiv med ”leksikalske” opplysningar; biografi, bibliografi, tidslinje, bokmeldingar osv. Me syner og veg vidare til andre nettstadar med innhald og tekstar om og av Rasmus Løland.
Ernst Berge Drange har gjeve oss tilgang til eit rikhaldig Løland-arkiv, og har bidrege til nettstaden med spesialskriven biografi og artiklar.
Lydboka ”På sjølvstyr" er produsert av Suldal kulturskule. Musikken er henta frå CD med Tove Solheim; ”Slåttar frå Suldal”
Bileta tekne av fotograf Jan Nordtveit kan fritt lastast ned for bruk i artiklar eller studentoppgåver. Fotografen skal krediterast. Bruk av andre bilete og illustrasjonar må avklarast med fotograf eller eigar av bilete.
Nettstaden er utvikla med støtte frå ABM Utvikling.
|