|
måndag 08. oktober 2007 09:10 |
Åsfrid Svensen er professor ved Institutt for nordistikk og litteraturvitenskap ved Universitetet i Oslo. Om boka ”Å bygge en verden av ord”, Fagbokforlaget 2001, heiter det:: ”Boka trekker linjer gjennom norsk barnelitteratur fra de siste 150 år, og legger vekt på hvordan bøkene kan vekke barnas glede ved å lese eller lytte til dikt og fortellinger.” Kapittel 13 har overskrifta: Forteljingar og livsprosjekt i Rasmus Lølands Kvitebjørnen”
Forteljingar og livsprosjekt i Rasmus Lølands Kvitebjørnen Av Åsfrid Svensen
Frå vi er ganske små, tolkar vi form, struktur og meining inn i spreidde røynsler og ei forvirrande omverd ved å fortelje. Barnet utviklar tidleg ein forteljekompetanse i samspel med miljøet ikring. Familien har sine historier, kameratane har sine; på skolen møter barnet forteljingar i lærebøker og undervisning. Kvardagen er full av historier, som drar linjer gjennom tid og rom, finn likskapar og skilnader og teiknar årsaksprosessar og målstyrte forløp. Somme historier spring ut av situasjonen i augneblinken; andre har djupe røter i nedervd kulturtradisjon og kollektiv tenking. Barnebokforskaren Margaret Meek er blant dei som understrekar korleis barns medvit er djupt prega av forteljingar:
Forteljinga er den normale reiskapen for deira [barnas] tankar. Dei fortel historier, lyttar til historier, les historier, lengtar etter historier, hugsar historier fordi desse er ei primær medvitshandling, dei nødvendige «hjernefiksjonar» [...] som vi lever gjennom. (Meek 1980:33, mi omsetjing)
I barneboka Kvitebjørnen (1906) viser Rasmus Løland den sentrale plassen forteljinga har i barns kognitive og emosjonelle utvikling. Og han viser dessutan at ikkje alle forteljingar er like gode tolkings- og utviklingsmiddel. Dei fire gutane som Kvitebjørnen handlar om, står i skjeringspunktet mellom fleire konkurrerande historier, som presenterer motstridande tolkingar av verda, livet og mennesket. Deira eigen forteljekompetanse er viktig når dei skal vurdere historiene dei les eller hører. Vi ser eit stadig vekselspel mellom historiene i miljøet og historier dei sjølve diktar opp og lever ut i leik.
Kvitebjørnen er episodisk i komposisjonen; kvart kapittel fortel ei eller fleire nokså frittståande hendingar som gutane kjem ut for. Men det finst mange samanbindande drag, som påvist av Harald Bache-Wiig i ein artikkel om bildespråk og symbolikk i denne romanen. Som gjennomgåande drag finn han karnevalistisk omkasting av oppe og nede, kvitt og svart. Barna blir opprørarar på vegner av det låge, jordiske i ein vitalistisk leik- og latterkultur (Bache-Wiig 1996).
Av andre strukturerande mønster kan vi leggje merke til rørslene i rommet. Forløpet pendlar fram og tilbake mellom grenda der gutane bur og utmarka, og mellom lukka rom på garden og grenselause opne fantasirom. Gjennomgåande er også den lange rekkja av innlagde historier, som grupperer seg etter sjanger og ofte også i seriar der intensiteten og spenninga stig frå første til siste forteljing.
Romanen opnar og sluttar i utmarka. Opningskapitlet skildrar korleis det første snøfallet på førjulsvinteren drar gutane opp i lia. Dei to siste kapitla handlar om utferder til den islagde Svartetjørna og til isfossen om våren. Seks kapittel og eit halvt års tid ligg mellom det første og dei to siste kapitla. I denne lange mellombolken er gutane for det meste heime, i eit kapittel også på skolen. Heime og på skolen møter dei somme av grunnforteljingane i miljøet og i tida, presenterte snart i skrift, snart i tale. Historiene fordeler seg på tre sjangrar: Kristelege forteljingar om synd, straff og nåde; folkeeventyr om Oskeladden, troll og bergtaking; dessutan eventyrlege historier om drastiske farar og heroiske gjerningar.
Dei fire gutane er vakne og interesserte mottakarar av alle desse forteljingstypane. Dei møter kvar ny historie med forventning, men godtar ikkje alt dei les eller hører; somme historier blir avviste i aggresjon. Likegyldige er desse mottakarane aldri. Dei reagerer ofte med sterke kjensler, og dei gir sin respons på historiene gjennom aktiv handling. Striden om himmeriket
Historiene kjem snart til syne alt i opningskapitlet. Nysnøen ligg tung på skogen oppetter lia, og alt er underleg og som omskapt.1 Gutane opplever den velkjente skogen som ei framand verd, og trur det må vere som i palmeskogen i heidningeland. Så stansar dei opp ved ein stor, underleg almestuv, som meir enn noko set fantasien i gang. Snart ser dei stuven som ein av indianarhovdingane i bladboka, med fjør som står ut or håret; snart er han ein stor rise. Men størst makt får tanken på at stuven er ein svart heidning, og så går dei i gang med å banke kristendom og opplysning inn i villmannen.
{mospagebreak}Alt her møter vi dei tre forteljingssjangrane som pregar dei innlagde historiene utover i romanen: Eksotiske forteljingar frå framande land, folkeeventyr om risar og andre vette, og kristelege forteljingar om synd og omvending. Vi ser korleis gutane opplever omverda i lys av desse historiene, og korleis dei prøver ut fiksjonen i leik. I dette kapitlet er fantasilivet og leiken dominert av misjonsforteljingane. Men i dei følgjande kapitla får gutane eit noko anna syn på dei vakte og deira krav om omvending.
Bestemor til to av gutane døyr i neste kapittel. Både før og etter dødsfallet møter barna somme av dei kristelege forteljingane som kan høre i hop med sjukdom og avskil med det jordiske. Men forteljingane er ikkje samstemte. Presten har sin versjon; lekpredikanten Lamma-Lars kjem med ein heilt annan og motstridande versjon.
Bestemor har tidlegare fortalt barna om nykken og huldrene. Da ho blir sengeliggjande denne vinteren, blir forteljingssjangeren ein annan: «Ho tala berre om Vårherre og om englane, [...]» (13). Lamma-Lars kjem til gards og prøver å komme inn og preike for henne. «No galdt det at ho såg kor stor ein syndar ho var og skunda seg og omvende seg, sa han, [...]» (14). Men bestemor lit meir på presten enn på Lars, og avviser han. Presten kjem ein annan dag, og han talar lenge med bestemor.
1 Idar Stegane (1988) skriv om fantasiproduksjon og kulturkritikk i Kvitebjørnen, og peikar på dei sterke innslaga av underleggjering i opningskapitlet.
Etterpå tar han gutane for seg og fortel korleis det no er fatt med bestemor: «“Men no kjem nok bestemor dykkar snart til å fara frå dykk og ta på ei lang ferd,” sa han. [...] “Men det er ikkje så farleg for henne å reisa bort, ho er så godt ferdig,” [...]» (16). Få dagar etter er det slutt, og så får kvinnfolka det travelt med å førebu gravferda. Under arbeidet snakkar dei om bestemor og hennar lagnad etter døden:
Ho hadde no levd så skikkeleg, bestemora, og vore så god både med folk og fe, så ho måtte no koma på den gode staden, så sant som nokon kom der, sa ho. Det var ikkje det slag for mykje om Vårherre tok imot henne. «Eg synest ikkje synd på han når han får såpass bra folk til seg,» sa ho. Og gutane tykte at det var rett sagt alt det ho Marta sa. (18)
Folk i grenda er altså samde med presten i lovnaden om ferd til Himmerike og eit godt liv hos Vårherre. Og jordisk skikk og førestellingar om det hinsidige speglar seg i kvarandre: Likferda er ei lang reise ned lia og i båt over fjorden, og på garden er det gjestebodsmat å få.
Men den historia Lamma-Lars fortel, handlar ikkje om gjestebod i Himmerike. Etter gravferda går han rundt i gardane og sår tvil om bestemor har kome på den rette staden. «Det var nok altfor uvisst om ho hadde gjort den rette omvendelsen og ruelsen og fornyelsen som ein måtte ha når ein ville fanga nåden, [...]» (23). Syndaren som lit på pres-ten og «tok imot han med gjestebodsmat og blide ord, [...] kunne [...] nok koma til å få svi for det på pinens sted, [...]» (24).
For gutane er dette så opprørande tale at dei gløymer den vørdnaden dei elles viser vaksenautoriteten. Dei legg seg i bakhald og tar imot Lamma-Lars med ei skur av snøballar, samstundes som dei vender forteljinga om synd og straff mot forkynnaren sjølv: «Hurra! der har du ruelsen!» ropar Pål. «“Og der har du fornyelsen attpå!” ropa han Gunnar, han råka nettopp på rette staden beint nedanfor ryggen» (28). Rakt imot all sedvane får gutane stønad frå foreldra. Lamma-Lars har brote med normene i bygda i sin dom over bestemor og sin uvilje mot presten, og må ta følgjene. Vårblomsten
Så greit går det ikkje neste gong gutane møter forteljingar om synd, omvending og anger. Skulemeisteren skryt av bladet «Vårblomsten»; «der var morosame soger og allslag anna som godt og gagnleg var» (35). Skolebarna kan få kjøpt heile årgangen frå fjoråret for halv pris. Pål får tigga til seg eit slikt kjøp; «det skulle vera så brennande gildt å få lesa alle dei morosame forteljingane i bladet» (35). Også dei andre gutane har store forventningar om spennande soger med tigrar og krokodillar og løver.
Men da Pål tar til med høgtlesing og dei tre andre hører på, lar tigrane og krokodillane vente på seg. Først møter dei bare preiking og bibelord mest som i postill-boka. Sidan les dei forteljingar om fattigfolk som manglar skor på føtene og ved i vinterkulda, men så bed dei til den søde Jesus, og straks kjem det ein hjelpar med gåver som bergar frå nøda. Større sans har dei for forteljinga om lille Ole, som går på epleslang og sidan vil stele seg til å gå på skøyter i staden for å gå på søndagsskolen. Men gong på gong møter Ole ein from mann som får han på betre tankar, og som etter kvart får temt den syndige aktivitetstrongen hos guten.
Klimaks i rekkja av historier er forteljinga om indianaren Black Feet, som hadde gått i skole hos dei kvite og skulle bli kristen, men sidan rømte og levde eit vilt liv. Forteljinga følgjer han ein dag på røvarferd der han vonar å ta skalpen av ein pale man. Vi får ei livfull skildring av det ville landskapet og den morderiske indianaren, og spenninga stig fram mot ein sving, der vi skjønar at noko avgjerande ventar. Men i svingen «stod den vilde mordbegjærlige Black Feet pludselig ansigt til ansigt med en from misjonær» (50), og så endar det igjen med anger og omvending.
Vi kan leggje merke til den gradvise stiginga gjennom serien av historier, frå dei tørre preikeliknande tekstene til spenninga i Black Feethistoria. Dei første forteljingane om folk som blir bønhørte, er heilt stilleståande i den forstand at alt går føre seg innomhus; hovudpersonen ligg heime på kne og bed og får bøna oppfylt. I historia om vesle Ole er det sterkare rørsle, inntil den fromme mannen tauar guten inn og lar han «sitja innestengd ei lang stund og lesa i ei svært gagnleg bok» (46). Men forteljinga om Black Feet faldar ut eit vidt sceneri med fjell og tronge juv og skummande fossar, med bøflar og bjørnar og ørner, og med indianaren på krigsstigen med skalpkniv og tomahawk. Her finn gutane alt dei har ønskt seg av lesinga – inntil antiklimaks kjem brått og nådelaust med den fromme mannen. Historia endar i ei hytte i skogen, der Black Feet sit under føtene til misjonæren og tar imot den rette læra.
{mospagebreak}Men like viktig som Vårblomst-historiene i all deira parodiske komikk er måten gutane kommenterer dei på. Teksta vekslar stadig mellom å referere forteljingane i bladet og å gi att replikkar frå gutane. Dei er lenge avventande om enn undrande til historiene. Undringa ser vi mellom anna når dei samanliknar fiksjonen med den røynda dei sjølve kjenner frå bygda. Kvifor kan ikkje Pera-ungane nedmed sjøen få seg nye skor på same vis som lille Mally i Vårblomst-historia? Kanskje fordi dei stel spekesild og båtspikar, meiner Pål. Og han Gunnar føyer til: «Og Jesus er no vel ikkje nett nokon skomakar for allslags folk og pargas heller, [...]» (41). Verda er kanskje ikkje heilt så enkel som Vårblomsten vil ha det til.
Forteljinga om Ole vekkjer ikkje så mykje undring som udelt motvilje mot den fromme mannen og sympati for den uskikkelege Ole. Men Ole er fælt dum som ikkje kan halde seg unna fromme menn, og ikkje minst eplehagane deira. «[...] det var ikkje komande i ein slik hage som det krak med fromme folk i, det var eit bøle ein aldri burde nærma seg» (44).
Etter vonbrotet med Black Feet mistar dei interessa for Vårblomsten. «Eg tykkjer helst det kunne vera lesnad for han Lamma-Lars dette her, eg,» seier Pål (51). Så langt frå at Vårblomsten styrkjer kristeleg sinnelag, anger og botferdigheit hos gutane, aukar bladet motviljen deira mot pietistisk forkynning.
Sett under eitt syner kapitla «Då ho bestemor fall ifrå», «Striden om himmeriket» og «Vårblomsten» korleis gutane svarar på små og større kristelege forteljingar ut frå ein forståingshorisont som i nokon monn er prega av miljø og livsform. I kapitla om bestemor er forteljingane rudimentære. Dei talande veit at tilhørarane vil fylle ut dei manglande detaljane i eit lengre forløp der sjela fer til Himmerike og blir tatt imot av Vårherre, eller tvert imot blir dømt til evig straff fordi ruelsen og fornyelsen manglar. Både presten og Lamma-Lars kan spele på ei referanseramme som er sams for alle i bygda. Forteljingane blir forstått, men ikkje alltid godtatt; dei skal passast inn i ein aktuell situasjon. Arsenalet av historier i bygdemedvitet må tolkast og lempast til når det skal brukast, og her kjem Lamma-Lars og dei vakte på kant med anna bygdefolk i synet på kva for historie som høver da bestemor er død.
Gutane er her på linje med familien og folk i grenda, men dei reagerer klarare og skarpare mot Lamma-Lars enn det dei vaksne gjer. Større skilnad ser vi i synet på Vårblomsten. Læraren og foreldra er fullt samde om at dette er eit sunt og oppbyggeleg blad, og mor til Pål blir «eitrande sinna» (53) da ho får vite at ungane har somla bort ein bunke av blada i sauestallen.
Dei vaksne ser ikkje, eller vil ikkje sjå, det tvitydige og uærlege i somme av Vårblomst-historiene: Dei lokkar borna til seg med bilde av eplehage og skøytetur og med skildring av indianarliv i strid med bøflar og bjørnar, men alt dette blir fornekta i den oppbyggelege slutten på historiene. Det lystvekkjande er syndig, for personane, men dermed også for lesarane. Historiene om Ole og om Black Feet er komponerte etter velkjent trefase-oppskrift: heimefase – ulydig og opprørsk bortefase – audmjuk heimvendingsfase. Men som så ofte i slike forteljingar ligg all fascinasjonskrafta i den turbulente midtfasen, og den harmoniserande slutten blir for barnelesarane lett bare eit rituelt bukk for konvensjonane, utan sterkare engasjement.
Dei fire gutane i Kvitebjørnen bukkar ikkje for desse konvensjonane; i synet på Vårblomst-historiene skil dei lag med vurderingsnormer i miljøet. Det gjer dei også i nokon monn i si interesse for folkeeventyra. Eventyrlege historier
Mor til Pål likar ikkje at ungane støtt og stadig heng over eventyrboka, mens salmeboka og «Åndelige hviletimer» ligg i fred i hylla. Men det kjem aldri til noko forbod, korkje mot boka eller mot den leiken som etter kvart spring ut av eventyrlesinga. Og boka er «ei gammal og sliten grålefse» frå boksamlinga (55); ho har altså vore flittig brukt i bygda.
Folkeeventyra stimulerer fantasien og eigenaktiviteten hos barna på ein heilt annan måte enn Vårblomst-historiene. Gutane «tok [...] snart til å vera både oskeladdar og kongar og troll sjølve» (57). I løa spelar dei eit eventyr om kongsdottera som er bergtatt av eit troll og vakta av ein linnorm, og Pål er Oskeladden som set henne fri. Handlingsgangen så vel som dei fleste detaljane svarar til velkjente eventyrelement, men utvalet og samansetjinga blir til under leiken, og tar preg av kva for rekvisittar som kan passast inn i spelet: Ein rivetind blir eitertanna til linnormen, ein sopelime høver bra som kjerring med nasen fast i ein sprekk, og katta gjer teneste som kongsdotter. Oskeladden går langt og lenge over svære heiar rundt i kornrommet, og i konfrontasjonen med linnorm og troll vinn han ved hjelp av dei kaldslege trollorda pink, pank, pynk!
Det største eventyret faldar seg ut i jula. Gutane har bygd seg eit snøhus med form som ein bjørn, ein staseleg kvitebjørn med hovud og hals og rygg og rumpe, med store svarte auge og kjeften på vidt gap. Inne i buken på bjørnen har dei innreidd og møblert som i ei stove, og her sit dei første juledag med eple og nøtter og ein drope juleøl, mens månen lyser gjennom snøveggen med ein bleik ljoske.
Så er det dei får kjensla av at bjørnen tar til å lee på seg, og dermed er eventyret i gang. Kvitebjørnen tassar opp etter liene, og labbar i veg gjennom snøen som ligg mange famnar djup. Han fer lenger og lenger nord, og farten aukar, for han vil gjere ei ferd heilt opp til nordpolshavet og nordpolslanda. Det er Pål som fortel, mens dei andre kjem med spørsmål, men alle lever sterkt med i soga. Dei kjenner rørslene bjørnen gjer til lands og til havs, og dei ser for seg det fæle, ville polarlandskapet som Pål målar ut.
På vegen nordover kjem bjørnen til ei koparborg, ei sølvborg og ei gullborg. Han slår tre, seks og ni hovud av trolla som bur der, og kongsdøtrene som har vore fangar, blir sette fri. Meir og meir blir dette ei kollektiv forteljing; Pål blir avbroten av dei tre andre, som fell inn etter tur med kvar sine tilskott til handlingsgangen.
{mospagebreak}Dei tre er enda sterkare rivne med av eventyret; dei fortel i presens. Pål bruker preteritum, kanskje fordi han har eit sikrare grep på fiksjonen enn dei andre. Flemming Mouritsen har observert korleis barn bruker preteritum også i forteljingar om noko nåtidig, og han ser preteritum som markør for fiksjon: «Dens tid, fortællingens tid er: “dengang”, [...]». «Fortidsformen kan betragtes som en konjunktiv, dvs. den markerer, at der er tale om noget forestillet, noget irrealt» (Mouritsen 1996:95 og 102). Pål er både utanfor og inne i historia, medan dei tre andre er heilt sogne inn i fiksjonen.
Ferda held fram til Nordpolen, der Nordavinden bur. Dei konkrete detaljane blir fleire og fridomen større i høve til eventyrkonvensjonane. På Nordpolen «var det så kaldt at det hekk store isjøklar på alt du tok i, og spyttet fraus til is før det kom ned på marka» (69). På heimtur sørover kjem kvitebjørnen til ein staseleg kongsgard. Her blandar eventyrfigurane seg med personar som gutane kjenner frå si eiga verd. Lamma-Lars har vore innom og blitt sett kraftig på plass av kongen, mens pres-ten er blitt godt mottatt med gjestebod og gilde gåver. Lensmannen har først vore for høg i hatten slik han er van med heime i bygda, men etter ein tur i spikartønna er han blitt audmjuk. Og kongen finn ei oppgåve til han: «Han kan stå attmed døra og kvefsa som ei anna bikkje [...]» (72); slik kan han halde fant og fark unna.
Takk vere kvitebjørnen og Nordavinden kjem dei tre kongsdøtrene heim att til kongsgarden. Eventyret sluttar med at også bjørnen er heimkomen i tunet, og gutane kjem seg ut av bjørnen, forfrosne og reint fortumla etter ferda.
Kvitebjørn-soga er den lengste av alle dei innlagde historiene, og ho har gitt namn til både kapitlet og romanen. I dette eventyret finn vi eit høgdepunkt i forteljeglede og fantasi – hos gutane og i romanen.
Men tre kapittel står att, og i det neste, «Bekafanten og den store ormen», møter vi ei ny rekkje historier i historia. Først er det historier om bekafanten. Gutane får vite at denne skremmande karen er på veg mot grenda, og dei tenkjer straks på alt som blir sagt om han i bygda: Han smør seg i andletet med bek for å bli svart nok; han er så sinna så ein kan tru han vil bite og klore. Somme seier han rir på ein tam bjørn; andre meiner han er snak etter folkekjøt. Farleg er han; det kan det ikkje vere tvil om. Men gutane vil sjå han likevel – først på trygg avstand frå sauehusgluggen, men så smyg dei seg inn i kjøkkenet og fram i dørgløtten, og etter kvart må dei inn i stova og heilt bortmed bordet der bekafanten sit. «[...] at han var så farleg var nok ikkje fritt det lokka og drog, [...]» (83).
Mindre lokkande blir han ikkje når han tar til å fortelje. Først kjem han med eit par stutte soger – om eit uver som bles ned tre kyrkjetårn, og om nokre farkar som slo i hel og røva ein baron. Så følgjer ei litt lengre forteljing om nokre røvarar som låg i bakhald for å røve ein prins, men bekafanten slumpa til å komme i rette tid og berge prinsen.
Den lengste og mest spennande historia kjem til slutt, også her som høgdepunktet i ein stigande serie. Det er historia om den enorme klapperslangen som ein fark har sleppt laus frå buret i dyrehagen i Stockholm. Folk i byen er frå seg av redsle. Alle er i livsfare; slangen «kunne skyta fram som eit lyn og drepa dei første han råka, for ein fullvaksen klapperslange rann så fort at han kunne kappast med ein hest.» (92) Byen blir liggjande folketom, inntil bekafanten kjem med det einaste botemidlet som duger: Han blandar «den tidoble gifta» av alle dei pulver og dropar som finst på apoteket, smør inn ein jarnpigg med gifta, leitar opp ormen og stikk han med piggen, og straks ligg ormen stokkdaud.
Slangehistoria kjem som svar på eit spørsmål frå gutane «om der var mykje med negerslavar i Sverje, og løver og tigrar og klapperslangar, [...]» (88). Ellers er dei tagale, men lydhøre tilhørarar. Etterpå «var [det] som dei såg hovud og halar av klapperslangar borti alle fjøssvalene og under stabburet» (98), men bekafanten er dei ikkje lenger redde for. Han «var i grunnen ein bra fant» (99).
Gutane er ikkje meddiktarar til bekafant-sogene, men dei ser ut til å vere like sterkt rivne med av desse historiene som av folkeeventyra. Etter tre kapittel der Lamma-Lars og hans likesinna er på offensiven med sine fromme forteljingar, får vi altså tre kapittel med eventyrlege
Omslagsillustrasjon ved Otto Valstad.
forteljingar som barna godtar heilhjarta. På tvers av ein del skilnader i sjanger har bekafant-sogene og folkeeventyra felles eigenskapar som gir dei appell til gutane.
Alle desse historiene har aktive, sterke og tapre heltar som bruker styrken sin til å kjempe mot maktmisbruk og undertrykking og til å hjelpe dei veike. Vårblomst-historiene derimot endar med at hovudpersonen bøyer seg audmjukt for ein autoritet. Desse historiene sluttar i fysisk stillstand og passivitet, og viljen til hovudpersonane er underlagd krefter som dei ikkje rår med.2 Heltane i dei eventyrlege forteljingane derimot er i sterk rørsle. Dei drar ut i den vide verda, i ukjente landskap der store utfordringar ventar. Særleg kvitebjørn-eventyret opnar eit vidt rom for fysisk og psykisk utfalding, og for kjensla av fridom.3
Kvar av desse forteljingane, så vel som sjangrane dei hører til, presenterer tolkande bilde av verda, livet og menneska. Dei rissar opp utkast til handlemåtar og reaksjonsformer, iblant utkast til heile livsløp i store drag, i somme tilfelle også utopiar eller visjonar som rekk ut over grensene for jordelivet.
Grensene mellom fantasi og røyndomsnær realisme er utviska og ikkje spesielt viktige, men det ukjente og eksotiske vekkjer større interesse enn det velkjente. Historia om vesle Ole ligg tett opp til ein kvardag gutane kjenner frå sitt eige liv, men får ingen modellfunksjon for dei. Soga om Black Feet opnar for langt sterkare identifikasjon, inntil omslaget kjem. Heltane i folkeeventyra og bekafant-sogene identifiserer barna seg med utan atterhald og utan å bli vonbrotne, og i desse forteljingane finn dei også modellar for sitt eige liv. Direkte imitasjon ser vi i eventyr-spelet på låven. Meir indirekte samanheng mellom fiksjon og aktiv utfalding i røynda anar vi i dei to siste kapitla i romanen.
{mospagebreak}2 Astrid Ramsfjell (1989 og 1993) har peika på dei indre motsetningane i mange kristelege, didaktiske forteljingar, som på den eine side føreset fri vilje hos mennesket, men på den andre side syner at «den gjengjeldende skjebne er den sterkeste livslov» (Ramsfjell 1993:71). 3 Jf. Bache-Wiig 1996:48: «Kvitebjørnen peker hele veien [...] på noe som ligger bortenfor normen, på et frihetens rike som åpner seg når all normalorden settes ut av kraft i omsnudde verdener, fantaserte og virkelige.» Det farlege
«På Svartetjørna» fortel om ei ulovleg utferd med skøyter til den islagde tjørna. Vi kan hugse korleis det gjekk med vesle Ole da han ville prøve skøytene i staden for å gå på søndagsskolen. Gutane snik seg av garde i staden for å bli med dei vaksne og høre den svære Nilsen, ein predikant frå byen. Tidlegare har foreldra forbode ungane å gå til Svartetjørna, og dei grunngir forbodet med to åtvarande skrekkhistorier: På denne tjørna skal det finnast ein flekk med veik is, og under der er det eit botnlaust myrhol. Dei ventar at gutane vil søkje seg nett til denne plassen, slik han Leiv nedpå Bøane trødde nett på ein dynamitt-knall som dei vaksne hadde mista. Gutane blæs av åtvaringane og skjønar ikkje kva dynamitt-historia har med Svartetjørna og isen å gjere.
Men historia om det botnlause holet gløymer dei ikkje så snøgt. Sjølvsagt må ungane undersøkje om det finst ein slik flekk med roten is, og da dei finn han, må sjølvsagt ein av dei trø utpå med båe føtene så han går gjennom. Men dei andre drar han opp att så snøgt at han ikkje eingong blir våt, og etterpå går dei laus på skarvehola og slår resten av isen i hundre stykke.
Myrhola med tunn is over er falsk og svikefull og fortener straff; ho er ein motstandar med menneskelege drag. Det same er den store isfossen i sluttkapitlet. Gutane ser først denne fossen som «ein overhendig stor kar i prestekjole» (113), og seinare er han omtalt som «iskallen» og «tverrkroken som aldri kunne gje seg» (115). Liksom turen til Svartetjørna går kampen mot isfossen føre seg utan at dei vaksne veit om det, og gutane vågar seg ut i noko som lett kunne gå på livet laus: Dei går til åtak på fossen med økser og handspake, og blir så ivrige at dei gløymer å vere varsame. Kampen er skildra i ein stigande tretrinnsserie, som i eventyr der Oskeladden kjempar med tre troll. Første teikn på at fossen snart må gje seg, er «ein underleg dun» (116); snart etter kjem ein ny og hardare smell, og til slutt går «ein støyt gjennom heile den svære iskroppen» (116). For kvar gong spring ungane snøgt attende før dei igjen vågar eit nytt og dristigare åtak. Men tredje gongen sig heile fossen saman i «eit himmels ras med isstykke ut over stupet» (116). Gutane kjenner seg mykje til karar da dei ser kva slag «storverk og vågespel» dei har gjort; «dei hadde hjelpt våren til å vinna over vinteren i eit stort knipetak» (117).
Felles for dei ulovlege utferdene til Svartetjørna og til isfossen er at gutane søkjer opp farlege stader og farlege opplevingar. Dei leitar opp situasjonar der dei kan vise fysisk styrke, vågemot og snarrådig gløggskap i konfrontasjonen med ein motstandar med stor og øydeleggjande makt.
I kampen med myrhola og isfossen slåss dei mot ein ytre motstandar som vil trekkje dei ned i undergangen. Fienden er konkret og synleg, liksom trolla i folkeeventyra og klapperslangen i bekafant-historia. I Vårblomst-forteljingane derimot må personane kjempe mot ein indre, usynleg motstandar. Freistinga til lyst og spenning er syndig, og sjølvdisiplin er idealet.
Heltehistoriene i folkeeventyra og bekafant-historiene har ei heilt anna dragande kraft for gutane. Idealismen i dei heroiske handlingsmønstra er neppe det viktigaste; gutane har ei svært vag forståing av kvifor trolla skal drepast og jomfruene setjast fri. Kolbein undrar seg over kva slag folk dei er, dei jomfruene som er alle stader. «Å dei, sa han Pål, jau det var eit slag fine jenter som dei hadde til å sitja i berg og bli tekne av troll, meir visste ikkje han heller» (69). Dei gjer seg ingen tilsvarande tankar om trolla, men ein kan på same vis tenkje seg at trolla er eit slag fæle skapnader som finst for at Oskeladden eller kvitebjørnen skal kunne hogge hovuda av dei. Utfordringa, kampen og sigeren er målet, i eventyra, bekafant-historiene og i episodane med myrhola og isfossen. Når Oskeladden, bekafanten og gutane vinn over ei overmakt, viser dei at dei meistrar røynda og livet. Forteljekompetanse og meistring
I dei seinare år har ei rekkje forskarar, blant dei Margaret Meek (jf. sitatet ovanfor) og Jerome Bruner, kommentert den plassen forteljinga har i barns utvikling. Jerome Bruner understrekar korleis det vesle barnet tileignar seg språk og forteljekompetanse samstundes, som to sider av same sak. Eitt- og toåringar tar i bruk ordforråd og syntaks, og ved å fortelje – for seg sjølve og for andre – finn dei ut av dei logiske komponentane i språket: Rekkjefølgje i tid, årsakssamanhengar og intensjonar, skilnaden på vanleg og uvanleg, det normrette og det normavvikande. Barnet etablerer meining i sitt eige daglegliv ved å fortelje om det. Ikkje minst det uvanlege gir opphav til forteljingar; ved å fortelje om det prøver barnet å forstå det, og iblant å rettferdiggjere det. (Sjå elles omtalen av Bruner i kapittel 1.) Dei verbale forteljingane har nær samanheng med ei praktisk røynd der barnet er i aktiv handling, og dei har nær samanheng med forteljings- og tolkingstradisjonar i kulturen:
[...] samtidig som vi har ein «medfødd» og primitiv predisposisjon for narrativ organisering, som gjer det mogleg for oss å forstå ho og bruke ho raskt og lett, utstyrer kulturen oss med nye narrative evner gjennom si verktøykasse og gjennom sine tradisjonar for å fortelje og tolke, tradisjonar som vi snart skal komme til å ta del i. (Bruner 1995:80, mi omsetjing)
Løland skriv om større barn, som har nådd eit høgare stadium både i å bruke språket og i å forstå omverda. Men også for desse barna er aktiv meistring eit sentralt livsmål, og noko dei søkjer både i praktisk handling og gjennom mental forståing. Forteljingar hjelper dei i denne meistringsprosessen, både forteljingar dei hører eller les og forteljingar dei sjølve diktar opp. Kulturen og miljøet har eit allsidig tilbod av forteljingar, frå dei bittesmå forteljingane om kvardagsfenomen til dei store grunnforteljingane om liv og død, jord og himmel. Gutane vel og vrakar i dette repertoaret av historier, og tar i bruk dei som kan vere til nytte og glede for dei i identitetsutvikling og livsorientering.
I det fiksjonsuniverset Kvitebjørnen rissar opp, står Lamma-Lars og bekafanten på kvar sin ytterkant, mens andre vaksne personar hører inn i ein jamn kvardag. Lamma-Lars og bekafanten kjem og fer bort igjen; dei skapar spenning og iblant konflikt der dei kjem, og ikkje minst er dei opphavet til historier. Snart fortel dei historier; snart blir det fortalt historier om dei. Bekafanten er ein einstøing og outsiderfigur av eit slag som Løland hadde sans for. Lamma-Lars og folkeeventyra er i større grad representative for kulturkamp i den historiske røynda i Bygde-Noreg i Lølands samtid. Lamma-Lars og Vårblomst-historiene er i slekt med indremisjon og vekkingsrørsler, mens folkeeventyra hører saman med andre og motstridande straumdrag i same periode: Dette er tida da folkehøgskolen og den frilyndte ungdomsrørsla voks fram.
Rasmus Løland og dei fire gutane i Kvitebjørnen tar klart parti i kulturkampen i samtida. Lamma-Lars og Vårblomsten blir latterleggjorde, mens eventyra og den nedervde folkelege tradisjonen som har bore dei fram, blir teikna i positivt lys.4
Ei av dei store grunnforteljingane i vår kultur kan lesast ut av folkeeventyra,5 ei forteljing om den vide verda som er full av under og full av utfordring, ei forteljing om å vere i rørsle og aktivitet, om å søkje åpen konfrontasjon med det vonde i tilværet, i kamp og siger, ei forteljing om å lite på eigne krefter og eigen vilje, ei forteljing om fridom.6
Denne grunnforteljinga finst ikkje i ei fastfrosen og kanonisert form, slik som Lamma-Lars-forteljinga om ruelsen og fornyelsen. Ho blir til på nytt og på nytt, og i Kvitebjørnen vev ho seg inn snart i nydikta soger, snart i leik, snart i spennande og farefylte situasjonar gutane opplever i utmarka. Forteljing, liv og vokster er eitt.
Sitert tekst av Rasmus Løland
1993 [1906]: Kvitebjørnen. Oslo: Samlaget.
* Første gong publisert i Liv Bliksrud og Vigdis Ystad (1997), side 185– 199, utgitt av Samlaget, Oslo.
4 Fleire av medarbeidarane i den store artikkelsamlinga Forældre og børn, utgitt av Aksel Arstal i 1902, framhevar kor viktige forteljingar, og især folkeeventyr, er for barns utvikling. 5 Astrid Ramsfjell (1993) skriv om nokre av grunnforteljingane i vår kultur, og mellom dei undereventyret. 6 At det finst også mørke variantar av denne grunnforteljinga, med vekt på ekspansjon, erobring og undertrykking, viser Tormod Haugen i Slottet det Hvite (1980) (jf. omtalen i kapittel 14). Som forfattar er Tormod Haugen på fleire måtar i slekt med Rasmus Løland, men det kulturkritiske siktet er ikkje det same i dei to eventyr-inspirerte romanane.
|
|
Sist oppdatert måndag 22. september 2008 08:05 |
|