Barndomstjerna Løland PDF Skriv ut E-post
Skrive av judith   
måndag 09. juni 2008 04:18

Jon Bleie skriv levande om sitt første møte med Rasmus Løland i boka Barndomstjerner frå 1976.

Ein sumardag stod eg attmed bokhandlardisken i Odda. "Ei forteljing for ein ti-års gamal gut? Jau!" sa Ola Hagen, gjekk bort til hylla og kom attende med ei ven, liti bok. Så vende han seg til den vaksne som fylgde meg, heldt boki opp, peika på pernem og ropa så det ljoma: "Der står Rasmus Løland". Eg som liten var, hadde aldri høyrt det namnet før, men skjøna meiningi: Rasmus Løland hadde skrivi bok, og det måtte vera godt vitnemål. Utanpå var bilete av fire smågutar som siglde på ein torvholme uti ei tjørn. Og i ryggen stod med gylte bokstavar: Det store nashorne, skriv han.

Og han vert glad i historiene om dei fire gutane. Vidare skriv han:

Det var forteljingar om fire gutar, Pål og Kolbein, Gunnar og Andres. Ein gong gjekk dei opp lii heilt til fjells og hadde det så gildt til dei møtte eit skræmeleg nashorn på vegen - og så var det berre ein stein. Ein annan gong var dei på fisketur, og då hadde det nær gått gale, for dei trudde dei møtte sjøormen. Men gildast var det heime på garden. Dei bygde hus og hadde hamt noko å moroa seg med eller snakka om. Og dei oppdaga så mangt heime og i skogen til å undra seg over. Dei plukka bær oppi urdene og gjekk i nateskog. Ein gong greidde dei endåtil å berga ein ver. (...) Det var gildt å verta kjend med desse fire Løland - gitane, her var alt ekte og levande. Dei opplevde vanlege kvardagshendigar slik at det vart både spanande og forvitneleg å lesa om dei, og attåt så morosamt, at ein tidt fekk le.

Share/Save/Bookmark
Sist oppdatert måndag 04. august 2008 05:35